Trainee Brussel 2425

Her er traineeane på besøk hos Vest Norges Brusselkontor.

Nyheiter

Reisebrev frå traineesamling i Brussel

Måndag 19. mai møtte ein spent gjeng traineear opp i Brussel for å lære meir om korleis EU fungerer – og kva det har å seie for oss i Noreg.

Tekst og foto av Magnus Aftret og Sarah Sundquist, traineear i 2024/25.

Resultatet? Fire dagar stappfulle av kunnskap, gode samtalar og nye innsikter om korleis Europa heng saman. Her får du eit lite innblikk i kva vi opplevde:

Måndag – Eit djupdykk i EU og middag med korrespondent

Etter innsjekk på hotellet gjekk turen vidare til to interaktive utstillingar: EU Parlamentarium, som tok oss med på ei reise gjennom historia bak det europeiske samarbeidet, og Experience Europe, som forklarte korleis EU-kommisjonen jobbar for å forme lovene som påverkar heile kontinentet.

På kvelden åt vi egyptisk mat på Le Nil, der vi fekk møte Rakel Strand, utanrikskorrespondent for Aftenposten. Ho delte sine tankar om dagens Europa og kva rolle EU spelar i eit urolig verdsbilete.

Trainee Brussel EU

Bilete framfor EU-veggen er obligatorisk. Sondre, Matilde og Magnus stiller villig opp.

Tysdag – Noreg i Brussel og det grøne skiftet

Vi starta dagen på Det Norske Hus, der Anna Lyngre Solvang og kollegaene hennar fortalde om arbeidet med å synleggjere Vestlandet i EU. Vi lærte òg om moglegheitene i Erasmus-programma og kvifor det er viktig å følgje med på det som skjer i Brussel.

Statnett snakka om tryggleik, grønt skifte og eksport, medan Olav Mydland frå den norske EU-delegasjonen forklarte korleis EU-lovgiving påverkar kommunesektoren i Noreg.

Etter ein god lunsj på den italienske restauranten La Riviera, fekk vi høyre frå Bellona, som driv miljølobbyisme opp mot EU, og Innovasjon Noreg, som snakka om kunstig intelligens og Europas teknologiske posisjon samanlikna med Kina og USA.

trainee brussel
trainee brussel

Onsdag – Hav, handel og påverknadskraft

På Mundo Lab fekk vi høyre frå Seas at Risk, ein organisasjon som jobbar for å verne havet og påverke EU sin hav- og miljøpolitikk. Dei har m.a. skrive Blue Manifesto – eit veikart for eit sunnare hav innan 2030.

Vi møtte òg Tingvoll Konsulenthus, det einaste heilnorske konsulenthuset i Brussel, som hjelper norske aktørar med å forstå og påverke EU-politikken.

Etter litt fritid og lunsj på eiga hand, bar det vidare til EFTA House, der Joseph Vasquez fortalte om arbeidet med matsikkerheit og korleis Noreg jobbar opp mot ny EU-lovgiving gjennom EØS-avtalen.

Kvelden vart avslutta med solide mengder spareribs på Mozart – ein restaurant for dei ekstra svoltne!

trainee brussel 25
trainee brussel 25
trainee brussel 25
trainee brussel 25

Brussel er ein fantastisk by!

Torsdag – Forskning, forsvar og fest

Siste dag starta med innlegg frå Forskingsrådet, som blant anna snakka om EU Horizon-programmet og korleis norske aktørar kan ta del i europeisk forsking og innovasjon.

Deretter fekk vi møte Per Christian Helle frå NATO, som snakka om tryggleik, infrastruktur og Noregs rolle i alliansen. Han var tydeleg på at samarbeidet i NATO står sterkt, og at EU no satsar meir på tryggleik og beredskap enn nokon gong før.

Etter lunsj på konferansehotellet tok vi turen til Cantillon Bryggeri, eit tradisjonelt belgisk bryggeri med lange røter og spennande smakar.

Samlinga vart avslutta med festmiddag på Gioia, før fleire tok turen vidare til karaoke-bar for å synge frå seg dei siste kreftene.

trainee brussel 25

Det tradisjonelle belgiske ølbryggeriet Cantillon.

trainee brussel 25

Parlamentarium - eit interaktivt museum om EUs historie.

Vi reiste heim med hovudet fullt av innsikt, magen full av god mat – og hjartet litt nærare Europa. Tusen takk for ei lærerik og minneverdig veke i Brussel! 💙

Traineer i Brussel 2425

Traineeane Hungh, Anne, Matilde og Sarah, og frå Framtidsfylket: Kine og Linda. Takk for turen!

Fleire saker