Sivert HVL

Trainee

Robotikk-trainee midt i friluftseldorado

Tekst: Kristine Slettehaug

Foto: Photoevent

Tilfeldigheiter førte siddisen Sivert (27) til Vestland, men det var ei traineestilling som fekk han til å bli.

Eller var det ei dame? Vi er litt usikre, men etter å ha studert i Sunnfjord i tre år, var det freistande å bli verande då draumejobben dukka opp: ei traineestilling innan robotikk.

– Perfekt, tenkte eg då eg såg utlysinga. Etter bacheloren var eg veldig interessert i å opparbeide meg kompetanse, og då Høgskulen på Vestlandet i Førde lyste ut ei traineestilling, måtte eg gripe sjansen.

På rette staden

Sivert er ein ivrig friluftsentusiast som likar å klatre bratte fjellsider og stå på nedoverski i pudderføre. Han er med andre ord på rette staden.

– Eg bur midt i eit friluftseldorado, og for meg er det er ein viktig faktor for å bu og jobbe i Vestland. Eg er alltid femten minutt unna ein topptur, og her er flust i klatreruter, smiler Sivert fornøgd.

God kok i traineegruppa

Sjølv om han har nok å henge fingrane i på fritida, set han pris på å vere del av eit traineeprogram som legg opp til sosiale samlingar rundt om i Vestland.

– Den sosiale biten har vore kjempekjekt, seier han på kav stavangerdialekt og skryt over dynamikken i traineegruppa:

– Allereie på andre samlinga var det rett inn og seie hei til alle. Det flaut så fint og naturleg mellom oss, og eg har fått mange nye kjekke kjennskap. Det handlar kanskje om at vi er på same stad i livet? Vi er alle nyutdanna og ferske i arbeidslivet og har mykje til felles.

Lærer av andre

I Framtidsfylket traineeprogram får traineeane innsyn i næringlivet i Vestland, med blant anna fleire bedriftsbesøk.

– Det har vore overraskande interessant. Sjølv om det ikkje alltid er relevant for mitt fag, er det interessant og lærerikt å få innsyn i korleis andre jobbar. Det er også veldig motiverande å høyre på folk som har hatt idear og oppnådd suksess.

Rom for å feile

Sivert har alltid likt moglegheitene som finst innan teknologi, og grunnen til at han ville starte IT-karrieren som trainee var støtteapparatet som følger med.

– Som trainee er det rom for å feile, og du har tryggheit og støtte gjennom programmet. Det er alltid nokon du kan rådføre deg med på jobb, og på samlingane får vi lufte gleder og frustrasjonar rundt det å vere ny i arbeidslivet.

Han ser fordelane med å jobbe på ein mindre stad.

– Det er lett å få overblikk over kven eg bør snakke med og samarbeide med, og folk deler villig av sin kompetanse. Eg trur det er enklare å sjå verdien av det eg er med på å skape på ein mindre arbeidsplass.

robotikk HVL

Stort å jobbe med framtida

Halvvegs i traineeåret angrar han ikkje på valet sitt:

– Robotikk er sinnsjukt kult! Å sjå at ein ide faktisk blir til noko, at den startar med ein kode til å sjå den operere i den fysiske verda, det er utruleg kjekt. Å få jobbe med framtidas helserobotikk kjennest stort, avsluttar han.

Sivert Hagelin Benjaminsen er 27 år og kjem frå Stavanger. Han har bachelor i informasjonsteknologi frå Høgskulen på Vestlandet (HVL) avdeling Førde, og er no trainee ved HVL. Der jobbar han med å utvikle robotikk for helsesektoren, og samarbeider blant anna med Helse Førde.

Topp tre for å trivast i arbeidslivet

  • At jobben eg gjer har ei hensikt og vil ha ein verdi for andre
  • At arbeidet er interessant og relevant
  • Eit godt sosialt miljø
Sjå årets traineestillingar
robotikk HVL

Fleire saker