trainee Norec

Trainee

– Gøy når du får så mykje tillit

Dei har kontor i Førde, men heile verda som arbeidsplass. Aurora og Ane fekk tidleg ansvar som trainee.

Aurora Andersen (28) er del av årets traineekull i Framtidsfylket Vestland, medan Ane Norman Kjørslevik (29) var med i fjorårets kull. Begge jobbar i Norec, eit kompetansesenter for internasjonale samarbeid.

I haust hadde dei ansvar for å ta i mot og arrangerer kurs for 28 deltakarar frå Tanzania, Mosambik, Brasil og Norge. Eit stort ansvar for to som er ferske i arbeidslivet.

Skeptisk til traineestilling

– Eg skal innrømme at eg var skeptisk til ei traineestilling. Eg frykta at det vart for få utfordringar å bryne seg på. Som logistikkansvarleg for dette kurset har eg definitivt fått prøvd meg, ler Aurora.

Logistikk er nemleg ei av dei største utfordringane dei står ovanfor, spesielt når fly blir omdirigert og kommunikasjon kan vere ei utfordring.

– Det var to fly med internasjonale deltakarar som vart omdirigert frå Førde til Florø. Deltakarane kom frå Tanzania og hadde ikkje telefon dei kunne ringe med i Norge, så det var ein del utfordringar der, forklarar Aurora og legg til:

– Klokka tre om natta var alle omsider innlosjerte. Dagen etter skulle vi opp tidleg og halde kurs, men det gjekk overraskande bra.

Sjå traineestillingane for 2024/25 her

Lærer seg sjølv å kjenne

Dei ser på kurset som lærerikt, ikkje berre for deltakarane, men også for seg sjølv. Det gir dei sjansen til å forstå seg sjølv betre i møte med andre kulturar og under press og stress.

– Målet med kurset er å førebu deltakarane på arbeidsutveksling. Det er viktig å vere godt førebudd på ny arbeidskultur og bevisst på forskjellar.

Tilliten er eit kjempekompliment

Begge set pris på at arbeidsgivaren gir dei ansvar tidleg i karrieren:

– Det er gøy å vere ny i arbeidslivet når du får så mykje tillit. Det er eit kjempekompliment, seier Ane, som flytta heim til Førde for å vere trainee og no har vikariat i Norec.

Aurora, som opphavleg kjem frå Kvænangen i Troms, set pris på sjansen til ein internasjonal karriere frå ein liten by på Vestlandet:

– Det er litt klisjé å seie, men vi jobbar i Førde med heile verda som arbeidsplass.

Traineestillingar 2024/25