Photoevent
Jobbar du med rekruttering og ønsker meir struktur på prosessen? Då er dette kurset for deg.
Vi inviterer til ein dag der vi går gjennom sjølve rekrutteringsprosessen frå A til Å, med hovudfokus på jobbintervjuet.
Det er lagt opp til ein teoridel før lunsj, og ein valfri workshop etter lunsj. Der vil du få praktisk trening i å gjennomføre eit jobbintervju. Kurset passar for deg som jobbar med tilsetjingar dagleg, og for deg som berre rekrutterer av og til.
Kursinnhald:
Førstegangsintervjuet- «Dengodesamtalen»:
Andregangsintervjuet
Referanseintervjuet og bakgrunnssjekk
Sist med ikkje minst: Gode måtar å ta i mot nye tilsette
Dato
2. juni
Tidspunkt
Kurset varer frå kl 09.00 til kl 12.30.
Prisar
Pris for medlemer i Framtidsfylket kr 1 750,-. / Pris for andre 2 250,-
Valfri workshop:
Praktisk trening i intervjuteknikk (13.30 – 15.00). NB: max 16 deltakarar
Vil du bli betre på å gjennomføre intervju? Då har du moglegheit til å få praktisk trening og tilbakemelding fra fagpersonar.
Gjennomgang i plenum av gjennomføringa av intervjuet
Vi deler i grupper på 3-4 personar
Kostnad
Pris for medlemer i Framtidsfylket kr 950,- / Ikkje medlem kr 1250,-
Dei som deltek på workshopen får lunsj.
Lokasjon
Scandic Sunnfjord Hotel og Spa
Kurshaldar
Elin Hagene har lang fartstid innan rekrutteringsfaget. Dei siste 15 åra har ho arbeidd med rekruttering og tilsettingar mellom anna som fagsjef for rekruttering i Norges tredje største bemanningsbyrå. Ho underviser i rekrutteringsprosessen, bruk av testverkty og har spesialisert seg på kurs i strukturert intervjuteknikk. Elin er DNV-sertifisert rekrutterar og har sertifisering for Human Content og Aon sine verktøy. Ho har ogå ein bachelor i internasjonalisering og marknadsføringsleiing frå BI med organisasjonspsykologi som en del av fagkretsen.
Elin Hagene