Balestrand hotell fellesbilde trainee

Nyheiter

Her er årets 36 traineear!

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Photoevent

Hausten er høgtid i Framtidsfylket, for då startar eit nytt kull med spente, unge lovande som traineear i Distrikts-Vestland. Møt årets traineear her!

600 personar søkte, og 36 fekk tilbod om jobb i fylket. Det neste året skal traineeane vere i full jobb, knyte nettverk, oppleve fagleg og personleg utvikling, få nye vener og bli kjent med næringslivet i Vestland. Inkludert er fire samlingar i fylket og ein utanlandstur. Første stopp: 6899 Balestrand.

HER ER ÅRETS TRAINEEAR I SOGN

HER ER ÅRETS TRAINEEAR I SUNNFJORD

HER ER ÅRETS TRAINEEAR I NORDFJORD OG ULLENSVANG

Forventning i lufta

Balestrand er eit perfekt utgangspunkt for første samling. Passeleg stort, gåavstand til det meste, rike tradisjonar og ein nyvunnen popularitet grunna bygda sin heimvendte ungdom, Teddy, Per Àki og Randi. Dei sette bygda på hovudet då dei tok over Balestrand hotell, aka «Kjartan Lauritzen-hotellet», og arrangerte sin første festival i fjor, Balestrand Badeklubbfestival.

Det er sjølvsagt også på Balestrand hotell årets traineear sjekkar inn, til stor begeistring for mange som har sett NRK-serien om hotellovertakinga, «6899 til eg dør». Men vi brukar gjerne heile bygda når vi først er her, og er innom både gamle Kviknes hotell og Ciderhuset like i nærleiken.

teambuilding Balestrand

Traineeane fekk utfordra seg både fysisk og mentalt i Balestrand.

Fekk testa ut nysgjerrigheita

– Dette er min favorittdag, seier dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland, i det møterommet på Kviknes hotell i Balestrand fyllast opp med årets nye traineear og mentorar.

For aller første gang er desse i same rom. Her skal dei bli kjent med både kvarandre og seg sjølv – ved å stille spørsmål.

– Spørsmål skapar nye relasjonar og styrkar dei vi har, seier Berta Lende Røed og tek over ordet.

Fuelbox Berta

Berta Lende Røed fekk ideen til Fuelbox då ho ville ha meir meiningsfulle samtalar med mannen sin. No har det blitt eit velnytta konsept også i arbeidslivet.

Ho er gründeren bak Fuelbox, eit konsept som skal styrke relasjonar gjennom samtale.

– I dag skal det skje litt av kvart. Eg trur veldig mange av dykk skal få køyrt dykk litt på ting de ikkje har gjort før. De skal ha samtalar som er veldig nære, og som de kanskje ikkje ein gong har hatt med ein kjæraste eller forelder før. Alle de har flytta til denne fantastiske regionen, og her har de eit apparat rundt som skal få dykk i gong. Men for å få til det må vi snakke saman.

– Så, kor nysgjerrig er du?

traineesamling

Litt uvant og skummelt å skulle opne seg opp for heilt framande – men også givande.

Kven trur du at du er?

Kva er du mest stolt av, men som du ikkje skryt av?

Kva får du oftast dårleg samvit for?

Kva slags skjulte talent har du?

Kva slags realityshow hadde du briljert i?

Kva hadde du gjort om du vann fleire millioner kroner?

Dette er nokre av spørsmåla traineeane og mentorane fekk i oppgåve å stille kvarandre. Fleire opplevde at det var uvant og litt skummelt, men også at ein raskt vart kjent med kvarandre på ein heilt annan måte enn ein er van med.

– Eg fekk snakka om ting som eg ofte tenker mykje på sjølv, men som gjerne ikkje er så naturleg å snakke med folk om, fortel ein av traineeane etter økta.

Ein annan trainee stemmer i:

– Det å tørre å vere sårbar og opne seg opp, gjer gjerne at andre også tør å opne seg opp.

Balestrand

Poenget med øvinga er nettopp at det skal kjennest tryggare å bli kjent med menneske på eit djupare plan. Dette er første året at også mentorane deltek på fleire av traineesamlingane, og det gjer vi for at dei skal få ei tettare tilknyting og traineen best mogleg oppfølging. Når ein kjenner godt til mentoren sin også utanfor dei vanlege arbeidssituasjonane, er det lettare å diskutere ting ein som ny i arbeidslivet har behov for å snakke om.

Med verktøya til Fuelbox i lommen er traineeane godt rusta til å starte nettverkinga med både mentorar, med-traineear og andre dei no skal møte i arbeidslivet. Balestrand var berre den første av totalt fem samlingar i løpet av traineeåret. Målet for året er at alle skal trivast både i arbeidet og i traineekullet, få nye vener og oppleve utvikling.

Vi trur dette er oppskrifta for at dei unge, nyutdanna blir eit år eller ti til.

Eg vil vite meir om å vere trainee
Eg vil vite meir om å vere traineebedrift
ciderhuset

Tuba og Gard fortalde om korleis dei integrerer ulike kulturar i kvardagen og arbeidslivet på Ciderhuset, før det vart servert tyrkisk mat og lokal sider. Takk for oss!

Fleire saker