Sander NHO Vestland

Nyheiter

Sander er NHO Vestland sin første trainee i Florø

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: NHO Vestland

Etter å ha erfart kor krevjande det er å få tak i rett kompetanse, fann NHO Vestland ut at dei skulle prøve ei traineestilling. Det gav uttelling.

NHO Vestland deltar i år i Framtidsfylket sitt traineeprogram for første gong. No er Sander Rusten Hauge på plass som trainee og skal jobbe med næringsliv, politikk og kommunikasjon.

– Traineeprogrammet passar oss veldig bra. Vi ønskjer å bidra til at fleire blir kjent med næringslivet i Vestland og synleggjere dei moglegheitene som finst her, seier Wenny Irene Hansen. Ho er rådgjevar for marknad i NHO Vestland med kontorstad Florø.

Er du vår neste traineebedrift? Les meir her.

Krevjande å få tak i rett kompetanse

Regiondirektør Helene Frihammer fortel at NHO Vestland i fleire rundar dei siste åra har søkt etter ein politisk rådgjevar til Florø, men at det dessverre ikkje har lukkast.

– Det er krevjande for svært mange å få tak i rett kompetanse i desse dagar, ettersom kompetansegapet er stort. For stillinga som politisk rådgjevar valde vi å opne for kontorstad Bergen, noko som fungerer svært bra i dag med rett person, forklarer ho.

– Å få ein trainee med på laget bidreg til eit betre arbeidsmiljø for oss tilsette.

Helene Frihammer NHO

Helene Frihammer, regiondirektør i NHO Vestland.

Etterlengta kollega

Men det var framleis eit lite vakuum på Florø-kontoret, der Hansen sat som einaste tilsett. Etter kvart bestemte dei seg for å lyse ut ei traineestilling gjennom Framtidsfylket. Frihammer er full av lovord om ordninga:

– Å få ein trainee med på laget bidreg til eit betre arbeidsmiljø for oss tilsette. Det er også positivt for kontorfellesskapet Peak Florø, og U40-nettverket i Florø. Og å bidra til tilflytting til kystbyen Florø er berre positivt.

NHO Vestland

Som tilsett i NHO får ein jobbe med eit stort kompetansemiljø i heile landet med tilgong til eit stort fagleg nettverk. Her er fleire NHO-arar samla på Kompetansedagen på Skei i 2022. (Foto: NHO Vestland)

Svært gode kandidatar

– NHO er ein stor organisasjon som kan gi ein trainee erfaringar innanfor fleire felt. Samstundes får vi tilført fersk kunnskap og kompetanse. Vi fekk mange gode søkarar frå heile landet og gjennomførte fleire intervju, først digitalt og deretter fysisk. Å velje den rette kandidaten blant mange gode søkarar er ikkje lett, fortel Frihammer.

Til slutt var det Sander Rusten Hauge frå Odda som utpeikte seg som den sterkaste kandidaten. Han er 25 år og nyutdanna innan media og kommunikasjon i Volda. Sander gjorde inntrykk ved å vere svært opptatt av næringslivet i Vestland og ved å løyse caseoppgåvene han fekk presentert på ein svært god måte. I tillegg ville han heller jobbe i Vestland i ein mindre by framfor storbyane, noko som gjorde at stillinga i Florø passa han bra.

– Så langt er opplevinga som traineebedrift utelukkande positiv. Sander har flytta til Florø og er godt i gang med jobben, samstundes som han er på god veg til å skaffe seg eit nettverk lokalt. No ser vi fram til å delta på samling med Framtidsfylket der både mentorar og traineear vil bli endå betre kjent, seier Hansen.

– Så langt er opplevinga som traineebedrift utelukkande positiv.

Wenny Irene Hansen NHO Vestland

Wenny Irene Hansen, rådgjevar marknad i NHO Vestland, og inntil nyleg einaste tilsett i Florø. (Foto: Ole Kristian Olsen)

Ser fram til å gjere ein forskjell

– Som nyutdanna innan kommunikasjon ser eg fram til å vere med å bidra på NHO-laget for å legge til rette for næringslivet i Vestland. Det var noko av grunnen til at eg valde å flytte tilbake til heimfylket. Det er mykje spennande som skjer her og det vil eg vere ein del av, seier Sander om kvifor han søkte på traineestillinga.

Oddingen har no hatt sine fyrste veker i NHO Vestland og byrjar å kome seg til rette på kontoret og i Noregs vestlegaste by.

– Å få arbeide med og møte dyktige folk er noko eg ser som ein fordel i traineeprogrammet. Samstundes gjer det ikkje noko å få bu med ein så storslagen natur rundt meg som Florø og omegn tilbyr.

Sander NHO

Sander er klar for eit innhaldsrikt år som trainee i NHO Vestland. (Foto: NHO Vestland)

Vil du tilsette ein trainee i 2024/25? Les meir her.
Eg vil vite meir om å vere trainee

Fleire saker