Tizir Tyssedal

Arbeidsliv

Slik får Tizir lange søkarlister

– Vi får søkarar med høgare utdanning som vi elles ikkje ville hatt, seier Nils Johan Ystanes i Tizir.

Europa sitt einaste smelteverk for titandioksid ligg i Tyssedal i Hardanger. Det er her Tizir Titanium & Iron produserer råjern og titandioksid på anlegget som er eitt av fem av sitt slag på verdensbasis.

"Ved å vise oss i trainee-marknaden blir vi lagt merke til"

Tiziir

Ein marknad av moglegheiter

Bedrifta med 220 tilsette er ein del av eit større lokalsamfunn i Ullensvang kommune. Dei verdset drahjelpa dei har fått frå Framtidsfylket og deira traineeordning. Slik har dei fått interessante kandidatar på søkarlistene som dei neppe ville funne på eiga hand.

– Vi er ei bedrift som er avhengig av å få inn riktig kompetanse på alle nivå. Ved å vise oss ute i traineemarknaden blir vi lagt merke til, i tillegg til at vi kan vise fram moglegheitene det gir å vere trainee, fortel Nils Johan Ystanes, HR- og kommunikasjonsansvarleg i Tizir.

Les meir om traineeordninga her: https://www.framtidsfylket.no/artikler/bli-traineebedrift

Fleire kvinner i mannsdominert bransje

Ordninga har også gitt uana, positive verknadar. I ein mannsdominert industri har det lenge vore eit ønske frå Tizir å rekruttere fleire kvinner.

– Å få kvinnene inn har vore eit stort pluss, og det har ordninga absolutt opna døra for, understrekar han og legg til:

– Det å ha ein trainee stiller også krav til oss som bedrift. Vi skal legge til rette for læring og karriereutvikling, og ordninga har vore eit fantastisk verktøy til å vidareutvikle dei områda hos oss. Framtidsfylket har også gjort oss meir proffe i organiseringa av traineeordninga. Det er mykje som skjer i vår kommune, og Framtidsfylket hjelper oss å få folk til å snu blikket mot oss.

Tizir-trainee Mari Prestegård var blant dei som som kunne tenkje seg å jobbe på Europas einaste smelteverk.

Å vere trainee i Tizir har vore lærerikt. Som Europas einaste smelteverket av sitt slag finn ein veldig høg kompetanse i bedrifta. I tillegg til dei avanserte prosessane som skjer frå råvare til produkt, får ein innblikk i dei andre aspekta i bedrifta som miljøvern og HMS.

Ho trekk også fram tillita ho har blitt vist som ein viktig faktor i hennar bratte utviklings- og læringskurve etter enda utdanning.

– Som trainee i Tizir får ein moglegheita til å delta i ulike prosjekt og får nye ansvarsområde frå første stund. Ei traineeordning er rett og slett ikkje anna enn ein vinn-vinn situasjon. I dei fleste høve får jo også ein trainee tilbod om fast jobb etter at trainee-tida er over.

Det skjedde også for Mari.

– Eg hadde mest sannsynleg ikkje enda opp med ei fast stilling på eit smelteverk i Tyssedal viss ikkje det var for ei forlokkande traineestilling med berre eitt års binding.

"Eg hadde ikkje enda opp her utan ei lokkande trainee-stilling"

Mari Prestegård

Traineeordning gav lengre søkarliste

– Vil de anbefale ordninga til andre bedrifter?

– Eg vil seie det så sterkt at eg forstår ikkje korleis nokon kan velge det vekk, viss dei har tilbodet. For dette er ei stor moglegheit. Sist opptak hadde vi 22 personar som ønska seg spesifikt til Tizir, og eg veit vi ikkje ville hatt den søkarlista utan ei traineeordning, svarar Ystanes og held fram:

– For vår del, i ein bransje der krava berre aukar, blir det veldig viktig å finne rett person til rett stilling. Med traineeordninga har vi sjansen til å finne akkurat den personen som passar til stillinga vi har lyst ut.

Les meir om å vere traineebedrift i Framtidsfyllket

Tyssedal

Ullensvang kommune tilbyr eit yrande kulturtilbod og eit rikt friluftsliv.

Fleire saker