Våre beste tips for stillingsannonsen

Lotteri- og stiftelsestilsynet er flinke til å syne fram eit godt arbeidsmiljø.

Nyheiter

Våre beste tips for stillingsannonsen

Om du brukar litt meir tid og krefter på stillingsannonsen, kan vi garantere at fleire blir nysgjerrig på å jobbe hos deg.

Stadig fleire kontaktar oss i Framtidsfylket Vestland med ønske om fleire relevante søkarar på ledig stilling.

– Det er så sjukt vanskeleg å rekruttere for tida. Kva gjer vi?

Ja, det krev litt meir av deg å rekruttere til små plassar, og det stemmer at det er arbeidssøkars marknad, men det betyr ikkje at det er umogleg.

Du veit jo sjølv at du kan tilby ei attraktiv stilling, kjekke kollegaer og utfordrande oppgåver, så kvifor ikkje fortelje om det?

Kva kan du tilby?

Og med det kjem vi inn på vårt viktigaste tips:

Du må framheve kva du kan tilby: Både kva jobben i seg sjølv byr på og kva arbeidsplassen kan gi søkaren. Ikkje det motsette. Lange lister med krav til søkaren og kvalifikasjonar kan fort skremme vekk gode kandidatar. Mange leitar etter ein person som ikkje finst, (du skal kunne dette, men også dette, dette og dette og aller helst skal du ha erfaring tilsvarande eit langt arbeidsliv, men du må gjerne vere nyutdanna. Skjønnar?).

Sjølvsagt skal du ta med nødvendig utdanning og erfaring, men hald det kort og ope. For om du gjer stillingsannonsen meir open, vil du samtidig opne opp for fleire søkarar og auke sjansen for at draumekandidaten dukkar opp.

Spør jobbtvillingen

Men korleis veit du kva som treff draumekandidaten? Spør dei som liknar den du ser etter. Skal du rekruttere ein ny utviklar? Inkluder dei som jobbar med IT i bedrifta di og still dei desse spørsmåla:

  • Kva bør eg framheve i annonsen?
  • Kva ville gjort deg interessert i denne stillinga?
stillingsannonsen

Spør kollegaene om kva som er det beste med å jobbe akkurat her, og bruk det i stillingsannonsen.

Kvifor trivst du her

Vidare bør du ta ein avsjekk med fleire tilsette. Spør dei kva som er det beste med å jobbe akkurat her: Kva gode set dei pris på? Er det at dei har fleksitid? Sjansen til kurs og vidareutdanning? Sjansen til å påverke arbeidsdagen? Hjelpsame kollegaer? Eller er det prosjekt og oppgåver som gjer det ekstra gøy og givande å vere på jobb?

Ver konkret og gi døme.

  1. I staden for å skrive «spennande arbeidsoppgåver» kan du skrive «Du vil bidra til nye og betre renovasjonsløysingar for innbyggarane i Sunnfjord kommune».
  2. I staden for å skrive «Vi har eit godt arbeidsmiljø» kan du skrive « Vi har det så kjekt saman på jobb at vi møtast for fjelltur ein gong i månaden».

Vis fram gjengen

Og denne fine gjengen bør du vise fram. Bruk bilde frå arbeidsmiljøet eller lag ein liten filmsnutt frå arbeidsdagen. Kanskje vil nokon fortelje kvifor dei likar å jobbe hos deg? Allereie her vil jobbsøkaren merke at han kjenner arbeidsplassen og folka som jobbar der litt betre.

Ver unik!

Lettare sagt enn gjort – vi veit! Men for å stå ut i straumen av ledige stillingar er du nøydd til å skilje deg ut. Klarar du å lage ei god overskrift er du langt på veg. Ei god overskrift er personleg og aktiverande og syner kva moglegheiter stillinga gir. I staden for å skrive at du søker ingeniør, kan du skrive « Vil du vere med og løyse utfordringar knytt til fornybar energi?»

Det er på tide å legge vekk gamle stillingsannonsar og malar og tenke heilt nytt. Sjå for deg personen du vil at skal jobbe hos deg og skriv direkte til hen. Då vil du garantert bli lagt merke til av dei du ønsker å bli lagt merke til.

PS: Jobben er ikkje over endå, for denne vakre og tiltalande stillingsannonsen skal no ut til folket. Korleis du gjer det kan du lese her.

Fleire saker