Astrid Øvstetun årdal kommune

Arbeidsliv

Korleis får me folk til å velje Årdal?

Trivsel på fritida er minst like viktig som spanande arbeidsplassar som tilbyr vekst og utvikling, skriv Astrid Øvstetun.

Astrid Øvstetun valde i 2019 sjølv å flytte heim til teknologibygda etter mange år i den engelske storbyen Leeds, og leiar no Årdal kommune sitt tilflyttarkontor. Ho skriv månadens innlegg på rekrutteringsbloggen.

Valde proaktivitet

Inst i Sogn finn du Årdal kommune, ei teknologibygd med eit næringsliv som investerer stort i utvikling av verksemder og er kommunen med høgast snitt av innbyggjarar med doktorgradar og fagbrev i heile Noreg. På trass av dette så har Årdal opplevd ein nedgang i folketalet og har til liks med resten av Noreg eit stort behov for ny kompetanse i offentleg og privat næringsliv. I 2020 valte Årdal kommune å vere proaktive i arbeidet med å stabilisere folketalet og å bidra til å sikre kompetanse til bygda, og etablerte eit tilflyttarkontor.

Å sikre at Årdal er attraktivt for tilflyttarar

Jobb, bustad og trivsel. Desse faktorane er alfa omega for å flytte til ein ny stad, og er viktige element som ligg til grunn for arbeidet ved tilflyttarkontoret. Dette samsvarar med Distriktssenteret sine tilrådingar, som har inspirert deler av tilflyttartenesta vår. Me matchar kandidatar opp mot kompetansebehov i privat og offentleg næringsliv, og kontoret er også ein stad der tilflyttarar kan få informasjon om det sosiale som skjer i bygda på fritida. Når jobbtilbod og stad å bu er på plass, jobbar vi i tilflyttarkontoret aktivt med at tilflyttarane skal bli involverte og inkluderte i lokalsamfunnet også etter arbeidstid.

"Jobb, bustad og trivsel. Desse faktorane er alfa omega for å flytte til ein ny stad."

Astrid Øvstetun årdal kommune

I arbeidet mitt er ikkje ein dag lik ein anna. Det er alt i frå marknadsføringsarbeid på digitale plattformar, til dialogar med moglege kandidatar og nettverksbygging med næringsliv for å formidle moglegheitene dei tilbyr. I tillegg er samarbeid med den tredje sektoren vesentleg – både for å bidra til og formidle arrangement, aktivitetar og møtestader for å sikre integrering, og for å bygge sosiale nettverk på fritida for dei som er nye i Årdal.

Vi skal heller ikkje gløyme dei som allereie bur her. Tilflyttaraktivitet gjev også grunnlag for trivsel og nettverksbygging for alle i lokalsamfunnet.

Målretta kommunikasjon – alle er velkomne til Årdal

Vi brukar digitale plattformar aktivt for å formidle moglegheitene som Årdal byr på til potensielle nye innbyggjarar. Marknadsføringa blir retta mot fleire ulike målgrupper, og tilflyttarkontoret jobbar aktivt med å rekruttere heimflyttarar og tilflyttarar frå Noreg generelt og frå utlandet.

Vi har blant anna ambassadørar som er både heimflyttarar og tilflyttarar, som tar over våre sosiale medium-plattformar for å vise fram kvardagen sin i Årdal. Vi har også samarbeid med byrå som spesialiserer seg på å formidle Noreg som land å flytte til for arbeidsinnvandrarar frå heile Europa, og køyrer innimellom annonser som blir publisert på ulike fora og sosiale medium for å nå breitt ut til målgruppene.

Vi er også tett kopla på lokale vidaregåande skular for å formidle framtidsmoglegheiter til ungdommar.

Årdal kommune influenser

Tilflyttarkontoret brukar mellom anna ambassadørar i sosiale media, slik som Kristine Haglund (28) som flytta til Årdal i 2019.

Astrid øvstetun tilflytter pakke

Dei som kjem flyttande til Årdal får ein velkomstpakke frå Årdal kommune.

Samarbeid for felles mål 

Saman med næringslivet jobbar vi aktivt mot universitet og høgskular for å sikre kompetanse og rekruttering til dei varierte næringane i Årdal, så her er heilskapen veldig viktig for oss. Ein må tenke breitt og vere kopla på der samarbeidspartnarar og potensielle tilflyttarar er til stades. Det handlar om å få fram attraktiviteten til Årdal som stad å bu, der heilskapen med trivsel på fritida er minst like viktig som spanande arbeidsplassar som kan tilby vekst og utvikling.

Kva effekt har tilflyttarkontoret?

Sidan oppstart har tilflyttarkontoret bidrege til å rekruttere fleire titals nye innbyggjarar til Årdal med kompetanse som spenner frå helsefag til ingeniørar, entreprenørar og røyrleggarar. Dette er kompetanse både offentleg og privat næringsliv har store behov for lokalt, regionalt og nasjonalt. Eit slikt knutepunkt for næringsliv, lokalsamfunn og den tredje sektoren er noko dei fleste kommunar vil sjå positive ringverknader av.

Årdal kommune tilflyttarkontor

Astrid og kollegaene Stine, Radek og Jorunn i Årdal kommune vil at fleire skal velje å flytte til Årdal.

Kva skal til for å lukkast med ei tilflyttarteneste?

For dei som tenkjer på å tilby ei slik teneste, viser erfaringane våre at lokal kjennskap er høgst nødvendig. Dette gjeld lokalkunnskap om næringsliv, den offentlege forvaltninga og ikkje minst kva som rører på seg på fritida. Idrettslag er ein ting, men dei uformelle nettverka er vel så viktig for å kople nye årdøler saman med andre med like hobbyar og interesser.

Ei tilflyttarteneste treng også å vere forankra i nærmiljøet, og ha lokalsamfunnet bidra som aktive ambassadørar og å vere rause mot nye innbyggjarar. Som ny tilflyttar i eit lokalsamfunn er det ingenting som er betre enn å kjenne seg velkommen til staden. Med eit hei og eit smil som etter kvart blir eit kjend ansikt på nærbutikken, på treningssenteret eller på tur i fjellet, då kjem ein langt.

I Årdal er alle velkomne!

Astrid Øvstetun,
Leiar, Årdal kommune tilflyttarkontor

Fleire saker