Trainee Sogndal

Ingrid Anette Kristiansen og Elisabet Orrestad Nilsen er Sogndal kommune sine traineear.

Nyheiter

Solid søknadsbunke gav hovudbry

Då Sogndal kommune søkte etter trainee, fekk dei problem med å velje kven som skulle få komme på intervju.

– Vi var veldig nøgde med søknadsbunken. Etter å ha gått gjennom alle, sat vi igjen med fleire aktuelle kandidatar, seier Joakim Systaddal, kommunalsjef for næring og samfunn i Sogndal.

Er du vår neste traineebedrift? Les meir her.

Sogndal kommune deltar i Framtidsfylket sitt traineeprogram, og i vår søkte dei etter ein trainee som kunne jobbe med innovasjon og utvikling.

– Ved å delta i Framtidsfylket sin nasjonale marknadskampanje, fekk vi fleire søkarar enn vi elles får. I tillegg til at dei var unge og nyutdanna, såg vi at søkarane kom frå heile landet. Geografisk spreiing var eit kjempepluss med tanke på at vi var på jakt etter nokon som kunne sjå oss utanfrå.

Ikkje ein, men to

Til slutt landa dei på seks sterke kandidatar som fekk kome på intervju. Eit luksusproblem vil mange seie, men alle som jobbar med rekruttering veit at slikt kan by på hovudbry.

– Vi var redde for å gå glipp av ein god kandidat, og enda med å tilsette to traineear i staden for éin, smiler Systaddal.

Joakim Systaddal trainee

Joakim Systaddal er kommunalsjef for næring og samfunn i Sogndal og har god erfaring med å tilsette traineear.

Bidrar med kompetanse

Sjølv om dei hadde eit klart bilde av kva traineen skulle jobbe med, hadde dei ikkje låst seg til kva kompetanse eller kvalitetar den rette kandidaten skulle ha.

– Vi var veldig opne for å tilpasse stillinga til interessefelt, og dei to som landa kvar si traineestilling, Ingrid Annette Kristiansen frå Stavanger og Elisabet Orrestad Nilsen frå Leikanger, hadde ganske ulike profilar. Saman bidrar dei til å bygge opp kompetansemiljøet vårt, fortel han. 

Les også: Her er årets traineear i Sogn.

Forpliktar å vere traineebedrift

På spørsmål om kva som skil ei vanleg tilsetting frå å følge opp ein trainee, er Systaddal klar på at det forpliktar å vere med i eit traineeprogram.

– Nye tilsette krev alltid ekstra oppfølging, så den fasen er ganske lik. Men som traineebedrift kjem forventingane som ligg i traineeprogrammet i tillegg.

Å vere traineebedrift i Framtidsfylket krev at ein er medviten rolla si, støttar traineen i læringsprosessen og gir han innblikk i heile organisasjonen. Samtidig skal ein stille krav, gi ansvar og vere open for innspel frå eit ferskt blikk.

– Vi har allereie lært masse av prosessen, men tar også med oss ein del forbetringspotensiale. Vi har blant anna erfart at det er viktig å ha ein plan og investere tid i starten av traineeåret.

Trainee Vestland

Årets traineekull tel 31 traineear i Vestland. Seks av dei jobbar i Sogn.

Torer å utfordre

Sogndal kommune fekk raskt nytte av sine traineear.

– Ingrid og Elisabet torer å utfordre oss på konkrete prosjekt. Dei har ein ny måte å sjå ting på, og vi lærer mykje av dei.

Må finne sin plass

Traineeane har fått kontorplass på Campus Sogndal. Der sit dei i landskap saman med andre som jobbar med innovasjon og utvikling.

– Eg har sagt til dei at dei kan vere glade for at dei ikkje sit på cellekontor på eit kommunehus, ler han.

Samtidig understrekar han kor viktig det er å legge til rette for trivsel.

– Å legge til rette for at traineeane skal finne sin plass i det kollegiale, trur eg er eit av suksesskriteria for at dei skal trivast.

Vurderer nye traineear

Akkurat no er Systaddal i tenkeboksen når det gjeld tilsettinga av fleire traineear.

– Det er sjølvsagt freistande, for så langt har vi berre positive erfaringar med å vere traineebedrift. No skal vi gå nokre rundar og sjå om vi har kapasitet til å delta i programmet neste år, avsluttar han.

Akkurat no ser vi etter nye traineebedrifter til neste års kull. Les meir her.