Vilkår for oppretting av brukarprofil på framtidsfylket.no

Samtykkeerklæring Når du opprettar ein personleg profil på framtidsfylket.no, så gjev du samtidig følgjande erklæring:

Eg gjev mitt samtykke til at Framtidsfylket AS og databehandlar Maverix AS kan behandle mine personopplysingar i samsvar til føremåla som er nemnt under. Eg er klar over at opplysingar kan bli vidareformidla til medlemsbedrifter og samarbeidspartar av Framtidsfylket. Opplysningane er oppgjeve frivilleg og eg har blitt gjort merksam på mine rettar ifølgje «Lov om behandling av personopplysningar».

Personvernerklæring

Denne personvernerklæringa skildrar på kva måte Framtidsfylket, inklusive våre samarbeidspartar, hentar inn og behandlar personopplysingane dine.

Denne personvernerklæringa gjeld for:

  • Jobbkandidatar og mottakarar av karrieretenester
  • Brukarar av nettstaden
  • Representantar for våre samarbeidspartar, kundar og leverandørar

Framtidsfylket AS tar personvernet alvorleg og vi behandlar personvernopplysingar i samsvar til norsk personvernlovgjeving. Vi innhentar og behandlar personopplysingar kun med ditt samtykke eller i situasjonar der vi har lovpålagte forpliktingar. Nedanfor skildrar vi i korte trekk korleis vi samlar inn, bruker og beskyttar personopplysingar og anna informasjon om deg.

Maverix AS er databehandlar for Framtidsfylket AS.

Informasjon vi samlar inn

Vi samlar inn personopplysingar om deg på ulike måtar. Til dømes via nettsidene våre, gjennom sosiale medium, på arrangement, via telefon, e-post, via jobbsøknader og rekruttering og i samband med vårt samarbeid med kundar og leverandørar. Vi kan hente inn personopplysingar avhengig av forholdet sin art, inkludert, men ikkje avgrensa til:

  • Kontaktopplysingar (som namn, adresse, e-postadresse og telefonnummer m.m.)
  • Brukarnavn og passord når du registrerar deg på våre nettstader
  • Annan informasjon du måtte oppgje til oss, slik som i spørjeundersøkingar eller via «Kontakt oss»-funksjonen på våre nettstader eller via e-post.

Dersom du har registrert ein profil for å søke på framtidige stillingar, kan vi også lagre følgjande personopplysingar:

  • Fødselsdato
  • Kjønn
  • Legitimasjon
  • Informasjon fra LinkedIn, informasjon du oppgjev om yrkesinteresser samt andre opplysingar om kvalifikasjonar for tilsetting

Slik bruker vi informasjonen vi samler inn

Vi samlar inn og brukar informasjonen som er skildra over til følgjande føremål (dersom det er tillatt i henhold til lokal lovgjevnad):

  • Utveksle kontaktinformasjon mellom karriereportalen sine arbeidsgjevarar/bedrifter og arbeidssøkjarar/brukarar.
  • Gje bedriftene eit vurderingsgrunnlag over kvalifikasjonar til stillingar gjennom brukarane sin CV/LinkedIn-profil.
  • Opprette og administrere brukarkontoar
  • Utføre betalingar og regnskapsmessige plikter
  • Handtere forholdet til kundar, kandidatar og samarbeidspartar
  • Sende reklamemateriell, varslingar om tilgjengelege stillingar og annan kommunikasjon der det er tillatt av lova
  • Informere om, og administrere deltaking i, spesielle arrangement, marknadsføring, programm, tilbud, spørjeundersøkingar, konkurransar og marknadsundersøkingarr
  • Drive, evaluere og forbedre verksemda vår
  • Beskytte mot, identifisere og forsøke å forhindre svindel og andre ulovlege aktivitetar, rettskrav og andre erstattingsansvar
  • Etterleve gjeldande juridiske føreskrifter og lover, relevante bransjestandardar, kontraktmessige forpliktelsar og våre policyer

Deling av personopplysingar

Dei personopplysingane du gir oss kan bli vidareformidla til medlemsbedriftene våre som på førehand er individuelt vurdert og godkjent av leiinga i Framtidsfylket for å få tilgang til databasen.

Informasjonen du registrerer i profilen din vil berre kunne sjåast av tilsette i Framtidsfylket og godkjende representantar for arbeidsgjevarar som er logga inn på www.framtidsfylket.no. Tillatinga er gjeven under føresetnad at opplysingane dei får tilgang til berre blir nytta til arbeid for rekruttering. Denne informasjonen vert lagra i fem år. Deretter får du eit varsel om å oppdatere profilen din, elles blir den sletta.

Behandling av personopplysingar vil være basert på eit rettsleg grunnlag, i hovudsak:

  • Der vi har motteke samtykke frå deg
  • For å påsjå at vi overheld rettsleg plikt
  • Der det er nødvendig for å inngå eller oppfylle ei avtale med deg.
  • Der det er naudsynt for å ta i vare våre rettmessige interesse (til dømes for å kunne gje deg tilgang til våre nettbaserte tenester).


Rettmessig interesse

Framtidsfylket kan behandle personopplysingar for visse legitimeføremål, mellom annat:

  • der behandlinga av personopplysingar gjer oss i stand til å fremme, endre, tilpasse eller på annan måte betre tenester/kommunikasjon til fordel for kundar, kandidatar og medarbeidarar
  • for å identifisere og forhindre svindel;
  • for å betre sikkerheit til nettverks- og informasjonssystemer
  • for å få betre forståing av korleis brukarar samhandlar med nettstaden;
  • til direkte marknadsføringsformål;
  • for å formidle informasjon som vi trur kan vere av interesse for deg
  • for å slå fast effektiviteten av reklamekampanjar og annonsering

Innsyn, retting og sletting av personopplysingar

Du har rett til å ha tilgang til, oppdatere, korrigere og slette dine personopplysingar i einigheit med «lov om behandling av personopplysingar». Dette gjer du ved å logge inn på din profil under framtidsfylket.no.

Vi behandler personopplysingane vi hentar inn på grunnlag av føremåla definert over og i samsvar til våre interne retningsliner for lagring. Dette for å sikre at personopplysingane dine ikkje lagrast lengre enn naudsynt.

Vi held ved lag sikkerheitstiltak for å verne personopplysingane dine mot utilsikta, ulovleg eller uautorisert ødelegging, tap, endring, tilgang, offentliggjering eller bruk.

For innsyn, oppdatering og spørsmål kan du kontakte oss via kontaktinformasjon:

Framtidsfylket AS

Org.nr: 992 403 896

Adresse: Pb. 600, 6803 Førde

Dagleg leiar: Linda Hovland, telefon 990 17 852, linda@framtidsfylket.no

Maverix AS

Org. nr. 919 630 604

Adresse: Tordenskioldsgate 2, 0160 Oslo

Telefon: 995 05 195