Marthe Opheim Fjord Base Gruppen

– Ein nyutdanna kjem ofte inn med stor kunnskap som bedrifta får mykje igjen for, seier Marthe Opheim i Fjord Base Gruppen.

Nyheiter

Derfor bør du satse på nyutdanna

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Fjord Base Gruppen

Kvir du deg på å tilsette nyutdanna, og vel heller alltid dei med erfaring? Då bør du kanskje tenke deg om ein gong til.

– Ein nyutdanna kjem ofte inn med stor kunnskap som bedrifta får mykje igjen for. Vi har veldig god erfaring med dei vi har tilsett, seier Marthe Opheim.

Ho er HR og HMS-rådgjevar i Fjord Base Gruppen i Florø, Noregs største forsyningsbase med over 35 års erfaring med eigedomsutvikling, logistikk og operasjonar. Fjord Base Gruppen har 105 tilsette fordelt på selskapa Fjord Base, Fjord Base Support, Saga Fjordbase og Norsk Contracting Partner (NCP). Dei har i fleire år satsa på ny og ung arbeidskraft, både gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram og elles.

Vil du tilsette ein trainee neste år? Meld di interesse her.

Fjord Base Gruppen

Fjord Base i Florø.

Hard konkurranse om folka

– Vi opplever at det er hard konkurranse om folk i dag, spesielt innan enkelte fagområder, fortel Opheim.

Arbeidsmarknaden er i stadig endring. I tillegg til tøffare konkurranse, trur ho også at ein må byrje å tilpasse seg at folk byttar jobb oftare enn før.

– Folk flest sit ikkje lenger i årevis på same arbeidsplass. Trenden viser at den nye normalen er at du bør ikkje forvente å ha nye tilsette i veldig mange år. Då må vi endre tankesettet og heller lage gode planar for korleis vi kan få mest mogleg ut av arbeidskrafta den tida vi har dei.

Samstundes er det fleire yrkesgrupper som melder at det har blitt vanskelegare å få jobb som nyutdanna. Kode24 har i ein lengre periode skrive om nedgong i antall ledige IT-stillingar i landet, og fortel om nyutdanna som slit med å få seg jobb.

– Alle etterspør to til fem års erfaring, seier den nyutdanna utviklaren som er intervjua i saka, frustrert.

– Ein nyutdanna tilfører fersk og god kompetanse til bedrifta.

Marthe Opheim Fjord Base Gruppen

Marthe Opheim, HR- og HMS-ansvarleg i Fjord Base Gruppen.

Fleire fordelar

Opheim meiner det i mange tilfelle ikkje er nødvendig å stille slike krav, og peikar på følgande grunnar til kvifor det løner seg å satse på dei som kjem rett frå utdanning:

1. Kompetansen

– Ein nyutdanna tilfører fersk og god kompetanse til bedrifta. Dei kjem med oppdatert kunnskap som er gull verdt å kople opp mot dei i bedrifta som har meir erfaring. Då får du ein god miks av kompetanse som gir meirverdi.

2. Tankesettet

– Nyutdanna kjem gjerne inn med ein ny måte å tenke utfordringar og problemløysing på. Dei tør ofte å utfordre bedriftene, tør å meine noko om korleis ting blir gjort og stiller spørsmål ved etablerte ting. Dette må ikkje vi som bedrifter vere redde for.

3. Bidreg til utvikling

– Dagens nyutdanna har forventningar om å bli høyrt og til å få spennande oppgåver. Det pushar oss som bedrift til å utvikle oss og levere både på det vi skal produsere, og på det å vere gode arbeidsgjevarar.

4. Tilrettelegging er ikkje unikt for nyutdanna

– Det å legge til rette krev sjølvsagt litt av leiar og apparatet rundt, men det er ikkje unikt for nyutdanna. Det gjeld for alle tilsettingar, og det skal det også gjere. Når ein har ein heilheitleg god personalpolitikk på plass, skal det ikkje vere så stor forskjell på kva det krev av deg å ta i mot ein nyutdanna versus ein med meir erfaring. Alle skal uansett ha opplæring og innføring i bedrifta.

