Bli traineebedrift 2020/2021

Vestland har eit stort mangfald av karrieremoglegheiter, men få er klar over kva som finst her. Sidan 2004 har Sogn og Fjordane jobba målretta med å synleggjere verksemder og rekruttere arbeidskraft gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram. Over 230 traineear har vore med i programmet, og mange av dei får fast jobb og blir i fylket.

Dei beste kandidatane

Gjennom traineeordninga får bedrifta di tilført ny kompetanse på bachelor- eller masternivå innan ønska fagområde. Vi marknadsfører traineestillingane breitt over heile landet for å sikre deg dei beste kandidatane i søkarbunken. Tidlegare traineebedrifter seier at traineane gav dei friske tankar og omsetningsauke , i kullet 2017/2018 vart 24/27 trainear verande i Sogn og Fjordane og i 2018 fekk vi 650 søkarar til 33 stillingar. Ordninga tiltrekker seg kandidatar med høg kompetanse, gir god integrering og auka tilflytting til fylket, og vi er stolte over resultata som vi saman skapar.

Ønskjer di verksemd å ha trainee i 2020/2021?

Kontakt:
Dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland – epost: linda@framtidsfylket.no  eller ring 990 17 852 for meir info.
Dagleg leiar i Odda Næringshage, Heidi Ryste Torkildsen – epost: heidi@nhodda.no eller ring 419 09 949 for meir info.

Om traineeordninga

Framtidsfylket Trainee og Trainee Indre Hordaland har i år inngått eit samarbeid om Trainee Vestland. Eit viktig verkemiddel for å synleggjere distriktsvestland som ein spennande stad å jobbe og bu. Å vere traineebedrift gjer bedrifta ettertrakta blant nyutdanna jobbsøkjarar. Ei traineebedrift tilbyr unge arbeidstakarar ei «krydra», spesialsydd stilling og deltaking i eit større nettverk med likesinna frå andre verksemder. Det gir eit fortrinn i kampen om dei beste kandidatane.

Kva inneber det å vere traineebedrift?

I korte trekk: Bedrifta tilbyr eitt års tilsetjing for nyutdanna med bachelor- eller masterutdanning innan ønska fagområde. Det er som regel stor variasjon i fagkompetanse og utdanningsbakgrunn blant traineeane. Traineeprogrammet går over eitt år, frå august til august. Tilsettingstidspunkt er som regel august same år, men det kan variere noko. Intensjonen er å tilby traineeane fast tilsetjing etter avslutta traineeperiode, men dette er valfritt.

Vilkåra for å bli trainee:

  • maks tre års arbeidserfaring
  • bachelor- eller masterutdanning
  • beherske norsk munnleg og skriftleg

 

 

Denne nettstaden brukar informasjonskapslar. Ved å fortsette å bruke nettstaden seier du deg einig i vår bruk av informasjonskapslar.