convene ida ryssdal

Arbeidsliv

Stein på stein med employer branding

– Employer før Branding, skriv Ida Ryssdal i Convene Group.

Ida Ryssdal er HR-leiar i Convene Group og jobbar med rekruttering til selskapet sine kontor på Sandane, i Førde og i Oslo. Ho skriv månadens innlegg på Framtidsfylket sin blogg om rekruttering.

Arbeidsmarknaden har vore brennheit den siste tida. I følgje SSB har arbeidsledigheita, med få unntak, ikkje vore lågare sidan 2009. Mange arbeidsgjevarar erfarer at det er utfordrande å finne den riktige kompetansen.

Vi må kjempe for dei beste kandidatane. Våre eigne dyktige tilsette vert kontakta av konkurrerande verksemder. Vi skannar nettverket vårt og tek kontakt med det vi kan kome på av aktuelle kandidatar. Samtidig veit vi at i høve til folket totalt sett, vil det bli stadig færre personar i arbeidsfør alder i åra framover. Konkurransen hardnar til.

Arbeidsforhold som produkt

Parallelt med dette veks det fram ei erkjenning av at også eit arbeidsforhold er eit produkt som må seljast. Kanskje ikkje så rart at «Employer Branding» har blitt eit buzz-word dei siste åra. Men kva er eigentleg dette, og korleis jobbe med det?

Enkelt forklart handlar employer branding om å bygge ei attraktiv merkevare rundt selskapet som arbeidsgjevar, med mål om å tiltrekke seg og behalde dei riktige folka. Ved å marknadsføre og kommunisere verksemda sin kultur, verdiar, arbeidsmiljø og karrieremoglegheiter er målet å vere ein attraktiv arbeidsplass for eksisterande og potensielle medarbeidarar. I litt utvida forstand:

Mykje av det du gjer i kraft av å vere leiar og arbeidsgjevar, er employer branding.

Det viktigaste er kanskje å behalde dei flinke folka som jobbar hos deg. Sjølvsagt fordi du treng deira kompetanse og bidrag i arbeidsmiljøet, men også fordi rekruttering av ny kompetanse er svært ressursskrevande.

Dei aller beste rekrutterarane er dessutan alle dei som allereie jobbar hos deg.

Den beste marknadsføringa er at dei er nøgd med jobben og arbeidsgjevaren sin og fortel om dette til vener, familie og lokalsamfunn. Slik vil ryktet om deg som arbeidsgjevar jobbe til din fordel.

Det kjem ikkje gratis.

Det krev god leiing, verdsetting av dei tilsette, kommunikasjon og informasjon, spennande arbeidsoppgåver og interne utviklingsmoglegheiter, gode kollegaer og godt arbeidsmiljø, og ein sunn balansegang mellom jobb og fritid. Det hjelper lite med popcorn-maskin på kontoret om arbeidsmengda er uoverkommeleg, sjefen skjeller deg ut på julebordet eller du aldri ser ungane dine.

Convene kollegabilde

Tid med kollega utanfor kontoret er verdifullt for eit godt arbeidsmiljø. (Foto: Jarle Gjengedal)

Employer før Branding

Ein kan såleis seie at Employer kjem før Branding. Den gode arbeidsplassen må ligge i botnen, om ein skal lukkast med marknadsføringa. Det er trass alt grenser for kor mykje du kan pynte brura i stillingsannonsar, sosiale media og på karrieremesser.

Spør!

Innimellom treng du også nokre nye medarbeidarar. Korleis skal du marknadsføre deg? Kva skal du fortelje? Mitt beste tips er å spør dei tilsette. Kva er det som gjer at dei trivest på jobb? Kva er det beste med akkurat denne arbeidsgjevaren? Lag ei enkel spørjeundersøking der du ber medarbeidarane svare på akkurat desse spørsmåla, ta det opp i lunsjen eller bruk gode sitat frå medarbeidarsamtalen, sjølvsagt med samtykke frå dei det gjeld.

Eit kollegium på lag

Det er historiene til folka dine du skal fortelje – og har du lukkast med å få dei med på laget ditt, fortel dei den sikkert saman med deg. Kanskje vil dei også hjelpe deg å finne dei gode kandidatane du skal fortelje til.

Med det sagt er ikkje alle arbeidsplassar for alle, og det må være ein match begge vegar. Du må spisse bodskapen og vende deg til dei du trur vil finne seg til rette med kultur og kollegium, ansvar og oppgåver.

Mitt råd er å vere genuin og ærleg – fortel om kultur, verdiar og arbeidsmiljø med dei tilsette sine ord. Om du i tillegg klarar å spisse bodskapen, gjennomføre tillitsvekkande rekrutteringsprosessar og tilby konkurransedyktige vilkår, vil du truleg lukkast. Om ikkje, må du berre å fortsette å bygge stein på stein.

Rekrutteringsprosessen er ein sprint, employer branding er eit maraton.

Ida Ryssdal
HR-leiar, Convene Group

Fleire saker