Stine Bortheim trainee i Intin

Arbeidsliv

Trassa frykta og fekk seg jobb

Tekst: Marie Tefre Birkeland

Foto: Marie Tefre Birkeland

Stine Bortheim (24) var veldig nervøs før ho deltok på digital jobbmesse i juni. Ho hoppa likevel i det, og angrar ikkje – for der møtte ho nemleg sin noverande arbeidsgjevar.

– Det var skikkeleg skummelt i forkant. For meg var konseptet heilt nytt, ukjent og skremmande. Det var tusen tankar. Kva skulle eg snakke om, liksom?

I panikkmodus

Bortheim fekk invitasjon til Framtidsfylket si digitale jobbmesse på Facebook, og konkluderte fort med at dette måtte ho delta på.

– Eg var eigentleg i panikkmodus heile den sommaren fordi eg stod utan jobb. Dessverre fekk eg ikkje delteke på Framtidsfylket si karrieremesse i Bergen i februar, og tenkte at her kan eg ikkje sitte på gjerdet. Eg må faktisk vere aktiv sjølv.

Ut av komfortsona

Tanken på videointervju var det som skremde 24-åringen mest. Det er valfritt å booke videomøte, men for hennar del var det ikkje eit alternativ å la vere.

– Når ein først skal delta på ei digital jobbmesse er ein jo der for å vise fram seg sjølv. Det må ein berre køyre på. Og det gjekk veldig bra! I løpet av messa hadde eg tre heile videointervju.

Og det lønna seg, for det eine gav full klaff.

– Eg hadde høyrt mykje bra om Intin og tenkte eg kunne booke eit videomøte med dei sidan eg allereie var på messa. I tillegg hadde eg nyleg fått tips om at dei hadde ei ledig traineestilling innan marknadsføring og sal, noko eg fann svært interessant. Så eg prata ganske lenge med Hugo Mølmesdal, som er dagleg leiar i Intin, og saman fann vi ut at traineestillinga var midt i blinken for meg og mi utdanning.

Ikkje lenge etterpå var søknaden sendt inn.

Sa opp jobben

I håp om å få jobb i Sunnfjord sa ho opp deltidsstillinga si i Telia i Bergen, heilt uvitande om korleis framtida såg ut.

– Det kjentes risikabelt å seie opp ein trygg jobb, men eg var fast bestemt på å flytte heimover.

På veg inn i lokalet, på hennar aller siste arbeidsdag, ringte telefonen.

– Hugo frå Intin ringte og tilbydde meg jobb! Det var heilt perfekt.

– Hugo frå Intin ringte og tilbydde meg jobb! Det var heilt perfekt.

Stine Bortheim jobbar i Intin på Peak Sunnfjord

På rett stad: Stine Bortheim ville svært gjerne jobbe på Peak Sunnfjord om du skulle flytte til Førde. Flaks for ho at Intin er blant bedriftene som har kontor i det spennande klyngelandskapet.

Første arbeidsdag

I starten av august starta ho i traineestillinga innan marknadsføring og sal. Ein draumejobb, ifølge ho sjølv.

– Her får eg brukt utdanninga mi, og eg har verkeleg vert kasta ut i det. Hugo sa for nokre dagar sidan at «ein hoppar i elva og så må ein lære å svømme», og det er akkurat slik eg vil skildre dei første vekene her. Og det er så positivt og kjekt. No har eg snart vore her ein månad, og eg har allereie gjort så mykje at det kjennes ut som eg har vore her mykje lengre.

«Berre gjer det!»

I oktober skal Framtidsfylket arrangere ei ny digital jobbmesse og Bortheim oppmodar alle om å melde seg på.

– Berre gjer det! Når ein er i ein jobbsøkarprosess må ein gjere ting som er litt ukomfortabelt, men ein kjem som regel godt ut av det. Det er ein god eigenskap å kunne pushe seg sjølv. Dessutan er det berre menneske ein snakkar med, og dei er som regel hyggelege. Eg har i alle fall god erfaring frå messa. Eg fekk jobben og det var målet, seier ho, med eit stort glis.