Highsoft

Nyheiter

Highsoftkulturen

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Highsoft

Dei har trivsel godt over snittet og null i turnover. Korleis får Highsoft det til?

– Målet vårt er at ingen skal ha lyst til å slutte her, seier Julia Gomez Vangsnes. Ho er ein av to i HR-avdelinga – eller som dei sjølv har valt å kalle seg: The Happiness Department.

– Vi får tilbakemeldingar som «Eg kunne jo ha flytta, men eg får ikkje dette kollegiet og arbeidsmiljøet ein annan stad». Det talar til at vi gjer noko rett, seier ho, og viser til turnoverraten i selskapet dei siste to åra.

Den er lik null.

Highsoft

The Happiness Department: Anne Jorunn til venstre og Julia fremst.

Highsoft

Julegensar og fotballtrøyefredag er faste innslag hos Highsoft. Det same er bading, is og fjelltur når veret tillet det.

Gimmick blei kultur

Namnet på avdelinga? Julia ler litt, og fortel at dei heile starta som ein intern spøk mellom ho og HR-sjef Anne Jorunn Fjærestad.

– Det starta som ein gimmick, men etter kvart blei det oss. Vi tek ikkje oss sjølve så høgtideleg. Vi vil ha det kjekt på jobb og vårt største mandat er å sørge for at dei tilsette har det godt. Så då vart namnet eigentleg ganske treffande, smiler ho.

Og kanskje er det nettopp her nøkkelen ligg: Ein kultur der det er rom for både fest og kvardag, tull og alvor, og der menneska får vere heile seg. Kan the Happiness Department – gimmick eller ei – vere ein strategi i seg sjølv?

– Skal du skape tryggleik i ein organisasjon, kan ikkje alt vere blodseriøst. Her skal det vere plass til både dårlege dagar og store sigrar. Då må ein by på seg sjølv, meiner Julia.

Highsoft

Gode skårar må haldast ved like

Med tilsette spreidd over tre kontor og prosjekt over heile verda, krev det sitt å sikre at alle kjenner seg som ein del av fellesskapet. Julia fortel om nokre av tiltaka for å få til dette:

– Vi har personalmøte ein gong i månaden der alle avdelingar gir status. Det er viktig for at alle skal få med seg kva som skjer i organisasjonen. I tillegg har vi Highsoft Week – «one week in Vik» – tre gonger i året. Då samlar vi alle tilsette i Vik for å jobbe med strategi, utvikling og for å ha det kjekt ilag. Det er workshops, turar, bading og fest. Vi oppfordrar også dei tilsette til å reise meir på tvers av kontora våre, slik at ein blir betre kjent.

Highsoft
Highsoft

Først og fremst Vik

Highsoft har dog ein klar tanke om kor dei vil vekse, og det er i Vik.

– Så langt det lar seg gjere, vil vi rekruttere til Vik. Vi ønsker å ha ein kompetansearbeidsplass her og at det skal vere attraktivt å flytte hit. Då er vi avhengige av at det fins ein arbeidsmarknad her og at den er variert, seier Julia, som sjølv har røter frå Vik.

Dei har etter kvart også fått eit større kontor i Bergen og eit satelittkontor på Rockethouse i Sogndal. Det er av både praktiske og rekrutteringsmessige grunnar.

– Nokre stillingar er krevande å få besett i Vik, og då hender det at vi opnar opp for kontorplass ein annan stad. Vi tilbyr óg heimekontor inntil tre dagar i veka for å legge til rette for ein god balanse mellom jobb og fritid, spesielt for dei som har lang pendlarveg her i Sogn. Men grunnstammen består: vi skal først og fremst rekruttere til Vik.  

Highsoft

Suksess med traineear

Sidan 2016 har Highsoft vore ei populær traineebedrift gjennom Framtidsfylket sitt program, og det har gitt svært gode resultat.

– Vi har hatt traineear nesten kvart år, og dei blir verande – nesten ingen har slutta. Så det fungerer. Mange av dei har fått utvikla seg internt og kanskje bytt rolle etter kvart. Eg starta sjølv som trainee, seier ho.

Sjølv om utviklarar av alle slag står høgt på ønskelista, har Highsoft eit breitt behov for kompetanse: marknadsførarar, analytikarar, økonomar og juristar mellom anna. Mange kjem frå Bergensområdet og utdanningsinstitusjonar som UiB og NHH. Dei har også samarbeid med UiB om internships, noko som har vist seg å vere ein god rekrutteringskanal.

Synleg på rett stad

Elles har bransjemedier og sosiale medier blitt viktige kanalar for rekruttering.

– Når det gjeld utviklarar, er Kode24 den beste kanalen for oss (nettavis/bloggforum for utviklarar, red.anm.). Der har vi publisert stillingar og blitt omtala i artiklar. Det skapar interesse, spesielt hos dei som sit litt på gjerdet i jobben sin i dag. Når vi er synlege der, får vi kontakt med relevante folk, seier Julia.

På sosiale medium har dei ulike strategi for ulike plattformer.

– LinkedIn brukar vi mest for produkt og forretning. Instagram er for å vise kulturen og det sosiale livet på jobben, gjerne med litt tull og fanteri. Vi har hatt folk inne på intervju som seier at dei søkte fordi det ser ut som vi har det kjekt på jobb. Og det stemmer jo!

Highsoft

HR-nettverk og felles løft

I tillegg til å byggje eigen kultur, jobbar Highsoft aktivt for å styrke Vik som arbeidsstad. Difor har dei starta eit eige HR-nettverk i bygda.

– Mange sit åleine med HR-ansvar, og då er det gull å kunne sparre fagleg. I tillegg samarbeider vi om rekruttering. Om vi til dømes ikkje har ein relevant jobb til partnaren til ein kandidat, kan kanskje ein av dei andre i nettverket ha det, seier Julia. 

Å vere synlege og skape samarbeid på tvers er også ein del av strategien.

– Vi må vere til stades der ting skjer – om det er via Sogneklynga, Framtidsfylket, Sogn Næring eller andre. Det er viktig både for å nå jobbkandidatane og for å byggje relasjonar med andre bedrifter.

Vekst i rett tempo

Highsoft har ein ambisiøs plan om å doble både omsetnad og talet på tilsette i løpet av få år. Dei er allereie godt på veg, men er opptekne av at det ikkje skal gå på bekostning av dei som allereie er der.

– Det viktigaste er at dei som er her har det bra, og at nye får ein god start. Men kjem det ein god kandidat, så løyser vi det. For det er jo ikkje sikkert han eller ho kjem siglande inn fjorden igjen, smiler Julia.

Highsoft

Fleire saker