Framtidsfylket trainee

Trainee

Derfor skal du bli traineebedrift

Snusar du på å bli traineebedrift? Vi gir deg ni gode grunnar til å delta i Framtidsfylkets traineeprogram.

Er du vår neste traineebedrift? Les meir her.

1. Toppkandidatar i søknadsbunken

Framtidsfylket går breitt ut for at du skal få dei beste kandidatane i søknadsbunken. Ein omfattande marknadskampanje sørger for at unge, nyutdanna over heile landet ser stillingsannonsen din. Ei traineestilling er attraktivt, og du kan difor rekne med mange kvalifiserte og ivrige søkarar.

"Ved å delta i Framtidsfylket sin nasjonale marknadskampanje, fekk vi fleire søkarar enn vi elles får. I tillegg til at dei var unge og nyutdanna, såg vi at søkarane kom frå heile landet."

Joakim Systaddal, kommunalsjef for næring og samfunn i Sogndal.

2. Bruk mindre ressursar på rekruttering

Rekruttering er kostbart og tidkrevjande. Vi i Framtidsfylket tek heile prosessen fram til du har søknadsbunken i handa. Du vel sjølv kven du kallar inn til intervju – og om du vil bidrar vi der også.

3. Fersk kompetanse

Ein trainee er nyutdanna og kjem rett frå høgskule eller universitet med nyerverva kunnskap friskt i minnet. Det betyr at du får rykande fersk kompetanse inn i bedrifta og blir oppdatert på kva som er nytt i faget.

4. Arbeidsam, lærevillig og motivert

For mange av traineeane er dette deira første studierelevante jobb. Dei er motiverte for å sette kunnskapen ut i livet, gjere ein god jobb og få innsyn i korleis bransjen fungerer. Samtidig ønsker dei å lære av deg!

5. Røskar i bedriftskulturen

Ein trainee kjem inn i bedrifta med eit friskt sinn og nye innfallsvinklar og idear. Dei kan fort bli ein ressurs i bedrifta for utvikling og innovasjon.

" Traineeane har tilført oss meirverdi frå dag éin. Dei kjem med eit nytt perspektiv og utfordrar oss både fagleg og kreativt."

Linn Hege Helle, norgessjef i Tibber.

6. Unikt nettverk

Gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram får både bedrifta og traineen eit unikt nettverk i fylket. Erfaringsutveksling, bedriftsbesøk og innblikk i andre bransjar kan skape nye samarbeid.

Nettverk Framtidsfylket

Fem gongar i året er det traineesamling. Her frå årets første samling som gjekk til Balestrand.

7. Ta samfunnsansvar - styrk omdømet

Eit godt omdøme har aldri vore viktigare for rekruttering. Å vere del av eit traineeprogram viser at du er villig å til å gi unge, nyutdanna ein sjanse til jobb. Du viser også at bedrifta tek samfunnsansvar i form av tilflytting og utvikling av distrikta.

8. Heilt uforpliktande

Bedrifta tilbyr eitt års tilsetting for traineen innan ønska fagområde. Om arbeidsforholdet ikkje er ein god match, kan du avslutte det etter eit år.

9. Kan ende i fast tilsetting

Sjølv om du ikkje er forplikta til det, er vår erfaring at dei fleste bedriftene vel å tilby traineen fast jobb etter traineeåret.

Er du vår neste traineebedrift? No tar vi inn traineebedrifter for 2024/25. Meld interesse innan 31. oktober.

Bli traineebedrift
Trainee

Fellesskap, nettverk og trivsel er ein viktig del av Framtidsfylkets traineeprogram.