Lea i Kunnskapsparken

Trainee

– Vi må jo snakke saman

Ei traineestilling med ordet sirkulærøkonomi i seg var det som skulle få Lea (29) interessert i Vestland.

– Sogndal var heilt ukjent terreng for meg, smiler trønderen:

– Men då eg såg Kunnskapsparken Vestland si stillingsutlysing, vart eg plutseleg interessert.

Lea har alltid vore glad i naturen og deltatt aktivt i naturvernorganisasjonar. Med ein far som jobba i industrien, hadde dei mange interessante diskusjonar om korleis industrien kan spele på lag med naturen.

– Eg er veldig engasjert i korleis vi som er opptatt av naturforvaltning og berekraftig utvikling kan skape dialog med industrien. For å få til omstilling må vi jo snakke saman, ikkje berre peike på kvarandre, seier ho entusiastisk.

Her er årets traineestillingar

Kjempekult

I Kunnskapsparken skal ho jobbe med sirkulær økonomi og vere rådgjevar for bedrifter på grøn omstilling. Etter eit halvt år som trainee er ho full av optimisme og pågangsmot:

– Eg har lært så utruleg masse om korleis næringslivet fungerer i den verkelege verda! Etter mange år som student var eg veldig klar for å sjå på ekte prosjekt og problemstillingar. Eg føler absolutt at eg bidrar med kompetansen min. Det er kjempekult, seier ho entusiastisk om livet som trainee i eit innovasjonsselskap.

Fekk ein ide

Lea får blant anna samarbeide med byggebransjen om å bli grønare. Her har ho bidratt til konkrete resultat.

– Eg fekk ein ide om at vi måtte starte i eit tidlegare ledd, at vi måtte begynne med dei som skal lære opp byggebransjen. «Kva med utdanningsinstitusjonane?», spurte eg mentoren min.

– Sett opp eit møte, var svaret eg fekk, ler ho.

Vil få folk saman

Møte vart det, og ballen begynte å rulle. No er dei i gang med søknad om midlar til utvikling av vidareutdanningskurs i berekraft retta mot tilsette i bygg- og anleggsbransjen og for lærarar i vidaregåande utdanning.

– Som Kunnskapsparken i Vestland fasiliterer, forklarar ho og smiler fornøgd:

– Det er akkurat dette eg vil få til: At vi får folk saman og snakkar i lag! På den måten trur eg vi kan komme langt.

Unik integrering

Som ny i Sogndal er ho glad for å vere del av Framtidsfylket sitt traineeprogram. Sikkerheitsnettet gjorde det tryggare å flytte så langt.

– Eg er glad for fellesskapet eg har med andre traineear, men også den støtta eg får på jobb som trainee. Å ha fagleg utfordring innan trygge rammer kjennest bra.

For Lea er dette ein heilt unik måte å bli kjent med ein ny region på.

– Eg hadde ikkje noko forhold til Vestlandet før eg vart trainee. Det gjer så masse meir med integreringa at vi blir tatt med til ulike plassar, får bli kjent med andre traineear og innsyn i næringslivet i Vestland. Du blir verkeleg kjend med fylket.

Og kva tenker ho no om Sogndal?

– Det var ikkje så lite som eg først trudde, humrar ho.

– Her er mykje kult å finne på, og det er ein stad med mykje bra initiativ. Eg kan godt bli her ei stund, avsluttar ho.

Topp tre for å trivast i arbeidslivet:

  • Relevante og utfordrande oppgåver.
  • At det både er rom for å ta initiativ og å vise usikkerheit
  • Hyggelege kollegaer du kan flire med på jobb.

Lea Myklebust er 29 år og frå Trondheim. Ho har ein bachelor i økologi og naturforvaltning frå NMBU og ein master i industriell økologi frå Chalmers tekniska høgskola. No er ho tilsett som trainee i Kunnskapsparken Vestland, som er del av Framtidsfylket sitt traineeprogram.

Sjå årets traineestillingar

Fleire saker