Vi gjer arbeidsliv i Vestland kjent!

Framtidsfylket jobbar for å rekruttere og behalde kompetanse og arbeidskraft i Vestland. Har du spørsmål, gode innspel eller berre lyst på ein hyggeleg prat?

Jobb i Vestland, Hardanger

Dette er Framtidsfylket

Framtidsfylket jobbar for å skape møtepunkt mellom arbeidsgivarar i Vestland og arbeidstakarar, der målet er at nye arbeidsforhold oppstår.

Vestland har eit variert og innovativt arbeidsmarknad som Framtidsfylket skal auke kjennskapen til. Dette gjer vi:

  • Fortel om arbeidsliv, næringsliv og gründerliv i Vestland
  • Tilbyr eit av Noregs mest attraktive traineeprogram
  • Portal for ledig stilling
  • Karrieredagar, karrierefestival og andre karrierearrangement
  • Kompetanseheving innanfor ulike rekrutteringstema
  • Rekrutteringskonferanse
  • Rådgjeving innan rekrutteringskommunikasjon

Berekraft + Framtidsfylket = sant

Framtidsfylket har prioritert følgjande berekraftsmål:

  • Berekraftsmål nr 8: Anstendig arbeid og økonomisk vekst
  • Berekraftsmål nr 10: Mindre ulikheit
  • Berekraftsmål nr 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn
  • Berekraftsmål nr 17: Samarbeid for å nå måla

Framtidsfylket skal vere ein samarbeidspart i rekrutteringsaktivitetar i heile Vestland for å auke kunnskap om rekruttering og rekrutteringskommunikasjon, men også bidra til at arbeidsgivarar i Vestland får tak nødvendig arbeidskraft for å delta i det grøne skiftet. Dette vil bidra i arbeidet med å skape anstendig arbeid og økonomisk vekst i tråd med mål nr 8, og å nå berekraftsmål nr 11: Berekraftige byar og lokalsamfunn, minske ulikheit i tråd med berekraftmål nr 10, samt auke samarbeid på tvers av heile Vestland i tråd med berekraftsmål nr 17: Samarbeid for å nå måla.

  • Delmål nr 5.5: «Sikre kvinner fullstendig og reell deltaking og like moglegheiter til ledande stillingar på alle nivå der slutningar tas, i det politiske, det økonomiske og det offentlege liv».

Framtidsfylket er samarbeidspartner i Styrekandidat Vest, som skal bidra til å kople potensielle styremedlemmer med styrer, der målet blant anna er å auke kvinneandelen i styrer.

Kvifor blei Framtidsfylket til?

Framtidsfylket er eit resultat av fleire initiativ frå arbeidgjevarar i Vestland som saman ønska å satsa på rekruttering av fersk kompetanse til regionen. Framtidsfylket AS blei oppretta tilbake i 2009, og har 35 verksemder frå både privat og offentleg sektor som eigarar. Eigarane tar ikkje ut utbytte, og all forteneste går til drift.

Hovudmålsettinga er at Framtidsfylket skal bidra til vekst og verdiskaping i Vestland gjennom rekruttering av kompetanse og arbeidskraft.
Meir informasjon om eigarskap, styre og drift finn du her.

Samarbeidsavtale med Vestland Fylketskommune

Framtidsfylket AS skal som ein del av sitt virke bidra med: At fleire unge med relevant kompetanse vel å bu og arbeide i Vestland fylke med aktivitetar som ertilgjengelege for heile Distrikts-Vestland.Aktivitetar:

  • Traineeprogram
  • Ulike karrieretreff og messer der student møter arbeidsgjevar
  • Overordna og felles profilering av vestlandslivet mot målgruppa: Studentar og Jobbkandidaten
  • Kompetansebank innan rekrutteringskommunikasjon
  • Verktøy for kommunar og næringsliv for å tiltrekke og behalde folk.
Missing caption
Linda Hovland Dagleg leiar +47 990 17 852 linda@framtidsfylket.no
Missing caption
Kristine Slettehaug Kommunikasjonsrådgjevar +47 917 72 842 kristine.slettehaug@framtidsfylket.no
Missing caption
Solveig Bjørhovde Rindal Kommunikasjonsrådgjevar - I permisjon +47 480 62 207 solveig@framtidsfylket.no
Missing caption
Kine S. Vikse Rådgjevar +47 90 98 9738 kine@framtidsfylket.no
Missing caption
Stine Bortheim Kommunikasjonsrådgjevar +4745001425 stine@framtidsfylket.no