traineear Ullensvang

Sunniva Haustveit (23), Namrata Deep Singh (28), Solveig Borge (26) og Aleksander Høyland (27) er Ullensvang kommune sine nye traineear.

Nyheiter

Frå to til fire traineear i Ullensvang

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Photoevent

Då Ullensvang kommune møtte kandidatane til årets traineestillingar, endte dei opp med å doble talet traineear dei skulle tilsette. Det var rett og slett så mange gode søkarar.

– Då vi såg kvaliteten på søkarane, tok vi ei avgjersle på at desse må vi ikkje la gå ifrå oss. Her har vi flinke folk som ønsker å bu og jobbe i bygda vår, og då må vi rett og slett berre tilsette fleire. Den sjansen må vi ta!

Det seier Eivind Gregersen, kommunalsjef HR i Ullensvang kommune. Det var han som tok avgjersla om å ta del i Framtidsfylket sitt traineeprogram for nokre år sidan. I fjor tilsette dei to traineear som begge framleis er i kommunen. Han er sikker på at dei ikkje kjem til å angre på satsinga.

– I eit langsiktig løp kjem vi til å ha mykje igjen for det.

Fram til 1. november tek vi inn traineebedrifter for 2024/25. Les meir her.

Såg dystert framtidsbilete

Bakteppet for å bli med i traineeordninga var ein utfordrande rekrutteringssituasjon i kommunen: Korleis sikrar vi at vi får tak i nye, unge medarbeidarar samstundes som stadig fleire av våre eksisterande tilsette snart skal gå av med pensjon?

– Då vi såg på framtidsbiletet såg vi at rekneskapen på personalsida ikkje gjekk opp. Det kjem til å vere fleire som skal gå av samanlikna med det vi greier å tilsette av nye. Då tenkte vi at å delta i traineeprogrammet kan vere eitt av tiltaka i ein strategi for å tiltrekke oss rett kompetanse.

Dei såg på ordninga til Framtidsfylket, som går over eitt år der traineeane deltek på eit samlingsbasert utviklingsprogram kombinert med jobb, som ei god løysing både for arbeidsgivar og den nytilsette.

– Traineeane får ein mjuk overgang til arbeidslivet, og vi får inn nye og motiverte medarbeidarar.

Får inn ettertrakta kompetanse og iver

Og det har vist seg å lukkast i praksis. Kommunen er særs nøgde med dei nye tilsette dei har fått gjennom ordninga.

– Traineeane kjem inn med ein frisk pust og det er kvalitet i det dei leverer. Dette er dedikerte medarbeidarar som er motiverte for å yte, opptekne av å utvikle seg og ønsker å gje noko tilbake til kommunen, seier Gregersen.

Årets traineear jobbar innanfor HR og byggesakshandsaming. Gregersen påpeikar at i ein kommune er det veldig mange ulike oppgåver som skal utførast, og gode moglegheiter for å skape sin eigen arbeidskvardag.

– Vi har eigentleg heile spekteret av arbeidsoppgåver. Det er både mogleg å få til ein variert kvardag, eller ein kan fordjupe seg i enkeltfag om ein heller vil det.

Dette er årets traineear i Ullensvang kommune:

Namrata Singh
Aleksander Høyland
  • Namrata Deep Singh, 28 år frå Stavanger. Er utdanna sivilingeniør med bakgrunn i bygg og konstruksjonar, og er trainee som byggesakshandsamar.
  • Aleksander Høyland, 27 år frå Valle i Setesdal. Har ei mastergrad i global utvikling og samfunnsplanlegging, og er trainee som byggesakshandsamar.
  • Solveig Borge, 26 år frå Odda i Ullensvang. Har ein bachelor som barnehagelærar og ein master i pedagogikk med vekt på leiing. Er trainee på HR-avdelinga.
  • Sunniva Haustveit, 23 år frå Ullensvang. Har ein bachelor i HR og personalleiing og er trainee på HR-avdelinga.
Solveig Borge
Sunniva Haustveit

– Eg søkte på stillinga fordi den var relevant for bakgrunnen min og hadde interessante problemstillingar. Eg håpar å skape meg eit nettverk og bli utfordra med varierte og spennande oppgåver, seier Namrata.

– Ullensvang er ein stor kommune der det skjer masse. Eg vil lære mest mogleg! Eg trur at det vert lærerikt, utfordrande og ikkje minst utruleg kjekt, seier Sunniva.

Bli betre kjent med dei her.

Opplevingar utanom jobb vel så viktig

HR-sjefen trur det er mange fordelar med å tilsette fleire traineear på same tid:

– Når dei er fleire om oppgåvene får dei ei tryggheit i kvarandre, og dei har nokon å diskutere med som er med på det same opplegget. Med fleire får vi også laga eit miljø, noko som er særleg viktig for dei som ikkje har tilhøyrsle til kommunen frå før, seier Gregersen.

Han understrekar at dette er nytilflytta medarbeidarar og innbyggjarar som vil vere viktige ressurspersonar også elles i samfunnet.

– Vi vil difor gjerne bidra til at dei får skape seg ein viss arena også etter jobb. Vi må hugse at det er ikkje alltid like lett å kome inn i samfunnet på ein heilt ny plass, så det må vi forsøke å bidra til så godt vi klarer.

Les også: Anine hadde aldri vore i Odda før – takka ja til fast jobb halvvegs i traineeåret.

– Traineeane kjem inn med ein frisk pust og det er kvalitet i det dei leverer.

Eivind gregersen Ullensvang

Eivind Gregersen, kommunalsjef HR. (Fotograf Øygarden)

Tidleg avklaring

Når ein har klart å tilsette nye medarbeidarar, kjem utfordring nummer to: Korleis jobbe for å behalde dei?

I Ullensvang kommune har dei for det første fastsett at traineeane allereie etter seks månadar skal få ei avklaring på om dei får fast tilsetting.

– Det gir traineeane ei tryggheit, slik at dei ikkje må gå heilt mot slutten av året og lure på kvar dette går hen. I tillegg handlar det om å gi traineeane oppgåver dei kan trivast med og gjere det mogleg for dei å utvikle seg – ikkje berre i traineeåret, men også vidare i arbeidslivet, seier Gregersen.

Anbefaler ordninga

Han trur at mange bedrifter og kommunar er i same situasjon som dei når det kjem til rekruttering, og slår eit slag for at trainee kan vere ein del av løysinga:

– Eg vil heilt klart anbefale det til andre bedrifter og kommunar. Vi må alle vere litt meir opptekne av å tenke langsiktig med rekruttering. Viss ein har rekrutteringsutfordringar er i alle fall éin ting heilt sikkert, og det er at situasjonen vert ikkje betre viss vi ikkje gjer noko. Då er eg redd for at vi kjem fem år seinare og spør oss sjølve om kvifor vi ikkje har nok folk.

– Ein må tørre å prøve og hoppe i det. Du får ikkje noko betre tid seinare, er rådet frå den erfarne HR-leiaren.

Eg vil vite meir om å tilsette trainee

Fleire saker