Bli traineebedrift

Arbeidsliv

Er du vår neste traineebedrift?

Som traineebedrift styrkar du ikkje berre verksemda di, men også regionen. Kvar haust tar vi inn nye traineebedrifter.

Til og med 1. november tar vi inn nye bedrifter* i Framtidsfylket traineeprogram. Du får:

  • Ta del i ein omfattande, nasjonal marknadskampanje for å få relevante søkarar til di traineestilling
  • Velje blant gode kandidatar i søknadsbunken
  • Ein trainee startar i bedrifta di hausten 2024
  • ...og tilfører bedrifta frisk kompetanse og ny driv!

Ønsker du å vite meir? Send e-post til kine@framtidsfylket.no eller ring 909 89 738 for meir info om programmet.

Kvifor skal du tilsetje ein trainee?

Det er mange gode grunnar til å tilsette ein trainee, og aller viktigast er kanskje fersk kompetanse og friske tankar inn i bedrifta. Nyutdanna er motiverte, lærevillige og arbeidsomme kandidatar som utfordrar eksisterande tankemønster og vanar. Ein trainee kan tilføre nye idear og vere ein ressurs for bedriftsutvikling og innovasjon. Framtidsfylket står for ei solid marknadsføring av traineestillingane med mål om at du skal få toppkandidatar i søknadsbunken. I beste fall endar du opp med ei fast tilsetting etter traineeåret.

Les også: 9 gode grunnar til å bli traineebedrift

Ordninga fokuserer sterkt på kompetansebygging for kvar einskild trainee:

  • Personleg utvikling
  • Kompetanseheving
  • Bygge kunnskap om bedrifter og næringsliv i fylket
  • Skape relevante nettverk

Dei beste kandidatane

Gjennom traineeordninga får bedrifta tilført oppdatert kompetanse på bachelor- eller masternivå. Tidlegare traineebedrifter seier at ein trainee aukar kapasiteten og kompetansen deira, og bidreg til eit friskt pust i arbeidsmiljøet. I 2019/20-kullet vart 21 av 25 trainear verande i Sogn og Fjordane, og i 2021 fekk vi 900 søknadar til 31 stillingar. Ordninga tiltrekker seg kandidatar med høg kompetanse, og du kan forvente ein solid søknadsbunke.

Kva krev det å vere traineebedrift?

Bedrifta tilbyr eitt års tilsetting for nyutdanna innan ønska fagområde. Traineeprogrammet går over eit år frå august til august. Intensjonen er å tilby traineane fast jobb etter avslutta traineeperiode, men dette er heilt valfritt. Framtidsfylket arrangerer fem sosiale samlingar med fagleg innhald og personleg utvikling, samt ein utanlandstur, og syter for at traineane blir godt integrerte i fylket.

Vilkår for å bli trainee:

  • maks tre års arbeidserfaring
  • bachelor- eller masterutdanning
  • beherske norsk munnleg og skriftleg

Ønskjer di verksemd å ha trainee i 2024/2025?
Send e-post til: kine@framtidsfylket.no eller ring 909 89 738 for meir info om programmet.

Rekruttere og behalde ung arbeidskraft i Vestland

Mangel på kompetent og nødvendig arbeidskraft er ei utfordring i Vestland, og spesielt i distrikta. Framtidsfylket jobbar for at du skal få tak i nødvendig kompetanse, og til no har vi rekruttert nær 300 kandidatar til traineeprogrammet vårt. Bidra til å rekruttere og behalde ung arbeidskraft i Vestland.

*Eit av vilkåra for å ta del i traineeprogrammet er at bedrifta er medlem i Framtidsfylket. Sjekk ut medlemsfordelar her.

Fleire saker