Er du nyutdanna eller fersk i arbeidslivet? Har du lyst til å oppleve Vestland? Delta i Framtidsfylket sitt traineeprogram.
Ei traineestilling byr på brei arbeidserfaring, personleg utvikling og nye nettverk. Som trainee er du tilsett i éi bedrift i Vestland i eitt år. Vi tilbyr deg:
Traineeåret varer frå august til august. Sjølv om traineekontrakten varer i eitt år, endar mange opp med tilbod om fast jobb. Kva bedrifter som er med i programmet og kva stillingar som blir lyste ut varierer frå år til år.
På samlingane har vi fokus på erfaringsutveksling frå jobbkvardagen, teambygging og andre nyttige tema for deg som er fersk i arbeidslivet. Eigenutvikling er ein sentral del av det å vere trainee. Samtidig legg vi vekt på at du skal bli kjend med næringslivet i Vestland, slik at du veit kva jobbmoglegheiter du har her. Like viktig er det at du skal trivast her, så vi legg opp til mykje hygge og moro og nye vennskap.
Vi lyser ut traineestillingane i januar, men det hender det dukkar opp traineestillingar i løpet av året. Meld deg på nyheitsbrevet vårt og hald deg oppdatert: