Bror Vestlandsforsking trainee

Nyheiter

Eventyraren i Sogndal

Ei traineestilling med fokus på klima var det som skulle føre eventyraren Bror attende til Sogndal.

– Det er kjempefint å kome seg ut i distriktet. Det er mykje som skjer her, seier Bror, som opphaveleg kjem frå Drøbak.

Han er trainee i Vestlandsforsking, der han jobbar med forsking og formidling av klimaomstilling og klimatilpassing. Han synest ikkje overgangen frå studentliv til arbeidslivet har vore altfor stor, og er glad for å ha fått i pose og sekk: ein givande jobb og rå friluftsaktivitetar rett utfor døra.

Sjå traineestillingane for 2024/25 her.

– Ein forskarkvardag liknar kanskje litt på å vere student, og har fine rammer. Det er kjekt å få jobbe med noko eg syns er spennande, og når eg har fri så er eg jo i Sogndal, med alt det byr på av opplevingar rundt.

Bror i Sogndal klatrar

Stadig nye eventyr

Trekk pusten: Folkehøgskule i Troms, studiar i Oslo og utveksling i Canada, ein haust med kanopadling og dumpsterdiving i Finnmark, somrar som moskusguide på Hjerkinn og ambassadejobbing i København. Lista over Bror sine eventyr er lang, og garantert ikkje ferdigskriven, får vi inntrykk av. Kva er det som driv han?

– Eg er nysgjerrig på mykje, og særleg naturopplevingar står høgt i verdi hos meg, seier Bror. Han fortel at då han budde i Oslo kjende han spesielt på trongen til å kome seg ut i naturen.

– Dei somrane ønskte eg meg ein jobb i fjellet, nesten same kva det var. At det vart moskusguiding var spesielt moro. Eg hadde faktisk aldri sett moskus før, eg! Men det er ei artig og fin erfaring å ha, det å leie folk i fjellet og fortelje skrøner om moskus og norsk natur.

Midt i friluftseldorado

No har Bror slått ny rot i Sogndal – ein stad som riktig nok ikkje var heilt ukjend terreng for han som tidlegare har starta på ein master her. Erkjenninga av at studieretninga ikkje var heilt rett samanfall med pandemien, og mange ting vart tenkt om. Det enda med ein haust med friluftsliv i Finnmark etterfølgt av eit år i København der han mellom anna jobba på Noregs ambassade, før han fullførte ein master på Ås.

No har altså ei traineestilling ført han attende til sognebygda, og ein kan vel seie at han er på rette staden. Her får han boltre seg i eit breitt aktivitetstilbod både inne og ute:

– Eg både buldrar, padlar kajakk og går ein del fjellturar etter jobb. Heimanfrå er eg vant med langrenn og fjellski, men her må ein jo på topptur! Eg synest det er like kjekt å gå opp som å køyre ned, så eg gler meg til ein god vinter, seier Bror fornøgd, før han legg til med eit lurt smil:

– Eg har også eit håp om å gå på skøyter til jobb ein dag, om det vert god nok is på Barsnesfjorden. Det hadde vore skikkeleg artig.

Bror på skøyter i Sogndal trainee

Og skøyteføre, det vart det.

Givande å jobbe med klima

Ettersom han var litt kjend i Sogndal frå før, hadde han Vestlandsforsking på radaren då han skulle søke jobbar etter studiane.

– Det viktigaste for meg var å jobbe med klima og miljø, og sjølv om eg ønska meg til ein spennande plass, var det ikkje så viktig akkurat kvar. Då eg såg denne stillinga verka den veldig interessant, og det skada jo ikkje at eg kjende til plassen frå før. Eg ville gjerne jobbe i skjeringspunktet mellom forsking og formidling i eit forskingsinstitutt tett på lokalsamfunnet, og det får eg her.

Dermed vart det full klaff denne gongen. Bror er oppriktig engasjert i klimaet og glad for å kunne vere med og gjere ein forskjell.

– Det er viktig at vi held fram med å avduke utfordringar, informasjon og ny kunnskap. Det følast godt å bidra til kunnskap som kan brukast til å gjere samfunnet betre, seier han.

Bror vestlandsforsking trainee

Møter likesinna på samling

Som trainee i Framtidsfylket deltek han på samlingar med andre traineear i Vestland i tillegg til jobb. Allereie har traineeane vore på to samlingar – i Balestrand og i Flekke i Sunnfjord – og har rukke å bli godt kjende. I vår ventar to nye samlingar i fylket og ein studietur til Brussel.

Bror synest det er fint å få denne tida til å reflektere over traineelivet, og snakke med dei andre traineeane om korleis det er å vere ny i arbeidslivet.

– Vi ser at vi gjerne har felles utfordringar som vi kan diskutere ilag. Det er interessant å høyre andre sine perspektiv, og godt å få litt sparring på kva ein kan gjere i ulike situasjonar. Eg vil varmt anbefale vestlandslivet til andre eventyrarar, og traineeordninga er ein god moglegheit for å etablere seg på ein ny stad, avsluttar han.

Bror Kristian Raanaas Tandberg er 27 år, kjem frå Drøbak og har studert internasjonale miljøstudier, statsvitskap og økologisk økonomi. No har han flytta til Sogndal for å vere trainee i Vestlandsforsking, som er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram. Her jobbar han med forsking og formidling om klimaomstilling og klimatilpassing.

Traineestillingar 2024/25

Fleire saker