Det er fleire gode grunnar til at du skal flagge ledig stilling om sommaren.
Tal frå bemanningsbransjen og finn.no viser at hausten er ei tid mange er i modus for å bytte jobb. Sommarferien er eit godt tidspunkt for å gjere opp status, og fleire startar prosessen med å sjå seg etter noko nytt. Om du har planar om å tilsette, kan det derfor vere lurt å publisere stillingsannonsen i løpet av sommaren.
Det som er heilt unikt med å publisere ledig stilling på framtidsfylket.no, er konteksten du gjer det i. Alle som besøker nettsida, eller dei andre kanalane våre, er interesserte i ein jobb i Vestland, og helst i Sogn og Fjordane eller Hardanger. Gjennom mange år har vi opparbeida oss ein stor følgarskare som anten leitar aktivt etter jobb i fylket eller er nysgjerrig og open for det. Det betyr at når du publiserer ledig stilling hos oss, så veit du at du når ei relevant målgruppe.
For å vise fram mangfoldet og moglegheitene i arbeidslivet i Vestland, er vi heilt avhengige av at du deler ledige stillingar i jobbportalen vår. Vi skal skape ramma rundt og inspirere gjennom gode historier og innhald i sosiale flater. På den måten kan vi saman tiltrekke oss nye og fleire folk til regionen.