Solveig Rindal

Nyheiter

Solveig er vår nye kollega!

Nordfjord – Barcelona – Oslo – Nordfjord. Ringen er slutta, og frå og med 3. oktober 2022 er Solveig Rindal på plass i Framtidsfylket.

Om det var den ledige stillinga som kommunikasjonsrådgjevar i Framtidsfylket eller heimtraktene som lokka mest, klarar ikkje Solveig å svare på.

– Det var begge deler. Etter fleire år i Oslo var eg klar for ei forandring. Eg såg at med denne stillinga kan eg både få ein spennande og utfordrande jobb, og nærheit til familie, vener og den flotte naturen eg har vakse opp med. Full pakke, med andre ord!

Frå Innovasjon Norge til Framtidsfylket

Etter tre år som kommunikasjonsrådgjevar i Innovasjon Noreg har ho blitt godt kjent med norsk næringsliv. No er ho klar for å hjelpe bedrifter i Vestland med å nå ut til jobbsøkarane:

– I Innovasjon Norge oppdaga eg kor mykje spennande som skjer i Vestland, frå ein annan synsvinkel enn tidlegare. Eg gler meg til å bidra til at enda fleire får sjå kor bra Vestland er, kor mykje spennande som skjer her og karrieremoglegheitene knytt til det. Gjennom min tidlegare jobb vart eg kjent med mange bedrifter som gjer det veldig bra i distrikta, og det gjev meg ein motivasjonsboost inn i denne stillinga.

Sosiale medium som spesialitet

Solveig brenn for enkel, tydeleg og engasjerande kommunikasjon, til rett tid og til rette målgrupper.

– Sosiale medium har vore min spesialitet innan kommunikasjonsfaget i mange år, og der er det stor konkurranse om merksemda. Derfor er det viktig at når vi seier noko så må det vere lett og raskt å forstå kva det dreier seg om, du må fange ei interesse, og det du seier må gje verdi for mottakaren.

Og det var nettopp i sosiale medium ho kom over stillingsannonsen til Framtidsfylket.

– Då eg såg denne stillingsutlysinga følte eg at den snakka til meg. Det å få bruke kommunikasjonsbakgrunnen min til å hjelpe andre til å sjå kor bra Vestland er, verkar som ein veldig meiningsfull jobb og ein sjanse eg ikkje kunne la gå forbi. Utlysinga hadde og fokus på trivsel og fleksibilitet, og på at ein skal kunne leve det gode vestlandslivet. Eg trur det er ei god oppskrift for å få folk til å velje jobb i distrikta framover – ein sel ikkje berre ein jobb, men ein livsstil. Og det er ein livsstil eg har inntrykk av at fleire og fleire ønsker seg.

Kult å jobbe med heile Vestland

Solveig har ein allsidig bakgrunn. Noko som kan kome godt med når ein skal kommunisere på vegne av ein heil region.

– Eg har vakse opp på ein gard like ved Nordfjordeid, som yngst i ein stor søskenflokk. I oppveksten var vi alle involverte i gardsarbeidet, og mykje av fritid og feriar vart brukt på fjell- og fisketurar, på sætra og i skog og mark. Sidan flytta eg til Barcelona og deretter Oslo for å studere. Eg har ein bachelor i kultur og kommunikasjon frå Universitet i Oslo (UiO), og har tidlegare jobba med kommunikasjon hos UiO og i Oslo Taxi.

No ser ho fram til å bidra til at fleire får auga opp for ein variert og attraktiv arbeidsregion.

– Vi må fortelje suksesshistoriene og vise fram moglegheitene som finst. Ikkje alltid nødvendigvis til flest mogleg, men til dei rette personane. Eg gler meg til å bli kjend med alle bedriftene, kommunane og traineeane Framtidsfylket jobbar med. Det blir kult å jobbe med heile Vestland, og å få vere med og utvikle heimfylket vidare.

Solveig vil bu og jobbe i Nordfjord, men pendle to dagar til Framtidsfylket sitt kontor i Førde. Det betyr at du kan møte ho både i Nordfjord og Sunnfjord.

Fleire saker