KM Bergen

Arbeidsliv

Treng vi endå ein konferanse?

Finst det nok scener med folk som skal fortelje oss korleis vi skal gjere det? Ikkje når det kjem til rekruttering.

Anten det er snakk om innovasjon, næringsutvikling, tilflytting, rekruttering, kompetanse eller distriktet, nikkar dei fleste samtykkande når folka blir trekt fram som den viktigaste ressursen.

Men korleis får vi tak i dei og korleis får vi dei til å bli?

Konferanseboom

Det er tema for den nye rekrutteringskonferansen FOLKA. Mange vil kanskje tenke at det er nok konferansar ute og går? Heilekonferansen, Handelskonferansen, Tempo-seminaret, Kraft i Vest, Havbrukskonferansen, Næringskonferansen i Flåm og fleire. Alle med mål om å inspirere til framdrift.

Når vi no kjem med endå ein konferanse, er det fordi det brenn på dass. Heile 67% av NHO sine medlemsbedrifter i Vestland oppgir eit udekt kompetansebehov. Det er på tide å vie vår viktigaste ressurs, arbeidstakaren, meir merksemd.

Inga enkel suksessoppskrift

Saman med Nordfjordakademiet, Sogn Næring, Sunnfjord Utvikling og NHO Vestland ønsker vi å skape ein konferanse som gjer at fleire lukkast med rekruttering. Det finst ikkje ei enkel suksessoppskrift for å få tak i folk, heller ikkje å halde på dei. Men det finst verktøy og kunnskap som kan hjelpe deg med å:

  • Skape gode relasjonar internt
  • Bygge jobbmerkevare i arbeidsmarknaden
  • Betre trivselen på arbeidsplassen
  • Lage knakande gode stillingsannonsar
  • Få fleire søkarar når du lyser ut ledig stilling

"Vi som jobbar med rekruttering er svoltne på kunnskap"

Samarbeid i Sogn og Fjordane

Attraktiv konferanse

Billettane til konferansen har rast ut, og etter nokre veker måtte vi legge ut ekstrabillettar. Kva seier det oss?

Vi som jobbar med rekruttering i distriktet er svoltne på kunnskap om temaet. Vi treng ny inspirasjon til å "gønne" på vidare, og vi treng verktøy for å lukkast. Det er definitivt rom for endå ein konferanse. For utan folka er vi ingenting. Då stoppar alt opp.

Eg vil melde meg på

Fleire saker