rekruttering

Nyheiter

Rekruttering: Folka i fokus

Alle arbeidsgivarar er avhengige av flinke hovud og hender. Men korleis får vi tak i dei og korleis får vi dei til å bli? Vi gir deg ein heil dag med folka i fokus.

25. oktober inviterer vi deg som ønsker ny kunnskap og konkrete råd om gode rekrutteringsprosessar til konferanse på Skei.

Stad: Thon Partner Hotel Jølster

Tid: 25. oktober kl. 10.00 – 16.00

Pris: 1562,- inkl. lunsj.

Påmelding: Meld deg på her

Rekruttering handlar om mykje meir enn stillingsannonsar og jobbintervju. Det handlar om å bli lagt merke til i jobbmarknaden, gode tilsettingsprosessar og at vi har det godt på jobb. Denne dagen har vi leigd inn dei beste innan sitt felt til å gjere oss klokare på rekruttering.

PROGRAM:

10.00–10.10: Framtidsfylket og konferansier Anne Sophie Gjems ønsker velkommen

10.10–10.20: Den viktigaste stemma: arbeidstakaren. Jenny Mari Tomasgard, berekraftsansvarleg i Skogstad

10.25 –10:35: Slik auka vi trivselen i Sparebanken Sogn & Fjordane ved HR-direktør Eirik Rostad Ness

10.40–11.10: Flytt til distrikta, få fart på karrieren? Vestlandsforsking presenterer resultata frå undersøkinga dei har gjort om karriere i Sogn og Fjordane.

11.10–11.20: Pause

11.25–11.40: Fredrik Fornes. Korleis står det til med stillingsannonsane der ute?

11.45–12.00: Fabelaktive 4: Rekrutteringssamarbeid i Sogn og Fjordane

12.00–12.50: Lunsj

12.50–13.20: NHO Vestland – Inkludering og utanforskap m/ NAV, Origod og Høyanger kommune.

13.30–14:15: Minikurs i Den gode stillingsannonsen ved Fredrik Fornes

14.20–15.00: Korleis rekruttere i vanskelege tider? Ved Finn.no og Schibsted

15:00 – 15:30: Korleis bygge gode relasjonar i kollegiet? Relasjonsarkitekt Anne Sophie Gjems, Fuelbox.

Om foredragshaldarane

"Bruk LinkedIn til å tiltrekke deg kandidatar"

Fredrik Fornes

Fredrik Fornes: Dette er problemet med ei typisk stillingsannonse

Fredrik har i fleire innlegg på LinkedIn harselert med det han meiner er dårlege stillingsannonsar i Norge. 400.000 visningar på innlegga hans om temaet viser at han er inne på noko. Fredrik vil utdjupe kva han meiner problemet med ei typisk stillingsannonse er, og korleis den frå eit kommunikasjonsfagleg standpunkt enkelt kan bli mykje betre. Fredrik gir konkrete tips og øvingar rundt språk, innhald og oppsett.

Vestlandsforsking: Er karrierestigen kortare i distriktet?

Det blir ofte sagt at vegen til stort ansvar og viktige oppgåver er kortare i arbeidslivet i distrikta, men stemmer dette? Vestlandsforsking har undersøkt dette spørsmålet for Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, og har gjennomført ei spørjeundersøking som arbeidstakarar i gamlefylket har svart på. På konferansen presenterer dei for aller første gong resultata av undersøkinga.

"Å vere nysgjerrig er ei superkraft"

Berta

Anne Sophie Gjems er Relasjonsarkitekt med mange års leiarerfaring.

Anne Sophie Gjems – FuelBox: Dei viktige relasjonane

Anne Sophie Gjems er Relasjonsarkitekt i FuelBox. Ho fortel oss korleis
psykologisk tryggheit kan bli drivaren som gjer at vi presterer godt og trivast saman på jobb. Anne Sophie er eit fyrverkeri på scena og tar deg med på ei spennande reise der vi verkeleg får kjenne på viktigheita av dei relasjonane vi omgir oss med, både på jobb og heime.

Sparebanken Sogn og Fjordane: Slik auka vi trivselen i banken

Arbeidsmiljø: Sparebanken Sogn og Fjordane ser at tiltak gjort under pandemien har gitt eit betre forhold mellom banken og dei tilsette. HR-direktør Eirik Rostad Ness fortel kvifor trivselen og medarbeidarengasjementet er større enn nokon gang.

Finn.no & Schibsted: Rekruttering i vanskelege tider


Det er mange som kjenner på at 2023 er og har vore eit krevjande år. Prognosane for neste år er heller ikkje lystig lesnad. Urolige tider, straumprisar, renter m.m. er berre noko av det vi må handtere dagleg. I tillegg ser vi at arbeidsmarknaden har klart seg overraskande bra lenge, men at det så smått startar å bli meir krevjande her óg. Er det ulikskap mellom Vestlandet og resten av Norge?
Kva er årsakane til dette? Kva kan vi forvente inn i neste år? Kva kjenneteiknar dei som lukkast med rekruttering i krevjande tider?
Schibsted Bergen vil gi sitt syn på desse spørsmåla og dele erfaring og nyttige case fra vår kvardag. Korleis kan nettopp di bedrift skille seg ut i marknaden og kvifor er historieforteljing blitt eit viktig verktøy i rekruttering
I tillegg vil vi gi konkrete råd til korleis du kan lukkast på Norges største kanal for jobbsøkarar: Finn.no

Ved Roy Elvik, salsdirektør Schibsted Bergen og Anita Grimstad, strategisk rådgivar Schibsted Partnerstudio.

"Kan Fabelaktige fire bli til éi superkraft?"

Rekrutteringskonferans

Framtidsfylket, Nordfjordakademiet, Sunnfjord Utvikling & Sogn Næring.

Fabelaktige fire blir til éi superkraft

Kva skjer når fire lokale aktørar som jobbar med rekruttering, utvikling og næring får streng beskjed om å samarbeide tettare? Møt dei Fabelaktige fire: Framtidsfylket, Sunnfjord Utvikling, Nordfjordakademiet og Sogn næring. Dei fortel kva nytte DU kan ha av at vi samarbeider tettare.

Meir detaljert program kjem.

Påmelding

Takk til Sparebanken Sogn og Fjordane for viktig og nødvendig støtte til konferansen. De gjer det mogleg å gi arbeidslivet i Vestland fagleg påfyll, inspirasjon og kunnskap om eit viktig tema: rekruttering.

Fleire saker