Traineesamling

Nyheiter

– Ingen her er supersikker på seg sjølv

Sivert og Harald vart fort kjende under årets første traineesamling. For mange handlar det om å tre ut av komfortsona.

– På dag éin fekk vi beskjed om at vi måtte dele seng.

Sivert Hagelin Benjaminsen og Harald Rekve Bryn humrar i hyttesofaen. Dei kan le av det no, men allereie første natta oppstod det problem:

– Eg er vand til å sove ved sidan av dama, så i søvne la eg armen rundt han, ler Sivert.

– Då hadde eg kjent han i knapt eit døgn, ler Harald tilbake, og forsikrar oss om at han på ingen måte er traumatisert etter natta.

"Du blir på ein måte tvungen til å forlate komfortsona"

Linda Hovland

Tvungen sosialisering

Sjølv om det kanskje ikkje er meininga å bli kjent, er litt av poenget med traineesamlingane å bli kasta ut i det. Heilt bevisst legg Framtidsfylket samlingane til plassar der ein lever tett på kvarandre døgnet rundt.

– Du blir på ein måte tvungen til å forlate komfortsona og bli kjent med dei andre. Eit viktig mål for traineeprogrammet er nye nettverk og nye vennskap, og derfor gjer vi det slik, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Linda understrekar at folk er forskjellige, og at nokre treng litt tid for seg sjølv.

– Vi legg opp til at dei som treng det får åleinerom og tid for seg sjølv. Det kan vere intenst å vere så tett på kvarandre i fleire dagar.

Første samlinga er lagt til Tuftegarden i Viksdalen. Her bur dei saman, lagar mat saman og løyser oppgåver saman. Om kveldane er det lagt opp til hygge rundt eit bål eller i ein badestamp.

– Det er ofte der dei gode samtalene skjer, smiler ho.

traineesamling
Kanotur traineesamling

Idiotforsikring

Sivert er 27 år og frå Stavanger, men har studert bachelor i informasjonsteknologi ved HVL i Førde dei tre siste åra. No er han tilsett som trainee ved HVL og skal jobbe med robotikk innan helsesektoren.

– Det er ei veldig spennande stilling, men å entre arbeidslivet kan vere skummelt. Som trainee føler eg at eg kan gjere det med litt meir senka skuldrar.

Både han og Harald meiner traineeprogrammet gir dei ein mjuk overgang til arbeidslivet. Dei skal levere, men med støtte og forståing for at dei er ferske.

– Du har på ein måte idiotforsikring. Om du ikkje verkar så smart i starten, er du unnskyldt i ein periode, seier Harald.

Harald er 25 år gammal og kjem frå Voss. Han har bachelor i automasjon og robotikk og i elektronikk, begge frå HVL Bergen. No er han trainee i Evoy.

– Å vere trainee i ei bedrift som er i stor utvikling er ein fantastisk sjanse til å lære nye ting og få nye erfaringar.

Sinnsjukt koseleg gjeng

Begge var spente på å møte dei andre traineeane.

– Mange spørsmål svirra i hovudet på vegen hit. Korleis er gruppedynamikken? Kjem eg til å komme overeins med dei andre?, seier Sivert og legg til:

– Heldigvis funka det fint. Eg har blitt kjent med ein sinnsjukt koseleg gjeng.

Harald nikkar. Også han var nysgjerrig på dei andre, men trur at sidan dei alle er på same staden i livet, ville dei ha noko til felles:

– Alle er nye i jobben og deler mange av dei same tankane. Ingen er supersikre på seg sjølv i arbeidslivet, og derfor kjenner vi på mange av dei same tinga. Det er litt deilig, seier Harald.

– Vi deler tankar, situasjonar og opplevingar, og kanskje er det nokon som har løyst problem som ny i jobben som vi kan lære av? Slik erfaringsutveksling er nyttig, legg Sivert til.

Traineesamling

Meir enn eit førsteinntrykk

At bli kjent-kurva er uvanleg bratt desse dagane, ser dei på som positivt:

– Det er kult å tenke på kor forskjellig du ser på ein person etter berre nokre dagar. Du møter ein person og dannar deg eit førsteinntrykk, men har eigentleg ingen knaggar å henge det på. Etter samlinga veit eg så masse meir om dei andre traineeane enn kva eg gjorde då eg møtte dei, seier Sivert og legg til:

– No gler eg meg til neste samling.

Fleire saker