MISF

Nyheiter

Dei er klare for årets sommartilsette

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Framtidsfylket

Musea i Sogn og Fjordane tilset rundt 50 sommarvertar kvart år, og mange kjem att. Kva er oppskrifta deira på å finne, løfte fram og halde på unge talent?

Når sommaren og høgsesongen for musea startar veks museumsorganisasjonen kraftig i bemanning. 12 besøksstadar skal driftast og folk strøymer til for å oppleve kunst- og kulturarven dei ivaretek og formidlar. Det er då sommarvertane står klare, med lokalkunnskap og eit smil.

– Sommarvertane våre er heilt avgjerande for at vi skal kunne ta imot publikum på ein god måte. Vi legg mykje innsats i å finne dei rette og gi dei det dei treng for å lukkast, fortel HR-sjef Bjørg Anita Espe Bolseth.

Bjørg Anita Espe Bolseth

Bjørg Anita Espe Bolseth er HR-sjef i Musea i Sogn og Fjordane.

Heilårs rekrutteringsjobb

Bjørg jobbar i hovudadministrasjonen til Musea i Sogn og Fjordane (MiSF) på Sandane, og jobbar tett med leiarane på dei ulike musea når det skal rekrutterast sommarvertar. Allereie ved slutten av sommarsesongen har dei ein viss peikepinn på kven som vil vere med ein sesong til, og rundt nyttår startar dei planlegginga. Behov vert nøye kartlagt og i februar lyser dei ut stillingane. Det er stort trykk og mykje ansvar.

– Vi ser at mange lyser ut sommarjobbar tidleg, og det gjer vi og. Vi tilset nesten like mange sommarvertar kvart år som vi har faste tilsette til vanleg. Derfor er det viktig at vi har ein prosess som er grundig og effektiv på same tid, noko som kan vere ein krevjande balanse i rekrutteringssamanheng, fortel ho.

I april var dei fleste av årets sommarvertar tilsett, og jobbsesongen for mange av desse går frå medio juni til medio august. Bjørg fortel at dei legg stor vekt på ei god kandidatoppleving. Her skal ikkje kandidatar måtte vente i vekevis på svar.

– Er dei ikkje aktuelle for jobben, er målet at dei skal få rask tilbakemelding. Dei som er aktuelle får informasjon om prosessen vidare, med tidsrammer og omfang. Klare svar, korte ventetider og respekt for søkjarane si tid er noko av nøkkelen i godt rekrutteringsarbeid meiner vi, og vi får også veldig gode tilbakemeldingar på nettopp det, seier ho. 

MiSF

Ro i sjela: Det er roleg på Astruptunet når Framtidsfylket er på besøk, men straks opnar museet for sesongen. Solveig og Bjørg er klare for å ta imot både sommarvertar og besøkande.

Ein arbeidsplass du vil tilbake til

Astruptunet i Jølster er bløminga i full gang. Her levde kunstnaren Nikolai Astrup saman med kona Engel og borna, og her fann han motiv for mange av dei mest kjende måleria sine. Tunet ligg, som beskrive på nettsida, «som eit smykke i lia over Jølstravatnet». Det er ikkje overraskande at denne besøksstaden er ein av dei som får flest søkarar når MiSF lyser ut sine sommarjobbar. 

Om berre nokre veker opnar dei for publikum, og då må alt vere klart. Solveig Berg Lofnes, museumsleiar på Astruptunet og Eikaasgalleriet, har jobba her i over 40 år og har derav lang erfaring med å ta imot og lære opp sommarvertar. Ho fortel at mange av sommarvertane kjem igjen år etter år, og nokre blir også verande som deltids eller heiltidstilsette. Kva ligg bak suksessen?

– Vi har eit veldig godt miljø her. Nøkkelen er nok det mangfaldet sommarvertane møter av både tilsette og besøkande. Det er mange lokale ungdomar som jobbar her, men vi har óg pensjonistar og folk som kjem frå andre delar av landet. Sommarvertane jobbar ilag, lærer av kvarandre og får støtte når dei treng det. Det skal ikkje vere skummelt å spørje om hjelp, fortel Solveig.

Lurer du kva ein sommarvert gjer? Les om Otilia sin sommarjobb på Astruptunet her.

– Det er fantastisk kjekt å jobbe ilag med sommarvertane!

