At Cargill er ein super arbeidsplass, var det få som visste. Derfor bestemte fiskeforprodusenten seg for å ta tre viktige grep.
– No ser du på Cargill sin største fiskeforfabrikk i heile verda, seier Bjarte Trædal og peikar ut vindauget.
Vi står i det nye og moderne administrasjonsbygget til fiskeforkjempen i Florø. Til venstre ligg dei høge fabrikklokala, til høgre har vi fritt utsyn til øyane i vest. I lufta ligg et ei svak lukt av foret, men når vi nemner det, ristar dei tilsette på hovudet.
– Kva då lukt? Vi har nok blitt vande til den, humrar dei.
Bjarte er utdanna innan kjemiprosess, men jobbar no fulltid med rekruttering av lærlingar og kompetanseheving. Nytt i år er at dei skal ta inn ein ingeniørtrainee frå hausten av. Men vi skal ikkje mange år tilbake før Bjarte hadde ein nesten umogleg jobb:
– I 2023 var det totalt 19 søkarar i heile Vestland som søkte produksjonsteknikk-faget, og av dei var det berre fire-fem som hadde det som førsteval.
– Då tok vi inn éin lærling, seier han oppgitt.
I ei bedrift som satsar på lærlingar med mål om fast tilsetting, var Cargill nøydde til å ta grep.
– Vi venta vel på at dei skulle komme inn døra, og det var truleg litt naivt av oss.
Derfor bestemte dei seg for å ta grep. Det første var å annonsere at dei også opna for kjemiprosess-faget.
– Det gjorde at vi fekk 55 søkarar i fjor, og tok inn fire lærlingar i produksjonsteknikk og kjemiprosess.
Cargill skapar berekraftige løysingar for oppdrettarar av fisk og sjømat.
Men at dei opna for eit nytt fag var ikkje einaste grunnen. Eit anna viktig grep var å fortelje potensielle søkarar om arbeidsplassen. Cargill er ikkje berre størst i verda, dei er også svært innovative, har eiga forskaravdeling og brukar topp moderne teknologi i fabrikken. Arbeidsmiljøet er godt og inkluderande, og trivselen så høg at veldig få sluttar i bedrifta. Eit bodskap som ifølge Bjarte var underkommunisert.
– Vi bestemte oss for å vere meir synlege. Dei siste to åra har vi vore aktive på utdanningsmesser og reist rundt på skular og snakka med elevane. Det har skapt større kjennskap, eit godt omdøme og fleire søkarar. Cargill tilbyr no fire lærefag: Kjemiprosess, produksjonsteknikk, logistikk og industrimekanikar.
Høgteknologi: Bak produksjonen ligg avanserte tekniske metodar og utstyr.
Full kontroll: Sjølv om delar av produksjonen er automatisert, er det menneska som kvalitetssikrar.
Det tredje grepet dei gjorde finn vi internt i bedrifta.
– Vi har blitt meir opptatt av det her, seier han og peikar først på seg, og så på underteikna.
– Det mellommenneskelege, forklarar han.
– Eg vil påstå at vi har vore gode der, men vi vil alltid strekke oss for å bli betre.
Saman med seks andre kollegaer har Bjarte fullført studie i Coaching og Relasjonsleiing ved Oslo Met. Det har gjort dei bevisste på kor viktig god kommunikasjon er.
– Noko av det viktigaste vi lærte var å lytte. Ei setning som sit godt frå utdanninga er: Korleis er du saman med andre, og korleis let du andre vere med deg? Det handlar mykje om korleis vi påverkar andre med kroppsspråk og korleis vi formulerer oss. Det beste er å vere på same bølgelengde og ha ein god dialog.
Sosialt: – Du må skrive at vi har det kjekt på jobb, oppmodar gjengen på kontoret.
Det har blant anna ført til at dei alltid gjennomfører ei forventningsavklaring med lærlingane:
– Det har betydd utruleg mykje for trivselen. At lærlingen veit kva som er forventa av han eller ho, og at vi veit kva han forventar av oss vite, fjernar mykje usikkerheit. Du slepp å lese uskrivne reglar og gå rundt å lure, seier han og legg til at lærlingane rapporterer at det gjer dei tryggare i jobben.
Bjarte reiser seg for å hente noko. Han kjem tilbake med fleire store papirrullar.
– Vi har gått til innkjøp av flipover, gliser han og viser eitt av papira.
– Dette er ei typisk forventningsavklaring som vi baserer avtalen med lærlingane på.
"Kompetanseheving er meir enn eit ord i Cargill"
No som Cargill skal ta inn ein trainee i Framtidsfylket sitt program, må vi til slutt spørje om gode grunnar til å jobbe i bedrifta. Bjarte tenker seg om.
– Eg trur det må vere miljøet og kulturen her. Folk trivst! Det er fleire gode grunnar til det, seier han og ramsar opp:
– Vi har ei god leiing som strekk seg for at vi skal ha det bra på jobb, utvikle oss og få påverke arbeidsdagen med idear og synspunkt. Vi har eiga personalforeining som arrangerer sosiale samankomstar og legg til rette for ulike gode. Og sist men ikkje minst, vi har ei fantastisk bra kantine. Den er nesten litt for bra, ler han.
Mange arbeidsgivarar flottar seg med ordet kompetanseheving. For å vise at Cargill meiner alvor, tar han oss med til klasserommet deira:
– Det er garantert ikkje berre eit ord hos oss. Vi legg til rette for at du kan få fagleg påfyll eller vidareutdanne deg. Sjå berre på meg som har utdanning i kjemisk prosessfag, men no får gå ei heilt ny retning innan HR.
Når Framtidsfylket får omvising på huset, er vi innom ulike kontor. Her får vi stadfesta mykje av det Bjarte har fortalt oss.
– Har du fått med at vi har det kjekt på jobb og at nesten ingen sluttar her?
– Fekk han fram at fabrikken er topp moderne?
– At vi har eige prosessteam?
– At vi er tilknytta Cargill sitt eige forskning og -utviklingssenter?
– Og at kantina er heilt fantastisk?
– og at....
Og slik fortset det.