to personar som står saman og ler fjord1

Arbeidsliv

– Vi når fleire når vi samarbeider

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Teknologiporten

Samarbeid var eit viktig stikkord då attraktive bedrifter frå distriktet møtte studentar på Framtidsfylket karrieremesse i Trondheim 1. mars.

Godt humør og tidleg dialog er viktig

Fjord1-standen hadde bra med besøk av engasjerte studentar, også vestlendingar, som var nysgjerrige på kva moglegheiter dei har i Fjord1 og på vestlandet generelt.

– Det er gledeleg å høyre at det er fleire som har lyst til å ta med seg kunnskapen dei har tileigna seg her, tilbake til regionen vår, fortel Malin Steinset som er HR-rådgjevar i ferjeselskapet.

Dei nytta anledninga til å spørre studentane kva som er viktig for dei når dei skal ut i jobb.

– Når vi forstår kva studentane er opptekne av, veit vi óg kva vi må fokusere på for å tiltrekke oss kandidatane. Det er viktig å vere ærleg både på kva som er bra hos oss, og kva utfordringar vi har.

Fjord1 har behov for mange forskjellige typar kompetanse, og opplever at arbeidstakarane det er mest ufordrande å rekruttere akkurat no er dei med IT-, ingeniør- og teknisk kompetanse.

– Det er mange som framleis ser på oss som eit konvensjonelt ferjerederi, og som ikkje veit at vi faktisk er verdsleiande på miljøvenleg ferjedrift og ligg langt framme i bruk av teknologi. Det seier at vi må bli flinkare til å fortelle historiene om oss sjølve. Det å få synleggjere det på slike messer saman med andre er veldig verdifullt, seier Steinset.

Bjørn Christian Vestlandsforsking snakkar med studentar på stand

Bjørn Christian Weinbach stod på stand for Vestlandsforsking. (Foto: Teknologiporten)

Både jobb og fritid må freiste

I tillegg til å lure på kva jobbmoglegheiter som finst, var det stor interesse blant studentane for korleis det er å bu på Vestlandet og kva ein kan gjere på fritida.

– Det var mange som såg på rollup´en vår og lurte på kva det og det fjellet heitte. Eg skulle jo ikkje snakke om det! Men då fekk vi marknadsført naturen og livsstilen også, ler Bjørn Christian Weinbach. 

Han stod på stand for Stiftinga Vestlandsforsking og hadde med seg to stillingar han var spesielt oppteken av å få delt med dei besøkande; éi som seniorforskar og éi som trainee. Han tykkjer at konseptet med at ein er fleire bedrifter som profilerer seg i lag er heilt genialt.

– Når vi samarbeider kjem det fleire deltakarar, og vi når ut til studentar vi elles ikkje ville nådd. Du får kanskje ikkje ei direkte tilsetjing med ein gong, men det er utruleg mange som no har høyrt om oss. Og det har ein enorm verdi.

– Fylkeskommunen er ein mangfaldig arbeidsgjevar

Anne-Kjersti Stavø Stenehjem deltok som representant frå Vestland Fylkeskommune. Ho er seksjonssjef for sikkerheit og støttetenester i avdeling for IKT og digitalisering.

– Dette er ein litt anna type studentar enn vi treff andre stader. Skilnaden er at vi her treff eit meir spissa fagfelt. Diverre traff vi ikkje så mange av dei vi såg etter akkurat no – vi hadde spesielt ei stilling på informasjonssikkerheit som vi ønskte søkjarar til – men fylkeskommunen er mangfaldig, så vi fekk henvist studentar til andre fagfelt og avdelingar.

vestland fylkeskommune

Hilde Instefjord og Anne-Kjersti Stavø Stenehjem i Vestland Fylkeskommune. (Foto: Teknologiporten)

Ho fortel at rekruttering og kompetanse har blitt eit viktig satsingsområde i avdelinga deira. Å delta på karrieremesse er eitt av fleire tiltak for å tiltrekke seg den riktige kompetansen.

– Det handlar om å vere synleg og vise kva moglegheiter som finst hos oss. Vi opplever at vi fekk marknadsført fylkeskommunen godt og fekk snakka om jobbmoglegheitene innan mange av våre store fagområde slik som plan og klima, bygg og eigedom, infrastruktur og veg.

Vil du bli meir synleg for arbeidstakaren?

Fleire saker