sigrid Anette Førde kunnskapsparken vestland

Arbeidsliv

Korleis jobbe godt med rekruttering med få ressursar?

– Bedrifter må sjå på rekruttering som sin aller viktigaste salsjobb, meiner Sigrid Anette Førde i Kunnskapsparken Vestland.

Sigrid Anette Førde har mange års erfaring med rekruttering, leiing og sal ifrå ulike selskap og blant mange ting brenn ho sterkt for å sette mennesket i fokus og bygge gode team. I dag er ho forretningsutviklar i Kunnskapsparken Vestland der ho hjelper gründarar, nye og etablerte bedrifter i regionen opp og fram. Ho skriv månadens innlegg på vår blogg om rekruttering.

Kan ein jobbe godt med rekruttering utan ressursar? Utan til dømes HR-avdeling, kommunikasjonsfolk som skriv stillingsannonsen, eller store budsjett til spreiing og marknadsføring? Frå meg er svaret eit klart og tydeleg ja, men det krev at ein har rekruttering langt framme i pannebrasken i det daglege arbeidet.

Ofte opplever eg at bedrifter som slit med rekruttering etterspør ein quick fix. «Kan vi få ei enkel oversikt over korleis vi kan jobbe godt med rekruttering?». Eg skulle ønske eg kunne seie at det finst ei slik smørbrødliste, men slik eg ser det finst det ikkje éin fasit som er generell for alle. Fasiten må ein finne i kvar enkelt bedrift, og du må dermed starte med å ta utgangspunkt i deg sjølv: «Korleis kan di bedrift jobbe godt med rekruttering, og korleis kan di bedrift klare å skilje seg ut?»

Det er heilt rett at mange bedrifter ikkje har all verdas ressursar til rådigheit, og slik er det berre. «Ressursar» kan være økonomi til å betale for annonsering eller anna marknadsføring, men det kan og være mangel på menneskelege ressursar og ressurs i form av tid til å ta seg av prosessane. Eg skjønar denne frustrasjonen godt, men samtidig har eg lyst å utfordre deg som bedriftseigar på å ta med deg kollegaene dine og ta eit godt steg ut av den berømte boksen. Klarar du det vil du kanskje klare å sjå at di bedrift sine hindringar vil hjelpe deg til å faktisk skilje deg ut, og dermed ikkje berre hamne i samme rekrutteringsstrategien som alle andre. Og veit du? Annleis kan være bra!

I staden for ei smørbrødliste med «slik skal det gjerast» har eg heller lyst å gi deg nokre betraktningar som moglegvis sakte, men sikkert kan få deg inn i eit anna tankemønster, og kanskje på den måten lettare finne fokuset på kva du kan gjere framfor kva du ikkje kan gjere. 

– Ein skal ha respekt for prosessen, og den startar lenge før annonsen kjem ut.

Sigrid Anette Førde

Sigrid Anette Førde i Kunnskapsparken Vestland.

Bedrifta sin viktigaste salsjobb

Er du blant dei som tenker at rekruttering er noko du gjer av og til, og først når du må? Du legg gjerne ut ei annonse på finn.no, og ventar på at søkarane skal kome inn før fristen er ute. Skuffa innser du kanskje at det kjem alt for få søkarar og at dei få som kom ikkje akkurat var dei du hadde ønska deg? Dette er det nok mange som opplever, og spør du meg er det ofte eit resultat av at ein tenker at ein prosess er sjølve annonsa, og at ein har eit for lite fokus på forarbeid. Ein skal ha respekt for prosessen, og den startar lenge før annonsen kjem ut.

Som leiar, begynn med å tenke på rekruttering som din viktigaste salsjobb. Ein god seljar vil alltid tenke: «Kva er mine beste salsflater?», og bygge fokuset på salsarbeidet sitt rundt dette. Som leiar med rekrutteringsansvar er salsflatene dine overalt. I barnehagen, på veg til jobb, ute på ein lokal restaurant eller når du er på ein privat tur til ein annan by og møter folk som har det du er på leit etter. I dei fleste slike tilfelle er vi ofte ikkje proaktive nok, men er heller veldig fokuserte på her og no. Tenk på at alle du møter faktisk kan vere potensielle tilsette!

Å selje inn sin arbeidsplass som «ein plass du vil vere» i møte med andre er faktisk heilt gratis. Det handlar med andre ord ikkje om kor mykje pengar ein har, men om innstilling og motivasjon. Ofte har eg sett at bedrifter finn framtidas tilsette utan å bruke ei krone på annonsen, og dette nettopp fordi ein tek skeia i eiga hand, og har fokuset på rett plass til rett tid.

Involver dei tilsette

Mange bedriftsleiarar tenker kanskje at rekruttering ligg på deg som leiar, men har du tenkt på at viss du har ti tilsette, så har du potensielt gonga salsflatene dine med ti – viss du involverer? Det krev sitt, men resultatet kan bli så mykje betre. Dei tilsette er dine beste ambassadørar, så ikkje ver redd for å sette dette på dagsordenen. Snakk om korleis ein kan selje inn arbeidsplassen sin, kva de har behov for i bedrifta og kven og kva de ønsker å vere for nye arbeidstakarar.

Ein annan stor fordel med dette er at du får gitt dei tilsette sjansen til å rette opp handa, vise seg fram og sjå moglegheiter du som leiar kanskje ikkje har sett sjølv. Lavthengande frukter finst i, eller i nettverket til, dine eksisterande tilsette. Kanskje ønsker nokon å endre rolle, eller kjenner nokon som kan passe?

