Skal du tilsette trainee?

No tar vi inn nye traineebedrifter med oppstart august 2025. Er du klar for å tilsette ein ivrig, nyutdanna kandidat?

Missing caption

I desember lanserer vi årets traineestillingar og i starten av mars får du tildelt ei liste med kandidatar som ønsker å jobbe for deg.

Som traineebedrift vil du få

  • Ta del i ein omfattande, nasjonal marknadskampanje
  • Velje blant gode kandidatar i søknadsbunken
  • Ein nytilsett trainee som startar hos deg i august 2025
  • ...og tilfører bedrifta frisk kompetanse og ny driv!

Ønsker du å vite meir? Send e-post til kine@framtidsfylket.no eller ring 909 89 738.

Kvifor skal du tilsetje ein trainee?

Det er mange gode grunnar til å tilsette ein trainee, og aller viktigast er kanskje fersk og ettertrakta kompetanse inn i bedrifta. Framtidsfylket står for ei solid marknadsføring av traineestillingane med mål om at du skal få gode kandidatar i søknadsbunken.

Les også: 9 gode grunnar til å bli traineebedrift

Ordninga fokuserer sterkt på kompetansebygging for kvar einskild trainee som skal vere eit gode for arbeidsgivar:

  • Personleg utvikling
  • Kompetanseheving
  • Bygge kunnskap om bedrifter og næringsliv i fylket
  • Skape relevante nettverk

Traineen har

  • maks tre års arbeidserfaring
  • fagskule-, bachelor- eller masterutdanning etter ønske frå deg
  • og skal beherske norsk munnleg og skriftleg

Kva krev det å vere traineebedrift?

Er du allereie god på å ta i mot nytilsette, så krev det ikkje så mykje ekstra å tilsette ein trainee. Vi følger best praksis for onboarding og forventar:

  • Forventingsavklaring mellom leiar og trainee
  • Mentor for traineen
  • Oppfølgingssamtalar
  • At arbeidsgiver legg til rette for deltaking på samling og studietur
  • Medlemskap i Framtidsfylket

For å bidra til ein god oppstart, tilbyr vi mentorsamling for å gjere mentor tryggare i rolla.

Klar for å tilsette ein trainee?
Send inn dette skjemaet eller kontakt Kine på kine@framtidsfylket.no for meir informasjon.

Rekruttere og behalde ung arbeidskraft i Vestland

Mangel på kompetent og nødvendig arbeidskraft er ei utfordring i Vestland, og spesielt i distrikta. Framtidsfylket jobbar for at du skal få tak i nødvendig kompetanse, og til no har vi rekruttert over 300 kandidatar til traineeprogrammet vårt. Bidra til å rekruttere og behalde ung arbeidskraft i Vestland - sats på ein trainee.