Tone Kvåle

I Norconsult Sogn og Fjordane får dei tilsette sjølv velje kvar dei vil bu og jobbe. Finst det ikkje eit kontor der, kan det godt hende dei oppretter eit, slik som her på Nordfjordeid i 2021.

Arbeidsliv

Me vil ha tak i dei beste og trivelegaste folka!

Norconsult har ein bevisst strategi om å vere lokalt tilstades i heile landet – tett på kundane våre og ein attraktiv arbeidsplass. Eg vil tore å påstå at Norconsult er den mest disktriksvenlege rådgjevaren i landet, skriv Tone Myklebust Kvåle.

Tone K. Myklebust Kvåle leiar Norconsult Sogn og Fjordane, som i dag har omlag 75 tilsette fordelt på seks kontorstadar. Ho skriv månadens innlegg om rekruttering.

Høg fagleg kompetanse er viktig i ei verksemd som vår. Me må heile tida heve oss og vere i front når det gjeld ny kunnskap. Mange søkjer seg til oss nettopp for å kunne jobbe spissa med faget sitt i eit godt fagmiljø, og me er stolte av å kunne tilby denne type kompetansearbeidsplassar i distriktet. 

Filosofien er at me kvar dag skal jobbe for ein betre kvardag – både for samfunnet generelt og for kvar enkelt. For å lykkast med det MÅ me ha ein god arbeidsplass, motiverte medarbeidarar, og spennande og varierte oppdrag. Kultur og arbeidsmiljø står sterkt, og det skal vere kjekt å komme på jobb kvar dag! Me ønskjer ein arbeidsplass der me støttar og hjelper kvarandre for ein best mogleg arbeidskvardag, også på gråare dagar. 

Ein må ikkje bu i Oslo, eller andre sentrale strøk for å ha dei mest spennande jobbane!

Tone Myklebust Kvåle Norconsult

Tone K. Myklebust Kvåle, leiar i Norconsult Sogn og Fjordane. (Foto. David Zadig)

Kva er det me ser etter?

Tidlegare hadde me 1-2 rundar med stillingsannonsar i lokalavisene i året. No har me ute ledige stillingar nesten heile tida, og mange tek også kontakt utanom. I jakta etter nye medarbeidarar er det viktig å finne dei som kan fungere i samspelet mellom ulike fagområde, kollegaer, oppdrag, kundar og samarbeidspartar. Den gode fagkompetansen må alltid liggje i botn, og me søker etter kompetanse som me enten manglar, eller som er med og styrkar fagmiljøa me har frå før.

Utover det ser me veldig nøye etter dei «rette» typane, dei som er positive og nysgjerrige og som vil bidra til å utvikle oss vidare, og som ønskjer å ta ansvar. Me ser etter dei som kan samarbeide godt i team og som vil vere med å skape ein triveleg arbeidsplass både for seg sjølv og andre. Det er generelt store forventningar til alle som jobbar hjå oss, men det er òg store moglegheiter til å utvikle seg og vere med å skape noko. I periodar er det eit yrke som er utsett for stress og press, både når det gjeld leveransar og fristar, uføresette utfordingar som dukkar opp og problem som må løysast. Men eg håpar og trur at dei fleste dagane er givande og varierte, og at medarbeidarane opplever Norconsult som ein fleksibel arbeidsgjevar som også tek omsyn til den enkelte sine behov og situasjon.

Det vert jobba for å auke mangfaldet i selskapet, og kvinneandelen spesielt då rådgjevarbransjen generelt har vore, og er mannsdominert. Målet er ei 40/60 fordeling, også når det gjeld leiarar.

Sogndal Norconsult

God stemning i landskapsarkitektane sitt hjørne i Sogndal.

Sogndal Norconsult landskapsarkitektur

Frå venstre: landskapsarkitektane Lars Arne Bakke, Johanne Broch Hauge og Gøril Holen Lomheim, sivilingeniør bygg Svein Romstad.

I Sogn og Fjordane har me eit aukande tal kvinner, no ca. 30%. Førebels er kun 1 av 7 linjeleiarar kvinner, så her har me framleis ein veg å gå. Samstundes har me fleire dyktige kvinner lokalt som tek på seg prosjektleiaransvar og styrer store tverrfaglege oppdrag for Norconsult, kanskje vel så krevande som å vere linjeleiar. Slik eg opplever det er det ikkje skilnad på menn og kvinner når det gjeld moglegheiter innan fag og oppdrag, og elles til å ta på seg ansvar for dei som ønskjer det.

Me merkar elles godt at konkurransen om nye medarbeidarar er hardare enn før, og me må jobbe godt både med å rekruttere, men ikkje minst også for å utvikle og behalde dei beste folka hjå oss.

Eit døme på dette er då me i 2019 oppretta nytt kontor på Sandane for å behalde ein dyktig geoteknikar som flytta frå hovudkontoret i Sandvika til Sandane. Pendleavstanden til Sogndal eller Førde var for lang. Me hadde ikkje kontor i Nordfjord frå før – så det var også ei strategisk avgjerd å etablere oss i Nordfjord.

Beate Kvalsund i Norconsult på Sandane

Beate Kvalsund på plass på kontoret sitt på Sandane i 2019. Beate er utdanna sivilingeniør innan geoteknikk og jobbar med å sikre trygg byggjegrunn og stabilitet for alle typar konstruksjonar og anlegg. (Foto: Firda Tidene v. Inger H. Aske)

Me har eit samfunnsansvar

Som ein stor aktør innan samfunnsplanlegging og prosjektering må me vere bevisste på det samfunnsansvaret me har, fordi løysingane og råda våre er med å påverke omgjevnadane rundt oss. Dei tilsette hjå oss bur i dei mange bygdene og tettstadene i Sogn og Fjordane, og har difor stor omsorg og interesse for lokalmiljøet dei bur og lever i, og dei ønskjer å vere med å utvikle staden sin på ein god måte. Me har stor tru på den verdien kortreist planlegging og prosjektering har for lokalmiljøet også i eit berekraftperspektiv.

