Kine Vikse

Nyheiter

Kine er vår nye rådgjevar

Kine Vikse er tilsett som bedriftsrådgjevar i Framtidsfylket. Ho vil jobbe for å gjere vestlandsbedrifter meir attraktive for arbeidstakarar.

– Eg har alltid hatt ei sterkt tilknyting til Vestlandet. No er eg svært motivert for å bidra til at heimfylket skal vere den mest attraktive regionen å arbeide i. 

Vikse er opprinneleg frå Sveio, men har dei fem siste åra studert i Tromsø. Der har ho tatt ei mastergrad i Leiing, innovasjon og marknad på Handelshøyskolen. I tillegg har ho hatt fleire styreverv og jobba som seljar. No gler ho seg til å sette kompetansen ut i livet.

Vil gjere bedriftene meir konkurransedyktige

– Eg er veldig klar for å ta fatt på nye utfordringar i Vestland. Då eg såg stillingsutlysinga til Framtidsfylket, forstod eg raskt at dette var noko for meg. Målet er å jobbe med forretningsutvikling og gjere bedrifter meir konkurransedyktige. Å jobbe med bedrifters attraktivitet for arbeidstakarar, slik at dei kan sikre seg nødvendig kompetanse, er for meg eit viktig og naturleg aspekt av forretningsutvikling. 

Kine Vikse

Ser fram til å bli kjent med næringslivet

Vikse vil få ansvar for å følgje opp nye og eksisterande kundar. Framtidsfylket har 200 medlemsbedrifter i fylket, og tilbyr eigen jobbportal, rådgjeving og rekrutteringskommunikasjon, i tillegg til traineeprogram og karrieremesser.

– Eg ser fram til å bli kjent med bedriftene eg skal samarbeide med, seier ho spent.

Styrkar laget

Dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland, er opptatt av at medlemsbedriftene har ein strategi for rekruttering, og at den er knytt til kompetansebehov, verdiar og mål.

– Med Kine på laget vil vi kunne bistå arbeidsgjevarane endå betre i dette arbeidet. Ho har ein spennande bakgrunn, og vi er glade for å styrke laget vårt i jobben for å synleggjere arbeidsmarknaden i Vestland, seier ho.

Vil vekse i Vestland

Stillinga som bedriftsrådgjevar er nyoppretta og del av strategien om å vekse i Vestland.

– Kine vil jobbe både frå Førde og Odda, med mål om å vekse i distriktsvestland. Tilsettinga meiner vi er eit steg i rett retning for å tilby våre tenester i heile Vestland, avsluttar Hovland.

Ønsker du hjelp med å bli meir synleg i arbeidsmarknaden? Kine hjelper deg gjerne:

Kontakt Kine Vikse