Oda i Mediebruket

Nyheiter

Då FOMO-en tok overhand, ville Oda heim

Etter eit innhaldsrikt studentliv i Bergen, kom tankane. Var det dette ho ville?

– Eg var på ein måte litt... sliten? Når eg ser tilbake, trur eg at eg gjekk på ein minismell, seier Oda tankefullt.

Året er 2017. Oda Holmelid Sandvik er 22 år og studerer siste året på Nye Medier ved Universitetet i Bergen. Ho har deltidsjobb, er aktiv i studentorganisasjonar og seier sjeldan nei til aktivitetar. Oda er eit ja-menneske i ein by full av tilbod.

– Dagane var fylte frå morgon til kveld. Det var ei fantastisk kjekk studietid. Eg angrar ikkje på det, understrekar ho med eit smil.

Utkøyrd av bylivet

Under oppveksten i småbyen Førde var det dette ho lengta etter: Ein større stad med urbane tilbod og all verdas sjansar. Etter tre år med det ho sjølv kallar eit hardkøyr, kom likevel tankane. Var det slik ho ville ha det? Var det sunt for ein person med ekstrem FOMO å bu midt i Norges nest største by?

– Etter kvart kjente eg meg utkøyrd av bylivet. Det oppstod eit behov for eit rolegare liv.

Ei traineestilling dukkar opp

Oda og sambuaren begynte å sjå heimover. Skulle dei...? Var det ikkje litt tidleg? Dei var framleis så unge.

Samtidig som Oda avslutta bacheloren, dukka det opp ei traineestilling hos Mediebruket i heimbyen Førde.

– Her kan eg lære mykje, tenkte eg og studerte annonsen nøye.

Sjå traineestillingane for 2024/25 her

Gjekk mange rundar

Mediebruket er ekspertar på design, utvikling og drift av nettsider, eit fagfelt som matcha Oda sin kompetanse.

– Etter at eg møtte dei på Framtidsfylket Vestland si karrieremesse i Bergen, hadde eg bestemt meg. Eg gjekk «all in» på å få den traineestillinga, ler ho.

– Men du skal vite at eg gjekk mange rundar med venner, og var usikker på korleis livet «heime» skulle bli. Kunne det bli for roleg?

Mediebruket

Oda starta arbeidslivet som trainee i Mediebruket. Etter seks år jobbar ho framleis i bedrifta.

Tettpakka tilbod med kvilepuls

Oda fekk traineestillinga, og flytting var eit faktum. Livet skulle vise seg å bli alt anna enn kjedeleg.

– Samtidig som vi flytta heim, opna Larris Scene i Førde. Det var eit kjempeløft for byen og eit supert tilbod til unge. Å komme nærare familien var også eit stort pluss. Eg er familiekjær og likar å bruke tid med familien.

Rundt ho poppar det stadig opp nye tilbod: klatrehall, nye treningstilbod, quiz, kafear, restaurantar og det attraktive U40-nettverket for unge vaksne.

– Sunnfjord er i utvikling og har eit breitt tilbod, men ein rolegare puls enn større byar. I tillegg har vi naturen tett på som eit pusterom. Det er ein fin balanse for oss som strevar med å seie nei, smiler Oda.

Eigen mentor

Å starte arbeidslivet som trainee skulle vise seg å vere ein mjuk og trygg start:

– Eg fekk eigen mentor i Mediebruket, og det gjorde at eg kvidde meg mindre på å stille spørsmål. Det var også gull å bli kjend med så mange andre traineear i same situasjon. Traineeprogrammet er ein fin overgang frå studieliv til arbeidsliv.

Karriere i ei lineær linje

Etter traineeåret takka Oda ja til fast stilling i Mediebruket. Kva tenker ho om eigen karriere seks år etter?

– For meg handlar det om å utvikle meg innan mitt fagfelt. Ei karriere treng ikkje alltid vere å streve etter toppen, for det er rom for utvikling og meistring også i ei lineær linje. I Mediebruket får eg mykje ansvar og frie tøyler. Det gjer at eg veks for kvart prosjekt eg er med på.

"Eg veks for kvart prosjekt eg er med på"

Mediebruket nettside

– Tidsklemma eksisterer på bygda også

24 år gamal valde Oda og sambuaren å starte familielivet. I dag har dei to jenter på eitt og tre år. Livet er hektisk, men godt.

– Tidsklemma eksisterer på bygda også, ler ho.

– Akkurat no går det mest i ungar, men eg prøvar finne tid til quiz med venner, trening og litt moro.

Angrar ikkje

Har ho nokon gong angra på at ho flytta heim?

– Det hender eg tenker at eg kunne gitt det nokre år til i Bergen. Kor kom hastverket frå, spør ho ut i lufta.

– Men alt i alt er eg glad for at eg er der eg er i dag. Så nei, eg angrar ikkje. Alt eg saknar er ein knallgod kaffibar. Men det er visst på planen det også, smiler ho.

Oda Holmelid Sandvik er 28 år, frå Bygstad i Sunnfjord og har ein bachelor i Nye Medier frå Universitetet i Bergen. No bur ho i Førde, der ho starta karrieren i Mediebruket gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram. Her jobbar ho i dag som senior prosjektleiar og webdesignar.

Traineestillingar 2024/25

Fleire saker