rekruttering Sogn og Fjordane

Nyheiter

Vil du bli betre på rekruttering?

Konkurransen om arbeidskrafta er enorm. Med eit nytt tilbod vil Framtidsfylket bidra til at bedrifter i Vestland vinn fram.

Artikkelen er produsert i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane.

Eit nytt kurstilbod utarbeidd av Framtidsfylket og Sunnfjord Utvikling skal gi bedrifter i Sogn og Fjordane og Hardanger betre kunnskap og kompetanse innan rekruttering.

Fredag tok dagleg leiar Linda Hovland imot ei gåve på 750 000 kroner som skal gå til prosjektet. Gåva er gitt av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og pengane kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Med desse pengane kan vi på ein enkel og konkret måte auke bedriftene sin kompetanse innan rekrutteringsfaget. Alle slit med å få tak i fagfolk, så dette tilbodet meiner vi vil kome alle bedrifter i Sogn og Fjordane til gode, seier ho.

Startskotet har gått

Kursa vil dekke alt ifrå korleis ein kommuniserer med kandidatar til branding til jobbanalyse. Startskotet for det første kurset har allereie gått. Torsdag 2. juni hadde Framtidsfylket kurs i intervjuteknikk for påmelde bedrifter i Førde.

Initiativet har vi tatt saman med Sunnfjord Utvikling, og er basert på spørjeundersøkingar ute hos næringslivet i Sunnfjord og Nordfjord.

– Kursa vil gå innom heile smørbrødpakken ein treng for å vere ein attraktiv arbeidsgjevar, og vi ser at det er stor interesse for faget, seier Hovland.

Tilbodet består av til saman 10 ulike kurs som vi set opp i Sogn, Sunnfjord, Nordfjord og Hardanger.

Samarbeid er nøkkelen

Roy Stian Farsund er direktør for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane. Han synest prosjektet viser korleis samarbeid mellom ulike aktørar kan vere veldig positivt for næringslivet.

– Rekruttering blir jobb nummer ein framover og dette vil treffe alle bedrifter i alle bransjar. Det blir vanskelegare å få tak i arbeidskraft. Vi ser at det å jobbe på tvers av regionar og organisasjonar og få til eit samspel der vi kan dra lasset saman er viktig for å lukkast. Då treng ein aktørar som kan koordinere og støtte det arbeidet, og Framtidsfylket ein glimrande aktør i Sogn og Fjordane for å bidra med dei, seier han. 

Farsund får støtte frå Hovland:

– At vi kan vere ein del av dette samarbeidet gjennom å ta i mot desse pengane og bruke dei til å sette iverk tiltak som kjem alle bedriftene i Sogn og Fjordane til gode, er veldig kjekt, seier Hovland.

Vi oppdaterer stadig kursplanen:

Sjå kurskaldender

Fleire saker