Harald er trainee i Evoy

Trainee

Harald fekk ein fantastisk sjanse

Som trainee er det rom for å vere litt «newbie». Det var ein av grunnane til at Harald (25) søkte seg til ei traineestilling.

– Det betyr at eg får eg lov til å bruke litt lenger tid på å finne ut av ting, vere litt nybegynnar. På den måten får eg ein mjukare overgang til arbeidslivet, smiler han frå kontoret i Florø.

Sjølv om Harald er nyutdanna og fersk i arbeidslivet, betyr ikkje det at han får mindre viktige arbeidsoppgåver som trainee. I Evoy, bedrifta kjend for å utvikle verdsleiande elektriske motorsystem for båtar, er han allereie ein nøkkelperson.

– I starten handla det mest om å bli kjent med systemet og få eit overblikk, men no har eg fått serviceoppdrag på båtar og laga teikningar og artiklar for ulike system. Det hender at prosjekt avhenger av meg, og at produksjonen ikkje kan starte før eg har levert teikningar. Då kjenner eg at eg gjer ein viktig jobb.

Årets traineestillingar finn du her

Evoy trainee

Betyr noko for bedrifta

Det han likar aller best med å vere trainee, er moglegheita til å gjere ulike ting. Å jobbe i ei mindre bedrift i utvikling gjer det også enklare å sjå resultat av det du jobbar med.

– Eg hadde aldri fått ei så viktig rolle i ei større bedrift. Sidan bedrifta er så lita og oversiktleg, ser eg at det eg gjer faktisk betyr noko. Det er ein god følelse, seier han og legg til:

– Og så er det noko med samhaldet her. Eg vart fort kjent med alle som jobbar i Evoy. Det er ein fin gjeng.

Kolleager Evoy
Evoy

I rett retning

Å ta del i det grøne skiftet er heller ikkje feil:

– Då eg skulle ut i arbeidslivet, var det eit ønske å jobbe i ei bedrift som var med på å skape endring.

– Er det viktig for deg å ta del i det grøne skiftet?

– Det er ikkje noko er sit og reflekterer mykje over på kontoret, humrar han og legg til:

– Men det er sjølvsagt både fint og viktig å vere det. At vi går i ei elektriske retning er etter mi meining rett retning.

Avbrekk i jobbkvardagen

Harald deltar i Framtidsfylket sitt traineeprogram. Det betyr at han i tillegg til jobb får delta på sosiale samlingar med andre traineear i Vestland.

– Det ser eg på som eit fint avbrekk i jobbkvardagen. Det er kjekt å møte andre traineear, bli utfordra sosialt og oppleve fine stadar i Vestland. Samlingane ser eg på som ein stor bonus med å vere trainee.

Fantastisk sjanse

Kva han gjer etter traineeåret er han usikker på. Det einaste han er sikker på er at Evoy er ei kul bedrift å starte karrieren i:

– Å vere trainee i ei bedrift som er i stor utvikling er ein fantastisk sjanse til å lære nye ting og få nye erfaringar.

Harald Rekve Bryn er 25 år gammal og kjem frå Voss. Han har bachelor i automasjon og robotikk og i elektronikk, begge frå HVL Bergen. Han er trainee i Evoy, og her skal han innom dei fleste felta i teknisk avdeling; design av elektriske kretsar, service av båtar, koding og mekanisk design.

Topp tre for å trivast i arbeidslivet

  • Godt arbeidsmiljø med omgjengelege folk
  • Spennande arbeidsoppgåver og nok å gjere
  • Utvikling og læring
Sjå årets traineestillingar

Fleire saker