Når tilsette får vere med å skape sin eigen arbeidsplass gjer det også noko med den enkelte og med arbeidsmiljøet, og om det siste her ikkje er på plass så er du i stor fare for å miste gode folk. For det er faktisk slik at uansett om du er ei bedrift med mange tilsette, eller om du er av dei med berre ein eller to i tillegg til deg sjølv, så er tilsette berre på lån. Du eig ingen av dei, og dei kan når som helst finne seg anna å gjere.

Kunnskapsparken Vestland

I Kunnskapsparken Vestland hjelper dei gründerar, nye og etablerte bedrifter i Vestland opp og fram. Foto: Falkeblikk

Set rekruttering på dagsorden

Treng du ein rekrutteringsstrategi? Tja, i nokre tilfelle er det heilt vesentleg, men eg tenker definitivt òg at ein ikkje skal ha fleire nedskrivne strategiar enn ein klarer å handtere. Ein strategi er ikkje verd noko viss du ikkje får den top of mind både hos deg sjølv og dine tilsette, og her er det mange som nok kjenner seg igjen.

Så «tja», fordi at det viktigaste er at du set rekruttering på dagsorden, bokstaveleg talt. Om det er på mandagsmøtene, vekesmøtene eller månadsmøtene er ikkje så viktig, men at de tør å snakke jamleg om kven de treng, kva de ser for dykk i framtida, og kven de ønsker med dykk på laget er viktig. Snakk også om korleis de har det på jobb, og korleis de vil ha det på jobb. Då får du ut augene og øyrene blant dine tilsette, og dei kjenner seg inkludert.

Invester i rekrutteringsprosessen du er i no

Sjølv om du har få ressursar til rekruttering er det likevel viktig at du investerer i kvar einaste rekrutteringsprosess. Då snakkar eg ikkje om pengar, men om tid, innstilling og i måten du behandlar dine søkarar på.

Viss du handterer alle prosessar som om det er ei investering i framtidige stillingar, har du gjort deg sjølv ei teneste når du kjem til framtidige prosessar. Kanskje ser du plutseleg at denne personen kan passe inn ein annan stad i selskapet ditt. Prøv til dømes:

  • Be om kjemimøte med fleire kandidatar enn du vanlegvis ville ha kalla inn til intervju. Det kan vere 10-15 minutt med kvar enkelt, med ein meir uformell tone og fokus på å bli kjent. Eg lovar deg at du vil få overraskelsar, og at du vil sjå at å lese ein CV ikkje er den beste måten å ta første grovsortering på. Folk er folk, og dei må opplevast.
  • Om nokon set eit ekstra spor hos deg men likevel endar opp med å ikkje få jobben, så be spesifikt om å få behalde kontaktinformasjonen deira. Eg har enno ikkje opplevd at nokon har tatt dette på ein negativ måte, men heller at ein blir stolt. Plutseleg ser du på eit seinare tidspunkt at dette er ein kandidat som kan passe i ei anna rolle, og prosessen kan bli kort.
  • Ta deg tid til kvar enkelt når du skal gje eit avslag. Ei hyggeleg telefonsamtale der du forklarer kvifor vedkomande ikkje vart valt og takkar for tida deira, gir søkaren eit mykje betre inntrykk av deg som arbeidsgivar enn om du berre sender ut eit standard avslagsbrev per e-post. I verste fall sit kandidaten igjen med eit dårlegare inntrykk av deg etter prosessen, men i beste fall sit dei igjen med ei god kjensle trass avslaget, og tenker at du er ein arbeidsgjevar dei kunne tenke seg å høyre frå igjen. Du vel sjølv ditt eige ettermæle og merkevare.

Bonustips: Hugsar du å spørje korleis du kan vere ein god leiar og skape ein god arbeidsplass for søkaren? Då får du eit svar – og moglegheita til å vere den leiaren den tilsette treng for at du skal behalde dei lenger.

Sigrid Anette Førde kunnskapsparken Vestland

– Ta deg tid til folk, er den viktigaste bodskapen frå Sigrid Anette Førde. Bildet er frå karrierefestivalen Elevate der ho leia eit arrangement om innovasjon.

Ta deg tid til folk!

Min viktigaste bodskap er kanskje denne: Ta deg tid til folk. Vi snakkar ofte om inntrykk, men ein må hugse at det er nettopp det det er; Eit inntrykk! Folk er så mykje meir enn det første du tenker om dei, og tida du investerer i å bli kjent kan vere dei minutta som skil bedrifta di frå å nå nye høgder. Det same gjeld inntrykka du gir dei du møter av deg som leiar eller bedrifta du representerer.

Vi menneske har ein tendens til å tenke at vi ikkje skal vere for frampå eller vere til bry for andre. Men snu det slik: det å få ein førespurnad om nokon kan vere interessert i ein prat fordi du har fått eit godt inntrykk av dei, er den beste komplimenten ein både kan få og gje. I verste fall får du eit nei, men då har du gjort to ting: Du har gjort nokon sin dag betre, og du har sett selskapet ditt på kartet.

Ta saka i eigne hender – dette er din viktigaste salsjobb!

Sigrid Anette Førde
Forretningsutviklar, Kunnskapsparken Vestland

Fleire saker