Sommarvikar

Arbeidsliv

I sommar bør du tilsette ein Endre

Det kan virke fjernt å tenke på sommarvikarar no, men som med alt anna som gjeld rekruttering, er det lurt å tenke langsiktig.

«Sommarvikarar har vi verken tid eller råd til.» Kjenner du deg igjen? Kva om du snur på det? Å ikkje ha sommarvikarar har vi verken tid eller råd til.

Sommaren 2022 kom det eit nytt smilande fjes inn på kontoret til Framtidsfylket. Endre Erdal var halvvegs i mastergrada Strategic Marketing Management ved BI i Oslo, og ville gjerne bidra med sin kompetanse i nokre veker. Han var ivrig, nysgjerrig og hadde kunnskap som vi mangla, og alle var einige om at han var både eit frisk pust og ein stor ressurs.

Ifølge Endre lærte han mykje desse vekene, men heilt ærleg: Vi lærte kanskje vel så mykje av han? Og med tanke på alt han fekk gjort, er vi sikre på at det hadde blitt dobbelt så dyrt om vi skulle kjøpt konsulenttenester tilsvarande jobben han gjorde.

Og det beste?

Då han vinka farvel ein varm julidag, var det med desse orda: Det kan fort komme ein jobbsøknad frå meg ein gong i framtida.

«Ja, takk» svara vi i kor.

La oss summere opp fordelane med å tilsette ein sommarvikar:

  • Det er eit glimrande rekrutteringstiltak. Gjennom ferievikarar kan du komme i kontakt med framtidas fast tilsette. Potensielle kandidatar blir kjent med og får ei tilknyting til verksemda, og du lærer personen å kjenne og dannar eit inntrykk av om dei vil passe inn i hos deg.
  • Bedrifta får tilført ny kompetanse. Mest sannsynleg er sommarvikaren midt i eit utdanningsløp og kan bidra med ny kunnskap og nye innfallsvinklar.
  • Sommarvikarar ønsker å praktisere det dei har lært på studiet. Det betyr at du må sette av tid til å sette dei inn i arbeidsoppgåvene, men det betyr også at dei kan ta unna alt det som de elles ikkje får gjort. For oss kom ikkje dette under førefallande, men faktisk under «må få gjort».
  • Sommarvikaren har garantert noko nytt å tilføre bedrifta, og det fører til læring og utvikling i bedrifta.
  • Ny giv og motivasjon. Det er rart med det, men sommarvikarar kan vere det friske innslaget arbeidsmiljøet saknar etter ein lang vinter. Motivasjon smittar, og du skal berre sjå at dei tilsette blir inspirert til å lære noko nytt etter ein sommar med nye fjes på kontoret.

Om du skulle lure på kor du treff potensielle kandidatar, har Framtidsfylket eit stort og relevant nettverk av jobbsøkarar som er nysgjerrige på arbeidslivet i Vestland.:

  • 13.000 følgjarar i sosiale medium
  • Nær 100.000 treff på ledige stillingar i året
  • Månadlege nyheitsbrev

Lukke til med jakta på sommarvikarane! Vi bistår gjerne!

Fleire saker