Linda i Framtidsfylket

Arbeidsliv

Julehelsing frå Linda i Framtidsfylket

Er 2021 året du innsåg at du må vise dei tilsette at du bryr deg om dei? Kanskje har du visst det lenge, kanskje er det ei sjølvfølge for deg?

Då vil eg gje deg eit stort klapp på skuldra.

Det viser seg nemleg at dei arbeidsgjevarane som investerer tid i trivsel blant dei tilsette, har lettare for å tiltrekke seg og behalde arbeidskraft. Dette ser vi ikkje berre i større, landsomfattande undersøkingar, men også når vi i Framtidsfylket snakkar med vårt nettverk. Dei tilsette ønsker å bety noko på arbeidsplassen, bli sett av leiarane sine og få sjansen til personleg utvikling. Samtidig er gode kollegar og sosiale møteplassar avgjerande for mange. Fleksibilitet er også eit viktig stikkord, og mange rapporterer at dei leverer betre under fridom enn når dei må levere etter klokka. Sist men ikkje minst er samfunnsansvar noko jobbsøkarane er blitt meir opptatt av når dei sjekkar ut bedrifta di. Tar du berekraft på alvor? Er du opptatt av likestilling og mangfald? Dette er ikkje lenger berre fine ord i ein årsrapport, men noko vi må jobbe med dagleg. Heilt på ekte.

I 2021 hadde vi over 90 deltakarar på kurs med tema rekruttering. Det viser at arbeidsgjevarane i Vestland er oppriktig interesserte i å finne ut kva dei må gjere for å tiltrekke seg kompetanse og arbeidskraft. For det er vanskeleg å rekruttere til distrikta. Heldigvis finst det grep du som arbeidsgjevar kan ta for å få fleire søkarar på ledig stilling, og du er hjarteleg velkommen til å samarbeide med oss om det i 2022.

Vi har lagt store planar for neste år, men det er ikkje alt vi kan røpe heilt endå. Blinkefjes.

Det vi kan seie, er at vi lanserer rekordmange traineestillingar i januar, og at det er heilt rått at så mange bedrifter ønsker å gi ein nyutdanna sjansen til arbeidserfaring gjennom Framtidsfylkets traineeprogram. Takk for tilliten <3

Vi kan også informere om at det blir karrieremesser i 2022, og at datoen i Bergen er 22. mars. Med eitt års pause, kan vi love deg at vi er ekstra gira på ei nyskapande messe, og at det blir Level up i år (hint, hint).

Vi gler oss spesielt til å samarbeide med arbeidsgjevarane for å lukkast med å hente kompetanse til satsingane og klyngene i Grøn region Vestland.

Når vi no legg bak oss 2021, er det nokre sjekkpunkt vi i Framtidsfylket ønsker å dele:

  • Ny nettside og visuell profil januar 2021. Håpar du likar.
  • Ny tilsett: Kine er vår nye rådgjevar
  • Etablert kontor i Odda og eitt steg nærare Framtidsfylket si satsing i Vestland
  • Læringsrik og hyggeleg tur til Svalbard med fjorårets fine traineekull <3
  • Nasjonal kampanje med mål om å gjere arbeidsmarknaden i Vestland meir kjend
  • 900 søkarar til årets traineekull – 31 fekk jobb. Hurra!
  • Partnarskapsavtale med Vestland fylkeskommune, check
  • Nær 180.000 har besøkt framtidsfylket.no for å lese om arbeidsliv, ledig stilling og det gode liv i Vestland. Takk.

Med det ønsker vi i Framtidsfylket god jul og alt godt for 2022.

Linda og gjengen.

Svalbard

Tilsettegoder: Kristine og Marie fekk vere med på traineetur til Svalbard, der vi blant anna besøkte KSAT.