Solveig Berg Lofsnes Astruptunet

Solveig Berg Lofnes, museumsleiar ved Astruptunet og Eikaasgalleriet.

Tryggleik + ansvar = meistring

Nettopp trygging og ansvar har MiSF stort fokus på når dei førebur sommarvertane på jobben. Allereie i april fekk årets sommarvertar felles digital opplæring, med fokus på vertskapsrolla, å bli kjend med organisasjonen, sikkerheit og kva det vil seie å vere i eit arbeidsforhold, mellom anna. Etterpå kjem lokal opplæring på museet dei skal jobbe på.

– Vi tilset ungdom heilt ned i 15-års alderen, og for mange er dette deira fyrste jobb. Derfor set vi inn ekstra ressursar til opplæring. Vi vil at dei skal kjenne seg trygge og at dei har fått dei verktøya dei treng for å utføre jobben på ein god måte, forklarer Bjørg.

Dei to kollegaene har sett mange ungdomar blomstre i rolla som sommarvertar.

– Dei kjem gjerne inn som litt forsiktige og uerfarne ungdomar, og går ut som proffe formidlarar klare for vidare arbeidsliv – eller ein sommar til. Dei er fantastisk kjekke å jobbe ilag med, seier Solveig.

Alt startar med god kommunikasjon

For andre som skal ta imot sommartilsette har Bjørg og Solveig fleire klare råd. Noko av det viktigaste har vore å vere godt førebudde til å ta dei imot, ha ein god opplæringsplan og sikre god og treffande kommunikasjon. 

– Vi etablerer tidleg ei samhandlingsform og blir einige om kva kanalar vi skal bruke. Dei unge i dag brukar heilt andre kanalar enn før, og sjekkar gjerne ikkje e-post dagleg til dømes, seier Solveig.

Ho understrekar også kor viktig det er at dei unge veit kven dei kan vende seg til dersom noko oppstår.

– Å ha trygge vaksne som får eit klart ansvar for oppfølging har vore viktig. Når ungdomane veit at det er nokon dei kan lene seg på og spørje, vert dei tryggare og meir effektive, seier ho.

Misf
Misf

Tydelege rammer og det formelle på plass

Dei har også erfart at det å avklare arbeidstid, ferieønsker og forventningar tidleg skapar ein meir føreseieleg arbeidskvardag for alle partar.

– Vi må vere klare på kva vi forventar, og samstundes vise kvar det er rom for fleksibilitet. Då unngår vi misforståingar undervegs i løpet av sommaren, seier Solveig.

Også det formelle må vere på plass. Det handlar om å ha ei god arbeidskontrakt i botnen som definerer ansvar, rolle, arbeidstid og løn, mellom anna.

– Hos oss skal ting vere på stell. Det handlar ikkje om å vere klar viss LO sin sommarpatrulje kjem på besøk, men om å ta ungdomane på alvor. Dei skal oppleve kva det vil seie å ha eit profesjonelt arbeidsforhold. Ikkje minst skal dei vere klar over kva forventningar som blir stilt til dei, og kanskje også få trent seg litt på å ta imot konstruktive tilbakemeldingar. For ein som er ung og mindre erfaren i arbeidslivet er det veldig verdifull læring å ta med seg vidare, seier Bjørg.

Astruptunet

Gunstig smitteeffekt

Eit resultat av eit gjennomarbeidd rekrutteringsopplegg, gode rutinar og ein raus arbeidskultur, er eit sterkt omdøme som arbeidsgivar. For det ser ut til å smitte; gleda av å jobbe ved musea.

– Vi har utruleg mange engasjerte og dyktige faste tilsette som verkeleg brenn for jobben sin, og eg er heilt sikker på at det er noko av det som gjer at sommarvertane har det bra hjå oss og blir gode ambassadørar for oss. I eit langsiktig rekrutteringsperspektiv er det utruleg viktig. Det er jo her vi skapar interesse, og får vist fram kva karrieremoglegheiter det er hjå oss, som forhåpentlegvis gjer at ein vel museumssektoren som vidare karriereveg. Dette ser vi tydeleg gjennom at fleire av våre sommarvertar kjem tilbake, enten i ny sommarjobb eller som fast tilsett, seier Bjørg.

Skal du ta imot sommartilsette i år? Det er ikkje for seint å lyse ut ein Sommarjobb i Vest:

Les meir

Fleire saker