Ein må ikkje bu i Oslo, eller andre sentrale strøk for å ha dei mest spennande jobbane! Det skjer mykje interessant lokalt i Sogn og Fjordane som me får vere med på å planlegge og prosjektere. Me har også mange medarbeidarar som jobbar i store og små oppdrag rundt i heile landet – nettopp fordi dei er fagleg flinke – og ikkje minst fordi dei er kjekke folk, gode på å samarbeide med andre og bidreg konstruktivt i dei oppdraga dei er med i.

Dei siste 10 åra har Norconsult i gamle Sogn og Fjordane meir enn dobla talet på tilsette, og me er no omlag 80 stk. totalt med sju kontorstader frå inst i Sogn til Sunnfjord og Nordfjord; Årdalstangen, Gaupne, Sogndal, Førde, Flekke, Sandane og Nordfjordeid. Gaupne er den siste lokasjonen vår; oppretta i 2022 etter pandemien som eit alternativ til heimekontor for Lustringane våre, og fordi me også fekk det trongt på kontoret i Sogndal. Flekke med fem tilsette høyrer organisatorisk til Fornybar Energi i Sandvika, og er leia av Marta Haukeland Kleiven som sit lokalt i Flekke.

Kva stad som vert vår neste lokasjon? Det vil vere avhengig av både marknaden og kvar me greier å få tak i dei beste folka – og ja, kvar dei framtidige medarbeidarane våre vil bu.

Norconsult på Nordfjordeid åpning av kontor

Eit kjekt minne, 2 år har gått og Norconsult veks og trivst på Nordfjordeid. Frå 2 medarbeidarar i 2021, er det no 4 tilsette, og fleire kan vere på veg i løpet av hausten. Frå venstre tidlegare ordførar i Stad, Alfred Bjørlo, Tone Kvåle, leiar Norconsult S& Fj og dei to blide nytilsette sivilingeniørane Ola F. Sørensen (veg) og Lars Ivar Kjesbu (vatn og avløp).

At me har lukkast såpass godt med rekruttering hjå oss skuldast ulike forhold:

  • Bransjen generelt er attraktiv for ingeniørar, arkitektar og landskapsarkitektar.
  • Me tilbyr spennande jobbmoglegheiter for utflytta Sogn og Fjordingar som ønskjer seg heimatt.
  • Me rekrutterer utvilsamt godt på naturen vår – fjell, fjord og friluftsliv og «det gode liv» i Sogn og Fjordane – her treff me også dei utan lokal tilknyting. 
  • Intern rekruttering i selskapet – Norconsultarar som flyttar utan å måtte byte jobb, ein stor fordel med så mange kontorstader rundt om i landet
  • Me kan opprette nye kontorstader for å både å rekruttere og behalde dyktige folk.
Norconsult topptur

Spreke Norconsultarar på topptur før jobb. Soloppgang på Molden og innspeling av ein episode av Laussnøbiblioteket til fjellsportfestivalen i Sogndal i 2018.

Norconsult topptur

Frå venstre: Tommy H. Søjdis, Martin Fykse, Ole Ivar S. Eide, Siri Bente Haugen, Jan Sølve Haugen, Casper Andersen og Eirik Henanger. (Foto: Svein Romstad også med på turen)

Det me får til i lag er det aller viktigaste

Fornøgde kundar og verdiskapande rådgjeving for kunden er noko me strekkjer oss etter. Då krevst det at me tilbyr rett kompetanse, gode løysingar og medarbeidarar med evne til ivareta både oppdraget og kunden på ein god måte. Når me lukkast, betyr det også mykje for stemninga og trivselen på jobb. Det er også heilt grunnleggjande for å drive god butikk og skape lønsemd i verksemda vår.

Samarbeid og engasjement kring det me får til i lag er nok det som ligg mitt hjarte aller nærmast. Det er ingenting som gler meg meir enn når me lukkast i fellesskap med enten å vinne spennande oppdrag, eller å løyse utfordrande oppgåver innanfor stramme tidsfristar og budsjett. Eg vert rett og slett imponert kvar einaste dag over kor dyktige og kjekke kollegaer eg har – og over kor positive og fleksible alle er til å yte sitt beste og til å hjelpe kvarandre. Det finaste å sjå er når medarbeidarane får utvikle seg og oppleve meistring i nye utfordringar og roller med god støtte frå kollegaer. Om dei endå til får skryt for jobben dei har lagt ned både internt og frå kunden, då vert eg utruleg stolt. Det er i slike situasjonar det er aller kjekkast å vere leiar.

Dersom nokon er nysgjerrige på arbeidskvardagen hjå oss; ta ein kikk på vår eigen «reality» serie «Rådgiverne». Her vert du kjend med medarbeidarar frå ulike fag, kontor og stillingar, når dei tek oss med inn i sine kvardagar som rådgjevarar: Bli kjent med våre rådgivere - Norconsult

Norconsult sitt formål er: «Every day we improve everyday life» / «Hver dag forbedrer vi hverdagen». Lokalt nyttar me sjølvsagt nynorsk:

«Kvar dag gjer vi kvardagen betre».

Tone K. Myklebust Kvåle
Leiar Norconsult Sogn og Fjordane

Fleire saker