Fjord Base Gruppen kollegaer

Fjord Base Gruppen er med sine 105 tilsette del av ei større næringsklynge på Fjord Base med til saman 650 tilsette fordelt på 65 bedrifter. Her er det mange jobbmoglegheiter for båe nyutdanna og dei med meir erfaring.

– Det treng ikkje vere avansert

Enklare sagt enn gjort, tenker du kanskje? For korleis skal ein få til at dette blir ein god prosess – i praksis? Opheim fortel at som så mykje anna, så handlar det mest om å gjere eit godt arbeid før dei kjem.

– Du tenke gjennom og lage ein plan for korleis dei nytilsette skal takast imot. Men eg vil ikkje seie at vi brukar uendeleg mykje tid på det, seier ho.

Her er eit døme på korleis ein slik onboardingprosess kan sjå ut, etter Opheim si oppskrift:

  • Lag ein skriftleg plan på korleis den nytilsette skal følgast opp.
  • Set opp datoar og fristar for milepælar og oppfølgingspunkt. Til dømes: Introduksjon til bedrifta og kollegaer, møte om forventningsavklaring, oppfølgingssamtalar, mentorsamtalar. Den kan også innehalde andre opplæringselement, slik som «skal ha hatt omvising på lageret innan dato X..», eller «opplæring i program X innan dato X» og så vidare.
  • Set opp kven som er ansvarleg for dei ulike oppfølgingspunkta.
  • Ha eit system for å dokumentere og sjekke av at det vert gjort.

– Det finst gode digitale system som kan hjelpe oss med dette, som minner oss på kva vi skal gjere og kor tid. Det treng altså verken vere særleg avansert eller tidkrevjande, men det krev litt førebuing.

Fjord Base Gruppen kollegaer

Å legge til rette for ein god onboardingprosess treng verken vere særleg avansert eller tidkrevjande. Men det krev litt førebuing.

Men korleis får vi tak i dei?

Om du ikkje allereie var det, har du forhåpentlegvis no blitt overtydd. Vi skal satse meir på nyutdanna! Men korleis får vi tak i dei? Det er ifølge Opheim fleire ting ein kan gjere for å bli attraktive for dei som kjem rett frå utdanning.

– Vi prøvar å vere til stades der dei nyutdanna er, slik som messer, karrieredagar og andre møteplassar. Vi tilbyr også bachelor- og masterstudentar å skrive oppgåver i samarbeid med oss.

I tillegg handlar det mykje om synleggjering. Viss folk ikkje veit om deg og kva som skjer i bedrifta di, vil dei heller ikkje søke.

– Vi må vise fram det vi held på med, for det er mykje spennande! Då jobbar vi med alt ifrå annonseutforming, fysiske møteplassar og dei sosiale medieplattformane våre. 

Tek samfunnsansvar

– Vi bedrifter har eit visst ansvar når det gjeld samfunnsbygging og det å skape bulyst. Om vi ikkje bidreg til dette så skapar vi potensielt større utfordringar for oss sjølve. Det er vanskeleg nok å få tak i gode søkarar som det er, så her må vi alle vere med og dra lasset, oppmodar Opheim.

Difor har Fjord Base Gruppen også eit fokus på å inkludere nytilsette i det sosiale, spesielt om dei ikkje er frå nærområdet og har eit nettverk frå før. Det kan vere alt frå lavterskeltiltak som ein tur etter jobb eller quiz på puben i Florø, til litt større festar, turar og konsertar. Dei har også engasjert seg i U40-nettverket i Florø, der unge under 40 kan møtast og knyte nettverk.

Men den aller viktigaste meldinga er at det treng ikkje å vere avansert.

– Ein liten fjelltur, å møtast ein stad etter jobb, grille litt i parken, eller liknande – det kan vere heilt enkle ting som kan ha stor betyding for dei som kanskje manglar eit nettverk, avsluttar ho.

Er du vår neste traineebedrift? Meld interesse her!

Fleire saker