Karoline Høyvik i Sunnfjord Miljøverk

Sunnfjord Miljøverk har denne våren tatt fleire grep for å verte meir synlege for jobbsøkarar.

Arbeidsliv

SUM tenkte nytt rundt rekruttering – fekk rekordmange søkarar

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Photoevent

Då Sunnfjord Miljøverk i vår lyste ut seks ledige stillingar, fekk dei problem med å velje blant alle dei gode kandidatane.

– Vi har hatt eit skikkeleg luksusproblem. Eg trur ikkje vi kunne fått betre kandidatar, seier Kvalitets- og HMS-ansvarleg i Sunnfjord Miljøverk (SUM), Karoline Høyvik.

Tøff arbeidsmarknad

Slik har det ikkje alltid vore for renovasjonsselskapet i Sunnfjord. Karoline fortel at det tidlegare har vore svært utfordrande å få tak i kvalifiserte søkarar til stillingane deira.

– Vi har heldigvis alltid enda opp med gode folk, men det har tatt lang tid. Vi har ikkje vore flinke til å marknadsføre stillingar, eller jobba aktivt med rekruttering og det å profilere oss som ein attraktiv arbeidsgjevar, seier ho.

"Vi veit at det er ein tøff arbeidsmarknad og stor konkurranse om talenta"

Karoline Høyvik

Karoline Høyvik, Kvalitets- og HMS-ansvarleg i Sunnfjord Miljøverk.

Sidan dei no hadde behov for mange stillingar på ein gong, fann dei ut at det var tid for å ta grep. Dei skulle ha både kommunikasjonsrådgjevar, HR-rådgjevar, IT/digitaliseringsrådgjevar, produksjonsleiar, gjenvinningsoperatør og kundekonsulentar – alle viktige brikker i utviklinga av selskapet framover.

– Vi veit at det er ein tøff arbeidsmarknad og stor konkurranse om talenta. Derfor tenkte vi at no må vi prøve å løfte oss litt på dette, fortel Karoline.

Tok rekrutterings-løft

Det byrja med at dei tok kontakt med Framtidsfylket og Rekrutteringsforum Sunnfjord for bistand og råd. Korleis kan vi bli meir synlege for arbeidstakaren? Korleis får vi fram korleis det faktisk er å jobbe her? Dei deltok mellom anna på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen, og fekk hjelp til å lage ein artikkel om korleis det er å jobbe i Sunnfjord Miljøverk.

Artikkelen blei delt i Framtidsfylket sine sosiale medie-kanalar, nyheitsbrev, som annonse på Firda.no og vart lenka til i alle stillingsannonsane frå Sunnfjord Miljøverk denne våren. Den har dei fått mange gode tilbakemeldingar på.

– Fleire av søkarane fortalde at dei hadde lese artikkelen og syntest dette verka som ein spennande arbeidsplass. Det gjorde også at folk såg meir etter ledige jobbar hos oss. Det var nok den tingen vi gjorde som hadde størst effekt, fortel Karoline, og fortset:

– Vi fekk også hjelp frå Framtidsfylket til å skrive stillingsannonse. Det å kome inn i den tankegongen på kva som er ei god annonse var veldig nyttig for oss. Å ikkje berre fokusere på kva vi treng, men skrive den slik at folk får lyst til å søke hos oss.

karoline Lennart sum

Framtidsfylket skreiv ein artikkel om Karoline og Lennart som har funne draumejobben i Sunnfjord Miljøverk.

Vil du også bli betre på rekruttering? Vi i Framtidsfylket kan hjelpe bedrifta di med å bli meir synleg.

Kva er ein god tilsettingsprosess?

Frå Rekrutteringsforum Sunnfjord fekk dei hjelp til å bruke LinkedIn i rekrutteringa og bli bevisste på eigen bildebruk. I tillegg fekk dei hjelp med ein del av stillingsannonsane, og støtte i sjølve rekrutteringsprosessen. Karoline fortel at det sette i gong ein del tankeprosessar på kva som er ein god intervju- og tilsettingsprosess.

– Vi fekk gode tips til korleis svare på ein søknad, korleis legge opp intervjuprosessen og ikkje minst korleis vi best kan kommunisere heilskapen i stillingane. Det skal jo vere ei gjensidigheit i tilsettinga og då må ein vere ærleg både på kva som er bra og kva som kan vere utfordrande i stillinga.

Dei fekk også hjelp til å legge ein plan vidare. Korleis følge opp alle kandidatane? Og dei som endar opp med å ikke få jobben, korleis gi dei den beskjeden på ein god og ryddig måte?

– Vi er veldig glade for at Kathe i Rekrutteringsforum Sunnfjord følgde oss i den prosessen. Dette vil vi fokusere enda meir på framover, seier Karoline.

Sunnfjord-bedrift som ønsker ein sparringpartner i rekrutteringsprosessen? Les meir her.

Rekordsøkartal

Då søknadsfristen var ute hadde dei fått fleire kvalifiserte søkarar enn nokon gong: 28 søkte på stillinga som kommunikasjonsrådgjevar, 39 søkte på stillinga som kundekonsulent, 7 ville bli IT-og digitaliseringsrådgjevar, 4 ville bli produksjonsleiar og 11 ville bli HR-rådgjevar.

– Det er verkeleg rekordtal for oss. Vi har hatt eit luksusproblem med å velje kven som skulle kome på intervju og til slutt kven som skulle tilsetjast. Veldig mange hadde vore gode arbeidstakarar for oss, og det er leit at vi ikkje kan tilsette fleire, seier Karoline.

Ho vedgår at talet og kvaliteten på søkarane gjorde arbeidet med tilsetting utfordrande.

– Det er krevjande å skulle velje mellom så mange flinke folk. Derfor var det viktig for oss å presisere i avslagsbrevet at vi set pris på at dei tok seg tid til å søke og for at dei er interesserte i bransjen og i samfunnsoppdraget. Det lovar godt både for bransjen og for Sunnfjord, seier ho.

Linda Stuhaug

Sunnfjord Miljøverk og Linda Stuhaug arrangerte matreddarlunsj under ELEVATE: Karrierefestivalen i Sunnfjord.

sunnfjord miljøverk matreddarlunsj

All maten var laga av restemat som slappe gulrøter, tørt brød og brokkolistilk.

Synlegheit over tid

No gler dei seg til å fortsette å jobbe meir aktivt med rekruttering framover.

– Vi ønsker mellom anna å bli meir synlege for dei som står i utdanning, heilt frå vidaregåande skule og blant lærlingar. No som vi får HR-rådgjevar og kommunikasjonsrådgjevar på plass vil vi saman jobbe ut ein rekrutteringsstrategi. Også vil vi fortsette samarbeidet med Rekrutteringsforum Sunnfjord og Framtidsfylket.

Sunnfjord Miljøverk var også ei av bedriftene som var med på ELEVATE: Karrierefestivalen i Sunnfjord der dei arrangerte matreddarlunsj med Linda Stuhaug.

– I løpet av denne våren har vi fått auga opp for at vi ikkje kan starte rekrutteringsprosessen når det oppstår eit behov. Det å vere synleg og attraktiv for arbeidssøkaren er eit langsiktig arbeid, avsluttar Karoline.

Vil du bli betre på rekruttering? Ta kontakt.

Fleire saker