linda hovland loves her job

Arbeidsliv

Vi må hugse å fri til tilflyttaren, ikkje berre heimflyttaren

Om du som arbeidsgjevar fyrst og fremst ynskjer at folk skal kome heim, er ikkje det eigentleg diskriminering?

Vi som jobbar med rekruttering i Distrikts-Vestland høyrer ofte at arbeidsgjevarar og lokalsamfunn ønsker seg folk heim att. Det er vel og bra, men er det eigentleg så smart å seie at vi berre ønsker folk heim? Konsekvensen kan vere at vi skubbar frå oss folk som er nysgjerrige på jobbane og livet her. Sjølvsagt er alle velkomne, men er vi like flinke til å aktivt invitere dei som ikkje allereie har ei tilknyting?

Vi bør derfor vere minst like flinke å invitere til.

Psykolog og influensar Johanne Refseth (@psykolog.med.sovepose på instagram) la nyleg ut innlegget «Lokk oss ut på landet – Hei, bygda, hvorfor vil du ikke ha meg?» der ho uttalar mellom anna at «Beklager Distrikts-Norge: Sosiale medier-kontoene deres suger kamelballe».

Ho kunne godt tenke seg å flytte til distriktet, men opplever ikkje at marknadsføringa av bygde-Norge når fram til henne. Poenget hennar er at marknadsføringa av distriktet må bli betre til dei som ikkje allereie er derifrå.

Vi er mange som jobbar med marknadsføring av distriktet, men Refseth har eit poeng. Viss ikkje vi er synlege for dei som ønsker å flytte hit, vil dei heller ikkje kome.

Talet er 9

Veit du talet på potensielle heimflyttarar til din kommune? Ei undersøking frå 2022 anslår at berre 1 av 3 ungdomar som flyttar ut for å ta høgare utdanning kvart år, vil flytte tilbake til heimstaden sin etter studiar. Viss vi tek Gulen kommune til dømes: Dei neste 15 åra vil Gulen i snitt ha litt under 30 ungdommar kvart år som reiser ut frå kommunen etter vidaregåande skule. I følge statistikken betyr det at kvart år vil i snitt 9 kome tilbake. Er vi nøgde med det talet? Er det nok til å dekke kompetansebehovet i Gulen dei komande åra?

Kva blir talet for din kommune, og kva betyr det for deg som arbeidsgjevar?

Mest sannsynleg betyr det at du må jobbe annleis med rekruttering.

Så, korleis får vi slike som Johanne Refseth til å velje Gulen, Kalvåg eller Naustdal framfor Grünerløkka, Asker og Drammen?

Du bør ha rekkeviddeangst

Det er krevjande å nå fram i dagens talentmarknad. Mange aktørar konkurrerer om dei same folka og å vere synleg. Med andre ord: vi bør ha rekkeviddeangst.

På kva måte kan vi påverke dette slik at folk ser oss – slik vi eigentleg er?

Rekrutterings- og bemanningsbyrået Randstad kan gje oss nokre harde fakta om rekruttering til bedrifter:

  • Eit selskap med eit godt omdøme kan tilsette éin til to gonger raskare enn andre.
  • 50 % av alle jobbsøkarar vil ikkje arbeide for eit selskap med dårleg rykte, sjølv med høgare løn.
  • 52% av alle jobbsøkarar sjekkar selskapet si nettside og sosiale medium først.
  • Grunn nummer éin til å ikkje søke på ein jobb er at ein ikkje finn ut korleis det er å jobbe der.

Det aller viktigaste du som arbeidsgjevar kan gjere er:

Jobb internt med å skape den arbeidsplassen tilsette drøymer om.

Vis det fram til omverda.

Så enkelt. Og så vanskeleg.

"Du bør ha rekkeviddeangst."

Linda hovland

Korleis få tak i folk?

Korleis vi blir oppfatta er altså avgjerande for om vi får tak i folk. Alle har ei formeining om oss, både dei som allereie er her, og dei som kanskje skal flytte til. Kva får dei til å bli eller kome?

Vår merkevare og vårt verdiforslag er der i alle møter med verda rundt oss – på godt og vondt. For den enkelte bedrift betyr det at alle tilsette påverkar verdien av merkevara di kvar einaste dag. For distriktet generelt betyr det at vi som bur her påverkar distriktet si merkevare kvar dag.

Om vi er gode ambassadørar for bedrifta vi jobbar i og plassen vi bur på, eller heller tvert om, har ei enorm betyding.

Dermed kan ikkje dette seiast nok: Tenk rekruttering i alt de gjer.

Saman når vi lenger

Å få folk til å velje å busette seg i distriktet er ikkje ein jobb den enkelte bedrift eller kommune kan gjere aleine. Når folk som Johanne peikar så direkte på eit behov og fortel oss akkurat kva ho ønsker seg, må vi alle nytte sjansen til å lytte og la oss inspirere.

Éin ting er arbeidsplassane. For Johanne, som bur i Oslo og ønsker seg ut i distriktet, handlar det vel så mykje om livet rundt. Korleis er det å leve i denne bygda? Er det lett å finne ein plass å bu, og får ein barnehageplass? Kva skjer på fritida? Finst det eit fotballag som ungane kan spele på, og kor langt er det til næraste flyplass?

Dette må vi få fram!

Vi er mange som må gjere jobben for å treffe dei ulike folka som kan tenke seg å flytte hit. Derfor håpar eg de ikkje ser på det som eit nederlag om det er nabobedrifta som vinn kandidaten. Sjå på det som ein seier. For då har Distrikts-Vestland vunne ein ny ambassadør som kan spre ordet om det gode livet i distriktet.

Vi må fortsette å vise fram eit variert og framtidsretta arbeidsliv, eit rikt kulturliv, vilt friluftsliv og digg kaféliv – for det har vi. Det er det vi kallar Vestlandsliv.

Vi i Framtidsfylket er klare for å gjere vårt.

Og du: Snakk om Vestlandslivet ditt, då!

Linda Hovland
Dagleg leiar i Framtidsfylket Vestland

Vil du ha hjelp til rekruttering?

Fleire saker