Kenneth Santiago Holmgren Fjord1

Nyheiter

Kenneth har hatt ei unik traineestilling

Tekst: Solveig Bjørhovde Rindal

Foto: Fjord1/Privat

Etter eit år som trainee har Kenneth fått innsikt i drifta av eit stort selskap og styrka leiarkompetansen sin.

Då Kenneth Santiago Holmgren kom heim til Florø for å bli trainee, hadde han allereie opparbeidd seg ein solid formell kompetanse: To bachelorgradar, pedagogikk og ein pågåande master i organisasjon og leiing. No legg han også bak seg eit nokså spesielt traineeår i Fjord1 – og i Framtidsfylket si historie.

Første trainee innan leiing og drift

Det er nemleg den første traineestillinga i Fjord1 og Framtidsfylket som går direkte på leiing og drift. I løpet av året har Kenneth jobba tett med dei operative leiarane i selskapet, ei rolle som omfattar både personalansvar, økonomi, rapportering og dialog med mannskap og oppdragsgivarar.

– Eg har fått vere med på drifta av ulike porteføljer både her i vest og i Nord-Noreg. Det har gitt ei enorm innsikt i korleis kultur og leiarstil kan variere, og kva det faktisk inneberer å vere ein god leiar i praksis, fortel han.

Stillinga har vore alt anna enn eit observatørår. Målet med traineeløpet er at ein på sikt skal kunne jobbe som operativ leiar sjølv.

– Eg har hatt ansvar for viktige oppgåver kvar månad, og har vikariert for operative leiarar når det har vore behov. Det er ein fantastisk måte å lære på.

Pedagogikken kjem til nytte

For Kenneth har den pedagogiske bakgrunnen vist seg å vere ein styrke i leiarrolla.

– Det handlar om kva du seier og korleis du seier det, for å få folk til å lytte, forstå og bli motivert for jobben dei skal gjere. Det er sjølvsagt noko heilt anna enn å undervise elevar, men eg trur ein kjem ganske langt med dei same grunnprinsippa. Og så kjem du langt med sunt bondevett og å vere ein grei fyr, seier han med eit smil.

"Det er ikkje noko å lure på. Berre gjer det!"

Trainee Brussel

Studietur til Brussel: Eit av høgdepunkta for mange i løpet av traineeåret.

Ein heilskapleg utviklingsarena

Gjennom året har Kenneth vore ein aktiv deltakar i Framtidsfylket sitt traineeprogram, som omfattar både faglege og sosiale samlingar i fylket. I tillegg har dei vore på studietur til Brussel for å lære om EU og kva det har å seie for Noreg og norsk næringsliv.

– Traineeprogrammet har for meg vore ein heilskapleg utviklingsarena. Eg har lært mykje, og fått utfordra meg sjølv på ting eg ikkje visste om eg kom til å meistre. Ikkje minst har eg fått eit stort nettverk og venner for livet, fortel han, og kjem med eit klart råd til deg som vurderer å søke ei traineestilling ein gong:

– Det er ikkje noko å lure på. Berre gjer det! Den moglegheita eg har fått til å utvikle meg her hadde eg ikkje fått om eg ikkje var trainee. Det er ein fantastisk moglegheit for fagleg og personleg vekst, i tillegg til at du får eit stort nettverk. Og viss du lurer på noko: Ta kontakt! Eg tek gjerne ein prat.

Vidare i Fjord1, men først pappaperm

Etter endt traineeår er Kenneth no klar for vidare innsats i Fjord1. Men før han tek fatt på ei ny rolle skal han i pappapermisjon frå august.

– Akkurat kva eg skal jobbe med etter permisjonen skal vi finne ut av då, men eg håpar å halde fram med noko liknande. Ein ting er sikkert, og det er at eg ønsker å lære enda meir om praktisk leiing. Det å kombinere pedagogikk og praktisk leiing har eg veldig tru på, så framover ønsker eg å lære meir om det, og utøve det i selskapet.

Og det beste av alt? Å få utvikle både karriere og familie på heimstaden.

– I Florø er eg heime. Det finst ingen annan plass eg heller vil bu. 

"I Florø er eg heime."

Kenneth privat

Fleire saker