rune nrk

NRK Nynorsk mediesenter leverer praktikantar til heile NRK, og leiaren har ein del reising for å følgje dei opp. Her er Rune Fossum Lillesvangstu utanfor NRK på Marienlyst i Oslo.

Nyheiter

På jakt etter noko meir enn ein rå CV

Ein mastergrad er vel og bra, men betyr ikkje alt. Hos oss kan ein elektrikar vise seg å bli den neste programleiaren i Norge Rundt!

Rune Fossum Lillevangstu leiar NRK Nynorsk mediesenter i Førde. Han skriv månadens innlegg på rektrutteringsbloggen.

Noko av det mest spennande med å tilsette nynorskpraktikantar i NRK, er å leite etter det “vesle ekstra” - dette ekstraordinære som skil klinten frå kveiten.

Det er med slike eigenskapar vi har sett nokre av dei største profilane våre blomstre. Du har kanskje sett Oddgeir Sæle, programleiaren i Norge Rundt. Han er utdanna elektrikar og elektroingeniør, men valde for nokre få år sidan å prøve seg i ein ny bransje. Han søkte om å bli nynorskpraktikant i NRK, og ved NRK Nynorsk mediesenter fekk han sjansen til å lære seg eit heilt nytt fag. Eg vil seie han klarte det med glans.

Trass i at han ikkje har mastergrad i journalistikk.

"Eit godt omdøme er alfa og omega"

 NRK Rune

Foto: Alf Vidar Snæland

Vi har og hatt fleire andre praktikantar med yrkesfagleg bakgrunn, sjukepleiarar, lærarar - i tillegg til folk som har komme rett frå vidaregåande skule.

Poenget er at vi alltid er på utkikk etter kandidatar med personlege eigenskapar utanom det vanlege. Det kan i nokre tilfelle bety vel så mykje som teoretisk kompetanse. Som for eksempel:

  • Drivkraft og stå-på-vilje
  • Utstråling
  • Kreativitet
  • Handlekraft
  • Gjennomføringsevne

Misforstå rett, for visst er utdanning og kompetanse viktig. Sjølvsagt! Men dei personlege eigenskapane eg siktar til, kan du ikkje lære deg på universitet og høgskule - det er noko vi alle anten har eller må jobbe med. Og det trur eg mange jobbsøkarar undervurderer.

NRK nynorsk mediesenter

NRK Nynorsk mediesenter lærer opp praktikantane i journalistikk på alle plattformer, og det er mykje å halde styr på. Her er kull 34 i aksjon til ære for fotografen. Foto: Rune Fossum Lillesvangstu, NRK

For vis meg den arbeidsgjevaren som ikkje ute etter folk det er skikkeleg tak i. Medarbeidaren som har sterk motivasjon, som ser kva som trengst å bli gjort, er løysingsorientert og kreativ, har gjennomføringskraft - og i tillegg har eit godt lag med menneske.

På NRK Nynorsk mediesenter rekrutterer vi årleg ti nynorskpraktikantar til NRK. Desse lærer vi opp til å bli nynorskbrukande journalistar, før dei blir spreidde rundt i heile NRK. Mange av dei har inga røynsle med journalistikk frå før, men likevel er målet at dei skal bidra med stoff på radio, TV og nett etter berre nokre månadar. Vi må derfor treffe godt med rekrutteringa, og finsikting av talent er heilt avgjerande i den fasen.

Vi kallar inn kandidatar til intervju på bakgrunn av søknadar med CV, attestar og vitnemål. Det er positivt med utdanning og brei bakgrunn. Og ein søknadstekst som skil seg frå mengda, er vanskeleg å gå forbi. Kan det vere ein kandidat med det vesle ekstra? Under intervjuet prøver vi å komme under huda på kandidaten: Kor sterkt vil han eller ho dette? Kva er drivkrafta? Har vedkommande kritisk sans? Utstråling? Er han eller ho oppdatert på nyhendebiletet?

nrk nynorsk mediesenter

Det er stas når NRK Nynorsk mediesenter sine praktikantar bidrar med journalistikk på nynorsk, slik som i Nyheitsmorgon i NRK. Her er heile seks generasjonar med praktikantar på éin og same gongen. Frå venstre: Synne Malen Sandven (kull 38), Vegard Tjørhom (kull 18), Ingrid Nedrebø (kull 37), Kristina Kassab Liland (kull 36), Katrine Nybø (kull 16) og Vidar Eidhammer (kull 5).

Det er såleis viktig å trekke til oss dei beste søkarane frå heile landet, og vi opplever at eit godt omdømme er alfa og omega. Ofte får vi høyre at jungeltelegrafen har marknadsført oss vel så bra som diverse stillingsannonsar. Det er truleg takka vere at NRK er ein solid merkevare blant folk flest, og at NRK Nynorsk mediesenter i mange år har levert varene.

Sidan starten i 2004 har NRK drive Nynorsk mediesenter som eit strategisk rekrutteringstiltak. Det skal sikre nynorskoppdraget til NRK, sidan høgskular og universitet ikkje har nynorsk som opptakskrav.

Vi har lært opp og sendt frå oss til saman 190 nynorskpraktikantar. Om lag 60 prosent jobbar framleis innanfor media. Om lag 40 prosent er journalistar i NRK. Du kjenner kanskje til namn som Roger Sevrin Bruland (korrespondent i Berlin), Arianrhod Engebø (programleiar i P3), Vegard Tjørhom (korrespondent i Afrika) og Eline Buvarp Aardal (programleiar i Dagsrevyen).

NRK Nynorsk mediesenter

Vegard Tjørhom var praktikant ved NRK Nynorsk mediesenter i 2013. No er han NRK sin korrespondent i Afrika.

Erfaringa vår er at det ofte er ein fordel å ha solid utdanning og erfaring frå andre bransjar, i tillegg til å vere nynorskbrukar. Dessutan er det fullt mogleg å ta ein master i bakkant av opplegget vårt. For eit mangfald av bakgrunnar er viktig for nyhenderedaksjonane.

Vi opplever ofte at dei som kjem lengst, er dei som har sterkast indre drivkraft og størst gjennomføringsevne. Vi har sett at odelsgutar, elektrikarar og sjukepleiarar kan bli gode reporterar. Det er rett og slett verdifullt med sterk vilje og ein god dose livserfaring!

Rune Fossum Lillevangstu
Leiar, NRK Nynorsk Mediesenter

Fleire saker