Traineestillinger, Norec

Trainee

Frå traineestilling til UD

Koronapandemien satt ein stoppar for fleire av Norec sine utvekslingsprosjekt. Men for Synnøve Ravnestad Eikefet begynte ballen å rulle.

– Oi, wow! Det er heilt utruleg hyggeleg, var reaksjonen til Eikefet då ho fekk tilbod om eit vikariat i hovudstaden fredag for snart to veker sidan.

Kjensler av sommarfuglar, glede, overrasking og spenning gjekk gjennom kroppen hennar.

– Det var jo ei heilt fantastisk start på helga. Eg har tidlegare vore eit halvt år som studentpraktikant i Utanriksdepartementet i Genève, og likte meg veldig godt. No er eg skikkeleg spent på korleis det er å jobbe i UD i Norge. Eg trur det blir utruleg lærerikt og kanskje litt overveldande, seier ho.

Verdifull erfaring

Eikefet har det siste året vore tilsett som Framtidsfylket Trainee i Norec. Dei er underlagt Utanriksdepartementet, med oppgåve om å utveksle kompetanse mellom Norge og land rundt om i verda.

– Koronapandemien satt ein stoppar for mange av prosjekta til Norec, og då var det naturleg å stokke om på ressursane. Så eg er formelt sett tilsett i Norec, men eg skal hospitere eit halvt år i UD, seier Eikefet.

Ho er overtydd om at ho kan ta med mykje nyttig erfaring frå traineeåret inn i den nye jobben.

– Det har vore ein skikkeleg fin start på arbeidslivet etter studiet. Eg har fått innblikk i mange ulike delar av Norec, og brei erfaring innan logistikk, kommunikasjon, analyseoppgåver og det å organisere kurs og arrangement. Det er fortsatt litt uavklart kva eg skal jobbe med i Utanriksdepartementet, men eg veit at eg i alle fall skal bidra med å lage ein konferanse. Då passar det bra at eg har hatt hovudansvar for logistikken rundt to store kurs vi har hatt i Norec det siste året. Eitt i Norge, eitt i Colombia. Erfaringane frå det vil komme godt med, tenker eg.

Bli trainee

Synnøve Ravnestad Eikefet på jobbtur til Colombia. Foto: Norec

Seks månadar i hovudstaden

No skal altså 29- åringen frå Dale i Vaksdal kommune, flytte vekk frå Førde. Den vesle byen ho hadde liten kjennskap til før august i 2019.

– Nei, det var jo klassikaren «Norges styggaste by», då, ler ho. Eg må seie at eg har blitt positivt overraska over Sunnfjord generelt. Her er det mykje å finne på. No ventar Oslo, og det blir også veldig kjekt. Eg har aldri budd der før, så det blir heilt nytt for meg.

Ein reiser, ein blir

Kollegaen hennar Susanne Hoggen Kippersund vert verande igjen i Norec. Ho har vore trainee i same kull som Eikefet, og har no sikra seg eit halvt års vikariat i organisasjonen.

– Det er utruleg kjekt og eg er særs glad for at eg får moglegheita til å vere her lengre. Koronapandemien har snudd rundt på arbeidet til Norec, så no er det ekstra spennande å vere med på utviklinga vidare.

Heile verda frå Sunnfjord

Gjennom året har ho jobba mest i kommunikasjonsavdelinga til Norec, men ho har i tillegg fått jobbe med alt frå rapportlansering, kurs, arrangere konferansar og liknande.

– Fordelen med å vere trainee er at ein får prøve seg i så mange ulike deler av organisasjonen. Ein får jobbe i ulike avdelingar, og blir godt kjent med heile staben. Eg kan ikkje få skryte nok av kor godt vi begge har blitt tatt i mot. I tillegg må eg skyte inn at det er utruleg kult å få jobbe med internasjonal utvikling frå Sunnfjord, seier ho.

Angrar ikkje

Både Eikefet og Kippersund er glade for at dei takka ja til eit år som trainee.

– Ein får lært så utruleg mykje om seg sjølv, bedrifta ein er tilsett i, og næringslivet i fylket generelt, seier dei.

Dei begge er tilflyttarar til fylket, og meiner at spesielt traineesamlingane har bidrege til at året har vore ei god oppleving.

– Det har vore ein fin måte å få gode vener utanom jobb på, og det har vore nyttig å kunne dele erfaringar. Det er mange som er misunnelege på det nettverket vi trainear har fått, seier Kippersund.

Les også: Null planar til hausten? Bli trainee!

Bli trainee, ledige traineestillinger
Bli trainee, ledige traineestillinger