Rekneskap fjordane

Arbeidsliv

Her møter du jobbkandidatane

Du har skrive tidenes stillingsannonse og er klar for å dele den med omverda. Men korleis får du merksemda til søkarane?

Som vi lærte i første del av denne artikkelserien, er det viktig å legge tid og ressursar i å lage ein god stillingsannonse. Denne jobben er bortkasta om ingen ser meisterverket ditt, og vi må difor definere kven vi ønsker skal sjå den og legge ein plan.

Kandidatmarknaden består av fleire segment. Grovt sett kan vi dele marknaden i to: 

  • dei aktive
  • dei passive

Men kva skal du gjere for å nå ut til dei? For du vil jo helst ha mange gode kandidatar i søknadsbunken, og aller helst lande drøymekandidaten.

Slik når du dei aktive jobbsøkarane

Denne målgruppa har planar om å skifte jobb og følgjer aktivt med i jobbmarknaden. Det er derfor store sjansar for at du når dei på store jobbportalar som finn.no og nav.no. Merk deg at det finst jobbportalar som rettar seg mot visse fagfelt, som til dømes legejobb.no, journalisten.no og teknisk ukeblad. For stillingar i Vestland anbefaler vi vår eigen jobbportal. Her når du dei som ser etter jobb i Distrikts-Vestland og er maks klare for vestlandsliv 🧡

Dei utan planar om å søke jobb

Vidare har du dei som ikkje har konkrete planar om å søke jobb, men er opne for det om den rette stillinga dukkar opp. Denne målgruppa må du jobbe hardare med for at dei skal søke, og ein viktig del av jobben blir å finne ut kor du kan treffe dei og kva som må til for at dei legg merke til deg.
Møter du dei i:

  • Ein post på LinkedIn
  • Ein annonse i lokalavisa
  • Annonsering i eit digitalt bransjemagasin
  • Ein reklamesnutt i ein relevant podcast
  • Ein inspirerande reel på Instagram
  • Ein fengande artikkel på Facebook
  • Eller kanskje ein miks av alle kanalane?


Dette er vurderingar du må gjere når du ser for deg kven du ønsker i søknadsbunken, og det kan vere lurt å teste fleire kanalar og bruke ulike formar for innhald. Stillingsannonsen ligg i botn, men du kan gjerne supplere med film, artiklar og bilde, alt etter kva kanal du brukar.

Kollegaer

Ambassadører: Kollegaer som deler stillingsannonsen og snakkar varmt om arbeidsplassen er svært verknadsfullt i rekruttering.

Dine beste ambassadørar

Det er fort å gløyme ein viktig og verknadsfull kanal: dei tilsette. Oppmod kollegaene dine til å dele stillinga i nettverket sitt, og aller best er det om dei legg til ein personleg kommentar om kvifor dei sjølv trivst i jobben. Sørg også for at stillinga er synleg i alle eigne kanalar, som nettside, nyheitsbrev og sosiale medium. Om du har sjansen til å delta på ei jobbmesse, er det ein ypparleg stad for å komme i kontakt med kandidatar.

Norec

Menneskelege møte er ofte det aller beste treffpunktet for rekruttering.

Menneskelege møte

Ei siste målgruppe som er verdt å nemne er dei som slett ikkje har planar om å bytte jobb, men er attraktive kandidatar. Kanskje legg dei merke til rekrutteringskampanjen din, men det må truleg meir påverknad til. Denne påverknaden skjer gjerne gjennom direkte kontakt frå eit rekrutteringsbyråe eller representantar frå bedrifta som jobbar med rekruttering. Ein telefonsamtale eller eit møte er gull for å selje inn stillinga, og kven veit? Menneskelege møte er ofte det aller beste treffpunktet for rekruttering.

Ønsker du å vite meir om rekrutteringskommunikasjon? Vi tilbyr både rådgjeving og produksjon av innhald når du skal rekruttere til Distrikts-Vestland.

Fleire saker