Karrieremesse Bergen på stand

Arbeidsliv

Slik får du suksess på stand

Framtidsfylket sine karrieremesser i Bergen og Trondheim nærmar seg med stormskritt. Har du starta jobben med å førebu deg?

Om du er smart og vil gjere suksess på stand, startar du jobben nokre veker før. Innsatsen du gjer før under og etter messa er avgjerande for verdien du får tilbake for å delta.

Før messa

Gode ambassadørar på stand

Først og fremst må de tenke gjennom kven frå bedrifta som skal delta. Kven er flink til å snakke med nye menneske? Kven klarar å skape interesse og engasjement når dei presenterer arbeidsplassen sin? Og kven er oppriktig stolt over å jobbe hos akkurat deg?

Send dine beste ambassadørar på stand og la engasjementet smitte potensielle nye jobbkandidatar.

Planlegg standen din

Kva ønsker vi å formidle med standen vår? Kva treng vi av materiale? Skal vi presentere vårt nyaste og kulaste prosjekt? Er det eit produkt vi er spesielt stolt over og ønsker å vise fram? Det kan virke banalt, men er standen din «litt ekstra», vil du få fleire besøkande. Alt i frå ferske bollar til ein kul roll-up har vi sett fungere som ice-breaker. Men hold standen relevant. Du vil jo helst at dei besøkande kjem for deg og ikkje sjokoladen.

Tell the world!

Fortel nettverket ditt at du deltar du på Framtidsfylket si karrieremesse! Bruk sosiale medium, nettsida di, nyheitsbrevet, crm eller andre relevante kanalar og inviter til messe. Send gjerne personlege invitasjonar til kandidatar du har i kikkerten. Vi legg til rette for speedintervju på messa.

Førebu ein pitch

Kva er det aller beste med å jobbe i bedrifta di? Kva får ein bidra til og kva gode kan du tilby? Ein superkort og interessant pitch er ofte det som gjer at kandidaten ønsker å vite meir.

Under messa

Ta eit steg fram

Standen er rigga, lyden av besøkande nærmar seg. Kva gjer du? Det er på tide å ta eit steg fram og vise med heile deg at du har lyst på ein prat. Ver imøtekomande, still spørsmål og vis interesse for fagretning og person.

Tenk langsiktig

Sjølv om du ikkje har ledig stilling akkurat no, vil du truleg ha det i framtida. Då er det lurt med eit nettverk av jobbsøkarar eller studentar som kjenner bedrifta di. Noter kandidatar du pratar med og lag ei liste over interesserte. Denne kontaktlista er gull den dagen du lyser ut ledig stilling.

Studentar

Mange studentar besøker Framtidsfylket sine karrieremesser, og nokre av dei har ein del år igjen å studere før arbeidslivet. Hugs at det er lurt å knyte kontakt med desse også, slik at dei har deg i minne når dei skal ut i arbeid. Kanskje kan du tilby sommarjobb, deltidsjobb eller eit samarbeid om å skrive bachelor eller master?

Gjer avtalar

Det er viktig å følge opp dei som viser interesse for bedrifta di. Gjer avtalar om å kontakte dei etter messa, inviter dei til å besøke arbeidsplassen eller avtal eit jobbintervju.

Etter messa

Den viktige oppfølginga

Forhåpentlegvis har du no ei liste med kandidatar som du møtte på Framtidsfylket si karrieremesse. Send dei ein mail der du takkar for sist og informer om at du ønsker å halde kontakten. Om du lova eit jobbintervju, ein prat om sommarjobb eller anna på messa, er det viktig å følge opp i etterkant.

Lykke til!

Ikkje påmeldt karrieremessa? Då er det på tide:

Påmelding bedrift

Fleire saker