Folka

Nyheiter

– Stillingsannonsane våre blir betre etter dette

160 personar var samla på Skei for å lære meir om korleis vi kan bli betre på å rekruttere til distriktet.

– Eg såg mot dei store byane og dei store selskapa for å få jobben eg ville ha.

Og med dei orda gjekk startskotet for rekrutteringskonferansen FOLKA. Det var Jenny Mari Tomasgard (26), berekraftsansvarleg i Skogstad, som leverte jobbsøkaren sitt perspektiv frå scena. Salen lytta flittig då ho fortalte kvifor ho likevel takka ja til ein jobb i distriktet.

– Det var den uformelle samtalen som fekk meg interessert i stillinga, sa ho, og sikta til dialogen mellom ho og Nordfjordakademiet, og seinare med dagleg leiar i Skogstad. Først då forstod ho at ein superinteressant jobb venta i Innvik.

Jenny Mari

Jenny Mari Tomasgard hadde ei viktig stemme på konferansen: arbeidstakaren.

Verdien av å kjenne folk

Det var relasjonsekspert Anne Sophie Gjems frå FuelBox som leia oss gjennom konferansen. Ho understreka kor viktig det er å vere nysgjerrig på folka rundt oss, og at relasjonar og samarbeid på jobb blir betre når vi kjenner kvarandre. For å illustrere dette, fekk vi gjennom dagen i oppgåve å diskutere ulike tema med sidemannen:

­ «Kva er du stolt av, men snakkar ikkje høgt om?» og «Kva var førsteinntrykket ditt av meg?» var spørsmål sidemannen måtte svare på, og det tok ikkje lang tid før vi var litt betre kjent.

FuelBok

Samtaletema: Konferansieren sørga for at vi vart betre kjent med sidemannen.

Slutt å leite etter superninjas!

Mange hadde tatt turen til Skei for å høyre på Fredrik Fornes. Om du jobbar med rekruttering og brukar LinkedIn, har du garantert lagt merke til dei lærerike innlegga hans. Til stor latter frå salen viste han eksempel på fullstendig urealistiske kravlister i stillingsannonsar, som å vere ung og dynamisk og ha ti års erfaring.

Hans viktigaste bodskap var at vi må skrive meir kandidatfokusert og varmt, kutte klisjear og lange kravlister og fange interessa til draumekandidaten. Det er på tide å slutte å leite etter IT-superninjas og økonomimedarbeidar med truckførarbevis, for dei finst ikkje!

Fredrik Fornes

Fredrik Fornes gav oss minikurs i den viktige og vanskelege stillingsannonsen.

Heilt klart behov

Amalie Olsen var ei av dei som sat i salen. Ho jobbar med marknadsføring i Enivest, og tok med seg gode råd:

– Stillingsannonsane våre blir betre etter dette, konstaterer ho. Amalie likte spesielt godt Fredrik Fornes sitt minikurs i å skrive gode stillingsannonsar, men også innblikket vi fekk i kva andre gjer for å halde på tilsette.

– Det er ein kjempenyttig konferanse som vi som jobbar med rekruttering og kommunikasjon heilt klart har behov for.

Sjølv om ho vart litt varm i trøya av å dele om seg sjølv til sidemannen, vart vegen ut av komfortsona kortare.

­ – Det gjorde det mindre skummelt å mingle i gangane etterpå.

Vestlandsforsking

Konklusjonar frå arbeidslivet i distriktet: Vestlandsforsking gav oss svaret på undersøkinga om karriere i Sogn og Fjordane.

Raskare karriereutvikling i distriktet

Det var knytt stor spenning til Vestlandsforsking sin presentasjon av resultata frå undersøkinga om karriere i distriktet. Forskarane Kristin Løseth og Daniel Furberg delte at dei fann støtte for at karriereutviklinga går raskare i distriktet, og at respondentane gav eit positivt inntrykk av arbeidslivet i Sogn og Fjordane. Samtidig har dei tilsette færre alternative arbeidsplassar å velje mellom, og nærheita vi har til leiinga på mindre stadar er på godt og vondt. Alt i alt var dei positivt overraska over resultata. Det kan difor sjå ut til at det er hold i påstandane vi som jobbar med rekruttering kjem med når vi skal selje vestlandslivet.

Les meir om undersøkinga her.

Inkludering på programmet

På programmet stod også verdien av inkludering i arbeidslivet ved NAV, Origo og Sogn for alle. Fleire i salen fekk seg ein vekkar då NAV presenterte eit stort paradoks frå scena:

– De som sit her i salen treng folk, samtidig som mange som har hamna utanfor arbeidslivet treng ein jobb. Det er på tide å inkludere dei som står utanfor, var den klare meldinga frå Karen Marie Reiakvam.

Fortel meg meir

Vi fekk også innblikk i kva Sparebanken Sogn og Fjordane gjer for å score høgt på medarbeidarundersøkingar, tips og råd frå Schibsted og Finn.no om rekruttering i vanskelege tider og heilt til slutt eit innlegg frå relasjonsekspert Gjems med ei oppmoding om å vere nysgjerrig på dei som er rundt deg for å skape trivsel blant kollegaene:

– Det er gjort grundig forsking på kva som skapar gode relasjonar. Det handlar om tre ord:

Fortel meg meir.

Mingling

Fortel meg meir: Konferansen gav rom for å bli betre kjent med kollegaer i rekrutteringsmiljøet. Mest truleg ventar ein ny konferanse i 2024.

Fleire saker