Marta Strandos

Trainee

Dette har ikkje Sunnfjord kommune gjort før: – Full klaff!

For første gong har Sunnfjord kommune tilsett ein trainee. For dei vart det full klaff på første forsøk.

– Dette er ein god måte å jobbe med rekruttering på, meiner Marta Strandos etter eit år som traineebedrift i Framtidsfylket.

Ho er leiar i USHT Vestland (Sogn og Fjordane), som har som oppdrag å bidra til å styrke kvaliteten i helse- og omsorgstenestene, med Sunnfjord som vertskommune. Strandos var ein av dei som tok initiativ til at dei skulle vere med i Framtidsfylket sitt traineeprogram.

– Sunnfjord kommune har eit ansvar for å tilby nyutdanna ein sjanse til å etablere seg i arbeidslivet. Samtidig såg vi på dette som ei moglegheit til å få ny og nødvendig kompetanse inn i organisasjonen.

Sogndal kommune enda med å tilsette to traineear.

Solid søknadsbunke

Sunnfjord kommune gjekk breitt ut då dei søkte etter ein person som kunne hjelpe dei med kommunikasjon og formidling. Gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram var dei del av ein omfattande rekrutteringskampanje.

– Ei open utlysing i kombinasjon med kampanjen gjorde at vi fekk ein solid søknadsbunke med mange kvalifiserte søkarar. Det handla mest om å finne den aller beste matchen, fortel Strandos.

Ein stor ressurs

Til slutt var det austlending og medievitar John Eirik Anfinsen som fekk traineestillinga. Det vart full klaff, ifølge Strandos.

– Det viste seg å vere eit godt val. Han hadde kompetansen som vi mangla, og det tok ikkje lang tid før han tilførte oss nyttig kunnskap. Det første han gjorde var å lage ein strategi og ein kommunikasjonsplan, i tett samarbeid med sine kollegaer. Han har vore ein stor ressurs for oss, både med sin kunnskap og kapasitet. Vi kjem til å vidareføre det han har tilført oss.

Hadde aldri fått same ansvaret i Bergen

– Her får eg verkeleg utfordra meg fagleg, seier Anfinsen om året som trainee i Sunnfjord kommune.

Han opplever stor variasjon i arbeidsoppgåver, men også stort ansvar.

– Den tilliten eg har fått i Sunnfjord kommune måtte eg nok jobba fem år i Bergen kommune for å få. Her er det kort veg til næraste leiar, og eg har stor innflytelse på alt eg gjer. Det er litt skummelt som nyutdanna, men også veldig spennande å få lov til å påverke ein så viktig organisasjon som USHT. Det er eit stort ansvar å få lov til å forme kommunikasjonsplanar og strategiar.

John Eirik

John Eirik Anfinsen ønska seg ein tilpassa inngang til arbeidslivet.

Den viktige erfaringsutvekslinga

Han søkte på traineeprogrammet fordi han ønska ein tilpassa inngang til arbeidslivet, samt det sosiale nettverket som følger med eit traineekull. Saman med 30 andre traineear har han deltatt på samlingar, erfaringsutveksling, turar, kurs og bedriftsbesøk. Alt med mål om å bygge nettverk og kjennskap til området.

– Erfaringsutveksling med andre menneske som er på same stad som meg i livet, har kanskje vore det mest nyttige i traineeprogrammet. Vi diskuterer felles utfordringar og gleder og gir kvarandre innsyn i ulike bransjar og arbeidsplassar, fortel Anfinsen.

"Trainee-programmet er eit slags sikkerheitsnett"

Marta Strandos

Traineeprogrammet er eit sikkerheitsnett

Og det er akkurat erfaringsutvekslinga Strandos trekk fram som ein viktig faktor i traineeprogrammet:

– Du får på ein måte eit sikkerheitsnett. Som heilt ny i arbeidslivet og jobben er det godt å ha sparringspartnarar og eit fora du kan få lufta litt tankar og erfaringar i.

Ho skildrar traineeprogrammet som eit mellomsteg frå beskytta student til å bli kasta ut i arbeidslivet.

– I første møtet med arbeidslivet er det godt å ha nokon på sida og få litt råd og rettleiing. Nokon treng litt, andre meir.

Første tida er mest krevjande

På spørsmål om kva det krev av traineebedrifta å vere med i programmet, trekk ho fram første tida:

– I starten krev det at du brukar tid på å sette traineen inn i organisasjonen og kople han opp mot det nettverket vi har, samt gi han varierte utfordringar. Som traineebedrift forpliktar du deg til at traineen skal ha ein eigen mentor i bedrifta som føl han opp.

Det er også viktig å prioritere samlingane:

– Vi har vore tydelege på at John Eirik følger programmet. Det synest eg er det viktigaste. At han blir kjent med andre traineear og at dei dagane det er traineesamlingar blir halde av til det.

Byguten som fekk ein spennande jobb

John Eirik ser på seg sjølv som ein typisk bygut, og hamna her først og fremst på grunn av jobb.

– Eg saknar litt fleire tilbod, seier han om tida i Sunnfjord og legg til:

– Ein må gripe dei sjansane ein får, smiler han.

Sjølv om traineeprogrammet i utgangspunktet berre tilbyr jobb i eitt år, er det mange som får tilbod om fast stilling vidare. John Eirik har foreløpig fått ei prosjektstilling.

– Kva som skjer vidare og om eg blir i Sunnfjord handlar mest om jobb. Eg har ikkje noko mål om å flytte, men eg må ha ein spennande jobb for å bli. Det er kanskje det som knyt meg mest til området.

Les meir om å vere traineebedrift

Fleire saker