Daniel Dvergsdal Randstad

Daniel Dvergsdal er teamleiar i Randstad Norway.

Arbeidsliv

Arbeidstakarar frå Vestlandet er meir krevjande enn nordmenn flest

Norske arbeidstakarar set høge krav til arbeidsgjevar, og vi vestlendingar er dei som er mest kravstore, skriv Daniel Dvergsdal i Randstad Norway.

Randstads employer brand-undersøking viser at det er meir krevjande å rekruttere på Vestlandet enn elles i Noreg.

Kampen om talenta er i ferd med å bli knallhard. Det har aldri vore fleire ledige jobbar enn det er akkurat no. Både Finn.no og NAV melder om rekordmange utlysningar i siste kvartal. Dette gjer at tilbodet til dei arbeidssøkjande på enkelte områder er svært høgt.

Vi i Randstad opplev at det er mangel på søkjarar til stadig fleire yrkeskategoriar og med det aukar også krava til arbeidsgjevar. Arbeidstakarar på Vestlandet er tydelegvis meir bevisste på dette enn andre stadar i landet, og kan derfor vere endå meir utfordrande å rekruttere.

Vit kven du snakkar med

Veit du kven du ønskjer å ha med på laget, blir det også enklare å skreddersy kommunikasjonen mot aktuelle kandidatar. Alle grupper har sine ulike motivasjonar og drivarar, og i ein kandidatstyrt marknad kjem du ikke langt med “one-size-fits-all" lenger.

For eksempel er det heilt tydeleg å sjå at arbeidstakarar over 50 år set heilt andre krav enn dei yngste. Medan dei yngste har mest fokus på opplæring og utvikling, ønskjer dei eldste seg ein arbeidsgjevar der oppgåvene er interessante. Utan å analysere krava til målgruppene dine kan du derfor komme til å bomme fullstendig på utlysninga, og dermed ende opp utan søkjarar i det heile tatt.

- Dei selskapa som berre set krav til søkjarane, og unngår å fortelje kva dei sjølve har å tilby, vil etterkvart falle gjennom.

Daniel Dvergsdal Randstad Norway

Daniel Dvergsdal, Randstad Norway

Læring og opplæring i jobb stadig viktigare

Randstad har forska på dette dei siste 20 åra og gjennomfører årleg ei arbeidsmarknadsundersøking med om lag 200 000 respondentar globalt. I Noreg gjer vi djubdeintervju med over 4000 arbeidstakarar, og det er dette som ligg til grunn for dei omfattande dataene vi har om arbeidslivet og kva som påverkar dette.

Den største endringa i kva som er viktig for arbeidstakar ser vi innan læring og opplæring i jobb. Framleis er dette viktigast for dei yngste arbeidstakarane, men no ser vi at det vert stadig viktigare også for godt vaksne kandidatar. Dei bedriftene som evnar å tilby gode utdanningsløp for sine tilsette vil derfor ha eit stort forsprang i kampen om talenta.

Kresne arbeidstakarar i vest

Elles kjem det tydeleg fram i rapporten frå Randstad at Vestlendingane er meir kravstore enn gjennomsnittet. Dei set større krav til arbeidsgjevar og er meir tydelege i sine ønskjer. Skal du rekruttere er det derfor eit godt råd at du er krystallklar på kva du har å tilby eventuelle søkjarar.

Når du tilset må du marknadsføre bedrifta og dei kvalitetane du har, samtidig som du må matche ønskjene til den potensielle arbeidstakaren. Dei selskapa som berre set krav til søkjarar i sine stillingsannonser, og unngår å fortelle kva dei sjølve har å tilby, vil etterkvart falle gjennom.

Vi har sett ei stor endring hos bedriftene den siste tida, der fleire og fleire no ser kor viktig employer branding er. Alt frå mindre bedrifter til globale gigantar tek kontakt med oss for råd og veiledning knytta til korleis ein skal kunne framstå som ein attraktiv arbeidsgjevar, og slik vi ser det er behovet vel så stort, om ikkje større, for vestlandsbedriftene.

Daniel Dvergsdal
Teamleiar i Randstad Norway

Fleire saker